tirsdag 31. august 2010

Prøver ut vårt nye tegnebrett

For eit par veker sidan kjøpte vi ein ny pc til heimen (sidan vi no også har barn som treng ein pc til bla. skulearbeid innimellom). Samtidig kjøpte eg eit Bamboo tegnebrett.

Vi har ikkje testa det ut så veldig mykje, men litt av grunnen til at eg kjøpte det er fordi det då kanskje er lettare å tegne på pc'en. Eg er ikkje så flink til å tegne, men kunne tenkt meg å prøve å lage min eigen grafikk og små tegna figurer på dataen. Tegnebrettet kan også brukes som ein erstatning til musa når man kjenner at hand og arm treng å skifte stilling.

kilde: wacom

Jentene liker å tegne med den i tegneprogrammet som fulgte med. Og det fulgte også med eit par andre småprogram som dei liker å prøve ut.

Mellomstejentas kunstverk. Det begynte med jenta (på det øverste bildet) til å bli mala over med både maling, spray og tubemaling :)

kilde: wacom

mandag 30. august 2010

Ungdommelig lesestoff fra 80- og 90 tallet

Her om dagen rydda eg i lesestoff som eg har frå då eg var litt yngre.
Eg var med i TL klubben, og hugser at eg likte å lese desse bøkene. No har eldstejenta begynt å lese dei :)


Vi hadde ikkje så stort utvalg av tv kanaler, så eg fekk ikkje sett nokre av dei populære ungdomsseriane som blei omtalt i bla. Topp og andre ungdomsblad. Men eg las ein del av bøkene...

Trekløveret- bokserien var også spennande lesing.

Tuppen og Lillemor, Starlet og Girls var også kjekt å lese

Og så likte eg New Kids On The Block, og då bladet deira kom ut så måtte eg jo selvfølgelig ha det :)

Nokre barneblad fra enda lenger tilbake


Dette Starlet'et trur eg at eg har kjøpt på ein brukt-bokhandel, for det kom ut før eg var født :)

Artig å finne fram desse gamle blada og bøkene, dei bringer tilbake mange fine minner. Rart å sjå tilbake og minnes at eg faktisk las ganske mykje den gongen. Etter at ungane mine blei født har eg knapt lese ei heil bok/roman. Spent på om ungane mine kjem til å lese like mykje.... Eldstejenta er godt i gang med å lese både Pennyklubb-bøker og TL-klubb bøker som eg hadde då eg var yngre.

søndag 29. august 2010

Ein fugl i handa...

... er bedre enn ti på taket (seiast det)...
Denne lille svale-ungen hadde fallt ut av reiret sitt, stakkars. Så mannen tok stigen fatt og fekk lagt den på plass igjen, høgt opp under låvetaket.
10 åringen vår fekk lov til å holde den litt først.

torsdag 26. august 2010

Gøy med minikort

Etter å ha laga mange kort i stor størrelse fekk eg lyst å prøve meg på eit litt mindre format. Og då eg kasta emballasjen til nokre søte klistermerker i papirbosset, tok eg meg sjølv i det, for uttapå emballasjen (i kartong) var dei samme bilda som var på klistermerka! Skjønne, små barnefigurer.

Eg tok emballasjen opp att av papirbosset mitt. Det at dei var i kartong gjorde at dei passa perfekt til å bruke på minikort. Eg pynta korta litt, satte 3D puter under figurane som eg klippte ut, og satte dei på korta.

Korta har størrelse 7,2 cm x 7,2 cm


Det var kjekt å lage kort i eit lite format, så det blir nok fleire av desse. Og med sånne søte motiv så blei eg ganske fornøgd med minikorta mine :) Enkle og fine.

tirsdag 24. august 2010

Ein liten gårdsgutt som elsker å hjelpe til

Minstemann elsker å vere ute sammen med pappaen eller bestefaren, og hjelpe dei med å "jobbe". Her hjelper han bestefar med å få veden under tak sånn at vi har mykje å ta av når vinteren kjem. Først måtte han berre ha seg litt jordbær (øverste bildet)....

søndag 22. august 2010

Tid til hobbyer

Eg er ikkje den som scrapper mest, eller lager massevis kort.... Nokre gonger føler eg at eg burde ha gjort dette så mykje meir enn det eg faktisk gjer. Men der er ikkje alltid nok tid.

