mandag 22. juni 2009

Ungenes aktivitets-sekk på bilferier

Når vi reiser på ferie (gjerne med bil eller fly), så har ungene mine med seg kvar si veske eller ein sekk med forskjellige ting dei kan holde på med på turen. Dei får ikkje vite innholdet før vi har begynt på turen (det skal vere ein overraskelse).. då først får dei åpne sekken sin og sjå kva vi har med. Nokre ting har vi alltid med, mens litt av innholdet er nytt. Og noko av det vi har med er kun med på ferier, som dei ikkje får leike med ellers


Oppi sekkane til jentene legg eg:


  • Tegnebok eller aktivitetsbok (gjerne ei lærerik aktivitetsbok og ei med prinsesser)
  • Fargeblyanter

  • Dei har kvar si mindre veske med små figurer (mine gamle kinderegg-figurer, prinsessefigurer m.m). Denne tar vi kun fram når vi er på ferie.
  • Bøker/blad (dei får velge ut nokre få bøker dei vil ha med seg, som eg legg oppi sekken deira eller eg velger nokre som eg veit dei vil like. Og kanskje eg kjøper eit nytt tegneserieblad til dei).
  • Mp3 spelar. Dei har kvar sin lille spiller, som dei fekk for nokre år sidan. Kanskje eg legg inn litt nye sanger og lydbøker om eg har.

  • Litt småspill. Nokre har eg i bagen, som vi sparer til vi er komt til dit vi skal. Mens dei får ha nokre i sekken sin, bla kortspill.



  • Og fra i år kjem også nintendo ds til å vere med i denne veska. Dei siste månedane har dei hatt ein ds på deling, men no når dei fyller år så skal eldstejenta få sin eigen og mellomstejenta få den som dei har delt på (dette har eg sagt at dei kanskje skal få, for å forberede mellomstejenta på at ho skal få den "gamle". Og begge ser fram til at dei kanskje skal få dette til bursdagane sine).
  • Litt frukt/grønnsaker, kjeks, littegrann snop og kvar si flaske med drikke.
  • Dei får velge ut nokre av leikane sine som dei vil ha med seg (alt etter kor god plass det er i sekken deira).
Minstegutten på 3 år har dette i sekken sin:

  • Tegnebrett (dette deler ungene på, men sidan han er minst så får han ha det i sekken sin og har førsterett på det- sidan jentene har så mykje anna).
  • Nokre bøker han liker (med biler, traktorer eller dyr i).
  • Litt kjeks, minigulrøtter, kanskje bittelitt snop .
  • Litt leiker, favorittleiker (biler, traktorer og kanskje litt dyr eller dinosaurer).
Vi har god erfaring med desse sekkane. Dei er alltid spente på kva sekkande deira inneheld når dei går inn i bilen og vi reiser avsted. Det er stas å finne litt nye blad, aktivitetsbøker eller ein ny leike. Og det er kjekt å få litt snop i sekken sin, sjølv om det er ein vanlig kvardag. Og det er også veldig kjekt å åpne veska med småting i (den har vi med oss stort sett alltid når vi skal på ferie). Vi har også eit par sånne "vesker" eller oppheng (kjem ikkje på kva det heiter) som heng på bilsete-ryggen til den foran dei. Der har eg kanskje lagt oppi nokre ekstra bøker, og så kan dei fylle den med litt av sine ting og tang.
Eg har tenkt på om vi skulle kjøpt DVD-spillere. Men det har egentlig ikkje vore behov for det, dei har klart seg godt uten. Eg vurderer kanskje å kjøpe det til jul, sidan vi reiser til Florida rett etterpå (og det er ein ganske lang flytur dit), men vi får sjå når den tid kjem.
I tillegg så har vi kanskje med ein sekk med duploklosser, nokre spel og ein pose med uteleiker- som vi finn fram når vi kjem fram. Uteleikane blir kanskje tatt i bruk tidligare om vi tar oss ei rastepause på vegen.

Dette innlegget er med i månedens tema hos Foreldremanualen: Reise med barn

4 kommentarer:

  1. Det var jammen lurt med ein sånn "overrasking-sekk" altså! Du er så kreativ! Spørs om eg og må ordne ein slik til klumpen min, sidan vi skal på tur med Dykk;D Og DVD-spelar ja, det kan nok vere ein ide på flyturane, men er der ikkje tv i flyet trur du? Men ja, ikkje alltid noko som er like spanande for ungane å sjå på kanskje..:) Eg må jo byrje å planleggje alt dette no i somar eg, no når eg faktisk har litt ekstra tid... Mot jul får eg nok mangel på tid på grunn av skulen og alt anna.. Jaja, vi snakkast i morgon du!!:D

    SvarSlett
  2. Tusen takk for koselig kommentar på bloggen min, det satte jeg pris på ❀ Du har jo en kjempefin blogg med masse spennende innhold ❀

    ang crocs, vi har nok det hele familien lol, får nesten ikke på storesøster noe annet hun elsker sine. ❀ Ha en strålende St. Hans feiring..

    SvarSlett
  3. Du er så gjennomtenkt...hehe


    Jeg pakker alltid med ting jeg også... mye samme innhold som deg ser jeg, men så gjennomtenkt???? ALDRI...hehe

    Her går alt på høgg og belegg.. :)

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)