mandag 30. november 2009

God hjelp med kakebaksten


Jentene elsker å få vere med på å lage mat, derfor var det stor stas å få vere med på å lage årets ristopper. Eldstejenta var på juleverkstad, og då fekk mellomstejenta den gøyale oppgåva. Ho var med på dette i fjor også- og med dreven hand piska ho egg og sukker, og fyllte muffinsformene med sjokoladedekkte gryn.



Når ho står sånn så ser eg kor høg ho er blitt. Det er sånn innimellom... at eg tenker at no har ho (eller søskna) blitt så store. Det føles som om dei veks i rykk og napp (noko dei gjerne gjer). Småbarnspreget forsvinn meir og meir, og den lille ungen blir meir og meir ei JENTE.


lørdag 28. november 2009

Nissen i grautskåla


Dette skjønne settet med tallerken og krus kjøpte eg til jentene for 5-6 år sidan (på januarsalg). I fjor fekk vi ikkje brukt dei, men no i år har vi tatt dei fram igjen. Eldstejenta og mellomstejenta fekk eitt sett kvar, så i år må vi la det gå litt på rundgang sånn at også minstemann kan få prøve det.
I dag var eldstejenta på juleverkstad, og det var derfor stor stas for dei to minste å få ete av desse tallerknane då vi åt graut i dag.
..og midt i fatet står ein liten nisse som viser meir og meir etterkvart som dei små et opp grauten sin.

Adventsstemning på kjøkkenet



Med julegardinene og juleduken på plass, kjem også den koselige førjulsstemningen ♥
Eg er veldig glad i julegardinene mine (kjøpt hos Ellos for nokre år sidan), og juleduken er også akkurat sånn som eg vil ha den (rød med snøfnugg).


Veggen oppanfor benken har vore tom sidan vi fekk nytt kjøkken for nokre år sidan, og eg har lurt sånn på kva eg skulle ha der. Men då eg hadde Casa-party fann eg denne hjerte"ramma" som passer perfekt til bilder og kort. No når eg ser den på dette bildet kunne den kanskje ha vore plassert litt annleis- men pytt. ..Den fungerer fint der den er- og eg er så glad for å endelig ha fått noko på denne tomme plassen.
I morgon kjem også adventsstaken og eit lite juletre på plass.


Ipod touch ♥


Når vi skal til Florida så ønsker eg å ha med meg ein del info som eg har lagra på pc'en, og istedenfor å måtte printe ut ei heil "bok" med info så har eg kjøpt meg denne flotte, lille saken ♥
No har eg funne ein del flotte apps (program), og eg skal også fylle den med litt filmer og musikk som kan gjere flyturen litt kortare :)

tirsdag 24. november 2009

Frost

For eit par veker sidan var det kaldt. Vi har mista sola for i år og derfor føles det kanskje litt ekstra kaldt når eg ser ut glaset. Det er mørkt pga at fjellet lager skygge over landskapet og frosten dekker det meste.
Vi ser såvidt at sola skin på fjelltoppane, men det hjelper ikkje oss som bur her i skyggeland. Sola gjer at det føles enda kaldare og mørkare her som vi bur...

Himmelen er blå og sola skin, men hos oss er det mørkt og kaldt.... Det er faktisk lysare hos oss når det er lettskya og sola ikkje skin gjennom skydekka. Då er dagslyset likeins overalt.

Men det er fint òg...
Når bakken og alt anna er dekka med kvite frostkrystaller.
Når ungane fryder seg, fordi det har komt noko som likner på snø, og det går såvidt an å ake og å gå på ski.


Og det er med dei kalde og mørke skuggane, som med regnet som har prega høsten... vi kan ikkje gjere noko med det. Ein kan ikkje la det plage seg, for det har inga hensikt. Ein må heller finne dei små og store lyspunkta i kvardagen. Desse tinga som vi kanskje ikkje tenker over, men som betyr så mykje.





Winter is the time for comfort, for good food and warmth, for the touch of a friendly hand and for a talk beside the fire:  it is the time for home.  ~Edith Sitwell


I am grateful for the lawn that needs mowing, windows that need cleaning, and floors that need waxing because it means I have a home.  ~Author Unknown

mandag 23. november 2009

Førjulsstemning




Time flies....eg vart overraska då eg såg at det nesten er ei veke sidan sist eg skreiv noko her.... Men dagane har bla. gått med til jobbing, kakebaking, besøking, julegavehandling og adventskalenderinnpakking. Dei fleste julegavene er i boks, og kalendergavene til mine små ligg klare til å bli hengt opp på kalendarane.