Men etter å ha tenkt meg om så gjer eg jo faktisk noko hobbyrelatert ganske ofte. Data er jo ein hobby- der eg bla. liker å sjå i blogger for å få inspirasjon og ideer. Eg lager fotobøker. Redigerer bilder. Og blogger...

Innimellom scrapper eg. Ein gong iblandt så lager eg kort. Men eg bruker også tid på å lage pynt som eg kan bruke i scrapping, kortlaging eller til bildene eg har tenkt å lime inn i album.

Den siste månaden har eg laga ein god del kort (til meg å vere), sidan eg har fått bestilling på ein del stykker. I samband med det har eg stempla opp massevis av stempeltrykk- mange fleire enn eg faktisk treng. Men det er kjekt å ha det klart til eg treng det. Eg har også fargelagt ein del stempeltrykk.

Eg har laga stoffblomster. Eg har stansa ut masse diecuts både med cuttlebug og silhouette'n min.
Og så prøver eg iblandt å lære meg å hekle.

.. og eg liker det. Så sjølv om eg ikkje får "scrappet" så mykje som eg tenker at eg vil, så gjer eg jo faktisk mange andre koselige hobbyrelaterte ting også :)

I forrige veke vart eg ferdig med ei fotobok eg har holdt på med lenge (no har eg berre 2-3 påbegynte eg skal gjere ferdig)- det gjorde godt.
I går og i dag har eg laga 3-4 nye kort og lest eit par inspirerande artikler i scrappeblogger (innimellom bla. husarbeid, familietid og gåtur).
Så eg FÅR jo faktisk gjort noko ... innimellom og heile tida... litt etter litt... :)

Dette vart litt tankespinn før det var natta og ei ny veke begynner.

lørdag 21. august 2010

Bryllupskort med heimelaga blomster

Dette bryllupskortet laga eg og ga vekk forrige helg. 
Blomstrane har eg "puncha" (/stansa ut) av mønsterpapir, og satt perler i midten.

Inni kortet:
Eg har brukt ein "border-punch", med små hjerter, på den lyse kartongen for å lage ein fin kant.
Figuren er ein Quickkutz-dicut.

"Sider"

Eg måtte prøve ut dette med "sider" og har lagt inn eit par sånne øverst i bloggen min; "Familieferie" og "Hobby og Scrapbooking for små og store". Der har eg laga ein oversikt over ein del av innlegga eg har skreve om desse emna. Mest fordi eg sjølv liker å ha ein oversikt over sånt :)

torsdag 19. august 2010

Våre "kreativ dagbok"-sider

Ei av mine sider: Eg synest det er veldig koselig å telte, men eg har òg litt lyst på ei campingvogn også. Så eg laga denne sida med positive og litt mindre goder sider med både telting og campingliv.

Som sagt så var eldstejenta den som var flinkast til å bruke den kreative dagboka si:

Denne handla om kva som var kjekt å gjere på i Bø Sommarland

Sida hennar om Langedrag

Sida som eg viste i forrige innlegg, men her med ulike rammer rundt bildene. 
Til kvar side ho laga så ga eg ho eit tema, og kanskje også ein teknikk/pyntemåte ho skulle ha med. Oppgåva her var å lage ulike rammer til bildene.
På nokre sider fekk ho bestemme alt sjølv, men ho syntest det var kjekt å få litt "oppgåver" og tema også.

