Ein kan trygt sei at livet mitt blei heilt forandra då eg fekk barn. Greit nok at eg jobba i barnehage og fekk ein liten bit av barnas verden der, og eg fekk kjenne på følelsen av omsorgen ein føler for dei små i barnehagen og også kor glad ein kan bli i dei. Men det kan jo ikkje måle seg med det å vere mamma og det å ha det heile og fulle ansvaret for andres liv.
Eg begynte å tenke at sjølv om eg har eit mammaliv og ei mammarolle, så har eg jo også mange andre roller i livet mitt (som bla. kone, datter, ansatt, kollega, venn) og eg har mange interesser utenom det å vere mamma. Men ved nærmare ettertanke så har alle desse rollene og interessene blitt meir eller mindre prega av at eg har blitt mamma.
Eg føler at eg har litt fri fra mammatilværelsen når eg td. scrapper, ser på tv, leser blad og surfer på nett. Og ja... eg har gjerne litt tid for meg sjølv uten at ungene er rundt meg... men grunnen til at eg begynte å scrappe, var ungene mine. Grunnen til at eg i det heile tatt begynte å ta så mange bilder og lære meg meir om fotografering var ungene mine. Noko av det eg liker best å sjå på tv har med familieliv å gjere. Bladene som eg abbonerer på (Mamma, Foreldre & Barn og Creating Keepsakes) og leser oftest har med mammalivet å gjere. Og når eg er på nett er eg ofte innom sider som har med barn og mammaliv å gjere. Faktisk var det då eg blei gravid første gongen at eg begynte å interessere meg for internett og å finne informasjon om den nye tilværelsen der. Mange av dei eg "kjenner" på nett kjenner eg fordi eg har blitt mamma.
Eg føler også at eg har fri fra mammarollen når eg er med venner og på jobb. Og ja... eg har litt fri fra det å utføre mammarollens plikter- men fri fra mammatankene blir ein aldri, dei er der heile døgnet. For det eg snakker mest om med vennane mine er ungene våre, og når eg er på jobb tar eg med meg erfaringer fra jobben heim og også erfaringer fra mammalivet inn i jobben min som Barne- og Ungdomsarbeider. Det at eg også jobber berre 40 % er også eit resultat av at eg er blitt mamma og ønsker å ha tid sammen med ungene, samtidig som at eg også treng å komme meg littegrann ut av huset for å vere i ein litt anna verden for ei lita stund.
Og så var det hus og heim da... Og der har jo alt blitt påvirka av det å få barn. For det første flytta eg ut på bygda til ein gård for å bu sammen med min kjære- det er vanskelig å sei om det hadde blitt sånn om eg ikkje hadde blitt gravid den gangen. Og "jobben" som husmor er i sterk grad påvirka av dei små. Husarbeid må ein gjere både når ein har barn og ikkje, men utforminga av heimen (rom, interiør og løsyinger) og mengden av ting vi har bærer veldig preg av at vi er to store og tre små i heimen vår. Nokre gonger drøymer eg om å ha eit perfekt rydda og reint hus heile tida- men eg må innrømme at eg føler at eg ikkje har komt inn i skikkelige rydde- og vaskerutiner enda. At det å vere småbarnsmor med 2,5- 3 år mellom kvart barn har gjort til at husarbeid, rydding og organisering ikkje har vore høgste prioritet og det derfor har hopa seg litt opp rundt omkring. Og når eg endelig har fått kontroll på eit rom eller to, så tar det ikkje lang tid før det hoper seg opp ein anna plass. Men no når minstemann nærmer seg 3,5 år synest eg at eg får meir tid til det meste; meir aleinetid, meir tid til husarbeid, meir overskudd og meir tid til alle mine små (minstemann må ikkje alltid få dekka sine behov først)...
Og så var det bloggen min da... som eg i begynnelsen hadde tenkt at skulle brukes som scrappeblogg. Men naturlig nok har den også utvikla seg og fått fleire og fleire kategorier, og må nok no sjåast på som ein mammablogg. Ein blogg som handler mykje om meg som mamma- og selvfølgelig også andre ting som har med livet mitt å gjere, men dei er nok ofte prega av at eg er blitt mamma dei også.
Livet mitt hadde jammen vore tomt om eg ikkje hadde fått barn. Eg hadde nok ikkje visst om at det var så tomt, og eg hadde nok hatt eit fint liv likevel. Men når eg tenker på kor mykje det å få barn har påvirka heile livet mitt, så ser eg no at det å bli mamma har gitt meg mykje. Det har gitt meg meir bekymringer og dårlig samvittighet, men også mykje mykje meir glede og eit heilt anna meiningsfullt liv.
Ser du har tenkt mykje og godt her ja, og alt stemmer jo på ein prikk!:)
SvarSlettInteressant og veldig godt skrevet! Det er nok slik at mammarollen infiltrerer de fleste aspektene av livet vårt, uten at vi merker det. ;-)
SvarSlettja det å være mamma er absolutt den viktigste rollen i livet!!! flott skrevet...og tre nydelige barn du har:)))
SvarSlettklem fra tara...
For noen nydelige barn du har :)
SvarSlett