Førjulssteminga kjem sigande. Då vi baka kakemenn og pepperkaker i helga, satte mamma på julemusikk. Eg hadde egentlig tenkt å vente med sånn musikk til desember, men kvifor vente? Det gjer ingenting om vi begynner så smått no, for julemusikken er like fin og koselig å høyre på heilt fram til julafta. Faktisk synest eg at ganske mykje er ekstra koselig FØR julafta; som å høyre julemusikk, drikke julebrus eller gløgg, smake på julekaker, nyte julepynten og julestemningen. Og etter julafta blir magien litt borte, samtidig som at vi då nyter julefreden og at dagane blir roligare ♥

I år blir det jo litt annleis sidan vi reiser til Florida i romjula. Vi kjem til å pynte heimen litt tidligare enn vi pleier, og vi har endå meir å gle oss til (og forberede).

tirsdag 17. november 2009

Kva brukes sofaen til?


Vi bruker sofaen til å sitte i og til å slappe av i. Nokre gonger blir den kanskje hoppa i også (sjølv om det egentlig ikkje er "lov")... Her i huset er sofaen faktisk i bruk nesten heile dagen når minstemann er heime. Eg har egentlig ikkje tenkt noko over det. Men etter å ha vore på besøk rundt omkring, der minstemann gjerne leiker med traktor og biler i sofaene der også, så har det gått opp for meg at det kanskje ikkje er så vanlig akkurat dèt... Nokre er kanskje ikkje så glad i at sofaen blir brukt til sånn leik...

Minstemann køyrer fram og tilbake i sofaen, med traktorer og biler. Han køyrer på armlenene, og laster av og laster på traktoren og dei andre køyretøya. Dette er vi vant til. Når vi får besøk så må eg ofte rydde vekk alle køyretøya som står i sofaen før gjestane kan sitte.
Men dette skal han få forsette med. Han har funne den plassen han liker best å leike med traktoren sin på, og det er heilt i orden. Så skal eg heller prøve å forklare han, når vi skal på besøk, at nokre helst vil at man skal leike på golvet :)

Kva bruker du sofaen din til?
(Eg må jo nevne at eg legg sammen reine kle i stua, og derfor ligg det innimellom ein haug eller to med reine kle i sofaen. Men eg prøver å ikkje la haugane ligge så alt for lenge...)

Fine hobbysett for barn


Då eg var innom KID forrige dagen fann eg nokre søte hobbysett til ungane. Desse kjem dei til å like å lage/male... enten til seg sjølv eller for å gi vekk til nokon til jul. Desse kan også gis vekk til jul, til unger som set pris på ein aktivitet å holde på med i romjula :)

Hobbysett med julefigurer (nisser og engler) i gips (?)

Dette settet med nissejenter likte eg ekstra godt. Skulle gjerne hatt fleire, men dei hadde berre ein pakke igjen. Eg hadde nok klart å finne produkta eg trong og lage dei likevel, men så er det så greit når alt ligg klappet og klart i ein sånn pakke. Dei hadde andre hobbysett også...

søndag 15. november 2009

Jentetur til frisøren (og hår som pulverheksa)


I dag var eg og jentene i by'n for å klippe oss. Mannen og minstemann klipper seg som oftast med maskin som vi har heime (veldig greit! Har spart mykje på det..), mens det kan vere greit for oss med lengre hår å la frisøren få klippe oss innimellom.

Mellomstejenta (på bildet over) har vanligvis helst villa ha håret litt kort, for ho er ikkje så glad i å børste seg. Og vanligvis har ho håret hengande laust eller har eit hårbånd i det. Heldigvis har eg no, oftare enn før, fått lov til å sette strikk og klemmer i det når vi skal i selskap o.l
Men i dag var vi blitt enige om at ho skulle prøve å ha litt lenger hår, så frisøren klippte det berre litt i kantane og klippa det litt opp.
Frisøren sa også at "ho hadde ein nydelig hårfarge" ♥ Og det har ho... nesten som englehår...
Ho syntest det var stor stas å få rosa stripe i håret!


Eldstejenta, derimot, vil heller ha langt hår og vil aller helst ikkje klippast. Men innimellom treng tuppane ein klipp... Ho fekk glitter i håret etterpå, og eit par små fletter :)


Eg har også langt hår... vanligvis er det ganske flatt og kjedelig (synest eg)... men om eg jobber litt med det så kjem det fram ein anelse fall i det. Dette bildet er tatt for ei stund sidan- rett før eg klippte meg forrige gong eg var hos frisøren. Det var kanskje like langt denne gongen, og då er det deilig å få klippa av ein del centimeter så det kjem litt lenger opp på ryggen :)

Eg fekk ein koselig kommentar fra ein av ungane i barnehagen der eg jobber; "Du har sånt hår som pulverheksa" - og det tar eg som eit kompliment. Og kanskje det faktisk er noko i det...


pulverheksa

lørdag 14. november 2009

Neet's konkurranse


Neet har ein konkurranse på bloggen sin der du kan vinne søte juleting, les meir om konkurransen her

Ungane pynter med decoupage (gavetips)

For nokre år sidan pynta eldstejenta kopper som vi ga vekk i julegaver. Ho fekk klippe ut dei motiva ho sjølv ønska (av servietter).
Først lakka vi koppen med decoupagelakk, deretter satte ho på figurane ho hadde klippa ut, og til slutt tok vi over eit par lag med decoupagelakk igjen.