Eg ba ho lage ei side om sine favorittiser, og ho ville ha med favorittbrusane sine også :)


"Eg likar sommaren fordi..."

"Ting eg drøymer om..."

Eg er imponert over alle dei fine sidene ho laga. Mellomstejenta syntest også det var kjekt, men tok ikkje seg så mykje tid til å holde på med boka si som det eldstejenta gjorde.
Neste år skal vi ta med oss desse bøkene på ferie igjen, for der er mange fleire sider å "vere kreativ" på ;)

mandag 16. august 2010

Vi laga "kreative dagbøker"/art journals på ferie

Det var artig å holde på med dei kreative dagbøkene på ferien. Eldstejenta var nok den som likte det best og var flinkast til å lage nye sider nesten kvar dag.


Her er ei av sidene ho holdt på med. Då vi hadde vore på Langedrag tok vi med oss nokre brosjyrer som vi kunne klippe ut av, og her har ho klippt ut av nokre av dyra vi såg.

Litt vanskelig å sjå kanskje, men her har mellomstejenta bla. tegna ein hest som ho såg på Langedrag.

Ho klippte også ut litt dyr fra Langedrag-brosjyra

Eit "kreativt" bord :)

Minstemann laga også eit par sider i boka si. Her skulle han tegne seg sjølv...

Dette er ei av sidene i boka mi

Eg ville bla. bruke boka mi til å øve meg litt på å tegne, prøve litt nye teknikker o.l. Så her er nokre kawaii-søtinger eg tegna. 
Eg er ikkje så kreativ at eg kjem på så mange figurer å lage, så eg hadde nokre å sjå etter til å begynne med. Men når eg hadde sett etter nokre fann eg etterkvart på nokre sjølv ;)

Gjesteblogginnlegg for foreldremanualen

Det nyeste gjesteblogger-innlegget eg skreiv for Foreldremanualen handla om våre gamle og nye papirdukker.


Og tidligare i sommer skreiv eg innlegget om nokre artige stensiler som ungane kan tegne med.

onsdag 11. august 2010

Bø Sommarland

I tillegg til Langedrag, så var vi også ein tur til Bø Sommarland i ferien. Sist vi var der så var eldstejenta 5, mens mellomstejenta var 2 så då holdt vi oss mest ved eit par barnebasseng og ved leikeområda. 


I år hadde vi ein 10-åring, ein 7-åring og ein 4-åring. Dei to minste bada i barnebassenga og prøvde seg i den minste sklia (bildet ovanfor). Mens eldstejenta prøvde den litt lengre sklia (den til høgre) i tillegg til eit par andre og meir spennande sklier.

Unger elsker jo å bade, så dette badelandet passer bra for både små og store badeløver :)

Men i tillegg til alle vannland, sklier og badebasseng så var det også andre ting å finne på for dei som ville ha seg ei pause fra det våte element.
Bla. ei lita og ei stor Tarzanløype ...


Mammuter og dinosaurer...
Tivoli... der man kunne ta karusellane om att og om att uten at det kosta noko. Eg har ikkje tal på alle rundene vi tok med pariserhjulet før ungane syntest det var greit at vi gjekk av :)




Eldstejenta besteig dette "klatrefjellet"...

Koselige små hus med vinduer man kunne titte inni, og sjå på eventyrfigurane som befann seg inni huset.


Og også store og små leikeanlegg. Her var det mykje gøy!!

Før vi gjekk ut av parken tok heile familien seg ein padletur- det var koselig! Mannen og to av ungane i eine kajakken, mens eg og ein av dei i ein anna. Det er ikkje ofte vi er på padletur ilag ;)

Bø Sommarland er ein koselig park med mykje å finne på. For dei med større barn enn våre, så er det kanskje mest aktuelt med alle bassenga og dei store skliene. Mens for oss så passa den så godt fordi ungane fekk bade så mykje dei ville i tillegg til å prøve ein masse andre små og større aktiviteter rundt om i parken.