Eg skreiv på jentas navn + året ho laga koppen.

Det samme året dekorerte eg gjennomsiktige julekuler og sukkerskåler på samme måte, og ga dei vekk i julegaver.

Ein av ungane dekorerte dette glasset (med serviettmotiv) i barnehagen, og så fekk vi det i presang.

torsdag 12. november 2009

Ei barnebok med nydelige bilder


Tippi fra Afrika er ei nydelig barnebok som eg fann på jobben ein gong. Den er fyllt med mange flotte og fantastiske bilder, og med historien om Tippi som vaks opp blandt dyra i Afrika. Foreldra hennar er naturfotografer, og derfor fekk ho oppleve desse dyra ,og også menneska som budde der, på nært hald.
Eg leita ei stund før eg fekk kjøpt denne sjølv,  men då eg søkte på nettet istad fann eg den på fleire plasser.

Jentene mine har hatt stor glede av denne boka, det samme har eg...

Eg fann også ulike videoklipp på nettet som eg gleder meg til å vise jentene. Det er jo litt artig å sjå denne ho live.. denne jenta som er med på alle desse fine bilda, og som har imponert oss med alt ho har fått vere med på og oppleve.




Her kan du lese meir om boka, og nokre anmeldelser:
Bokkilden- Tippi fra Afrika

tirsdag 10. november 2009

Favorittmotiv for tida; fugler



Som eg skreiv i eit par tidligare innlegg så har eg nokre fugler utanfor huset, som flyr litt fram og tilbake om formiddagane. I dag gjekk eg ut for å ta litt bedre bilder av dei. Eg tok massevis av bilder av denne fuglen mens den sat i eit tre.. litt for seint oppdaga eg at eg burde ha brukt blitzen (sidan eg tok bilder i motlys *kremt*).  Kanskje eg klarer å redigere dei sånn at eg blir fornøgd, eller kanskje det byr seg ein ny sjanse til å ta bilder av desse søte fuglane.


Fekk iallfall tatt bilde av min lille venn, som satt i eit tre og titta rundt seg.
Dette er nok mitt favorittmotiv for tida. For ein måneds tid sidan var det høstfargane eg prøvde å "fange", mens no er det fine fuglebilder eg ønsker. Fint at dei flyr innom med jevne mellomrom så eg får øvd meg litt ;)

mandag 9. november 2009

Farsdag i skogen


I går gjekk vi ein liten tur opp i skogen for å ete lunsj. Mannen såg kurven eg hadde med meg, og tenkte kanskje ikkje på at eg hadde noko anna enn sitteunderlag og fotoapparat oppi den... men då vi hadde ete litt av nistematen vår tok eg fram farsdagskaka eg hadde gøymt nederst i kurven. Han sa at han hadde ikkje ete sånt i skogen før, så det var koselig at vi klarte å overraske han litt.


Da fedre ble til
var tanken ganske klar
for fedre har no' i seg
som ingen andre har.

De har fått kraft og styrke
for og verne sine hjem.
De er litt lekelystne
og blir rørt av barnas klem.

Derfor har vi fedre
og vi er sikre på
at noen bedre far en DEG
det kan vi ikke få !


lørdag 7. november 2009

~Eit glimt frå vår lille Duplo-verden~



Eg og dei to minste laga ein liten duplo-dyreverden i kveld.


Eg ha vunne ♥



Eg har vunne eit garnnøste i bloggen Tankar frå ein kvardag , så kjekt ♥
Ho tar så nydelige bilder, så eg lånte dette bildet med navnet mitt på, derifrå.


Og denne har eg heilt gløymt å vise! Denne søte gaven fekk eg fra Vigdis (telys og ein pakke blåbærte) ♥

fredag 6. november 2009

Nye heste-wallies på barnerommet


Desse heste-wallies'ene fann eg hos Panduro. Dei kom i eit sett på tre stk, så eldstejenta fekk to på rommet sitt og så fekk mellomstejenta ein på rommet sitt. Vi måtte rydde litt i plakater og andre ting som var hengt opp på veggen, men vi fann ein passande plass til dei til slutt. No kan ho ligge på hodeputa si og sjå på dei flotte heste-siluettane :)

Har pynta juletre


Eg har pynta eit par juletre på nettet- artig å prøve ut litt ulike kombinasjoner av farger og pynt.
Du kan pynte ditt eige juletre i IKEA juleskogen

torsdag 5. november 2009

Minner fra babytid, og amming vs flaske


For 3 1/2 år sidan var eg nybakt trebarnsmamma.
På den tida var det den lille babyen, og babyens mat og vekt som var i fokus.

Mi førstefødte blei amma til ho var 1 år. Vi hadde litt startproblem, og ho hadde fleire perioder der ho var lei av å bli amma og ikkje var interessert. Derfor blei det til at eg brukte handpumpe innimellom, og då ho var eitt år nekta ho å bli amma noko meir.
Baby nr 2 var roligere. Ho sov mykje meir enn den førstefødte, og amminga gjekk som ein draum.
Men så kom nr 3.....

Ein kvardag med flaske- og pumpevask. Og mykje morsmelk i omløp.

Vi hadde litt startvansker denne gongen også, men eg trudde at sidan eg hadde komt meg gjennom ein vanskelig start med førstefødte. Og når det gjekk så fint med nr 2, så ville det gå seg til med tredjemann også. Men eg tok feil.
Han ville ikkje ta skikkelige tak.
På første veging på helsestasjonen hadde han gått alt for mykje ned i vekt, og melkemengda mi hadde blitt redusert.
Derfor fekk han litt morsmelkerstatning ein periode, mens eg pumpa meg med handpumpe for å øke melkemengda mi. Vi prøvde forsatt å få til amminga. Det gjekk dager, veker og måneder der eg prøvde å amme men sjeldan med hell. Derfor måtte eg forsette å pumpe meg sånn at han kunne få morsmelk på flaske.

Den første grauten (i koppen), og byttet fra Nan1 til Nan2

Eg prøvde det meste, prøvde ulike metoder, og var også i kontakt med ammehjelp. Men til slutt sa ho at vi var komt til eit punkt der det ikkje var noko meir å gjere. Så då begynte eg å kun pumpe meg, og gi han morsmelk på flaske.
Eg stod opp om natta og ga han flaske, før eg så satte meg for å pumpe ein times tid... Eg satt også i mange timer om dagen med dette.
Før eg fekk tak i dobbelpumpe tok pumpinga+ flaskemating nesten heile døgnet mitt, men det kom seg litt då eg fekk muligheten til å dobbelpumpe.
Det tok også litt på at mannen jobba mykje skift på denne tida, og det kunne vere ei utfordring å få til td. flaskemating, pumping, stell av jentene, frukost, flaskemating igjen, køyring til barnehage, og så heim for å pumpe igjen o.l

Når eg no ser tilbake på den tida, tenker eg på det som ei ganske så travel tid. Og hadde det ikkje vore for at mannen stillte opp når han var heime, og at eg hadde god hjelp av mine svigerforeldre (med pass av ungane)- så hadde det nok ikkje gått. Men når eg var midt opp i det, så gjekk det jo fint sjølv om det var litt hektiskt og tårevått innimellom. Eg valgte det jo sjølv, og eg hadde sikkert gjort det samme igjen om eg hadde måtta.
Eg såg også på det som ein fordel at eg hadde vore gjennom babytida eit par gonger før. Eg visste at sjølv om det var hektisk det første året, så ville det komme til å roe seg. Eg klarte å sjå meir framover enn det eg gjorde då eg gjekk heime med mi førstefødte.

Ein liten gutt som blei trøtt av å vente på at mammaen, som satt ved sidan av, skulle bli ferdig med å bruke den ikkje-akkurat-stillegåande maskina

Eg brukte litt morsmelkerstatning innimellom, men det første halve året fekk han mest morsmelk (og litt graut etterkvart). Eg kunne jo ha valgt å gi han kun erstatning, men noko i meg ønska virkelig at han skulle få morsmelk sånn som søstrene hadde fått. For eg hadde jo ikkje problem med å ha nok melk egentlig. Og så er eg nok litt sta, eg liker ikkje å gi meg så lett.
Då han var 7-8 måneder avslutta eg pumpinga gradvis, og han fekk meir morsmelkerstatning og graut/grønnsaker. Grunnen var at vi skulle til syden då han var 8 måneder, og eg ikkje ville holde på med alt dette mens eg var der nede. Men eg hadde eit lager med morsmelk i frysen, og han fekk derfor eitt måltid om dagen med morsmelk fram til han var 13 måneder.

Denne LO'en er ein av dei første eg har scrappa (er derfor ikkje heilt fornøgd med den), og den viser korleis vi prøver å få til amminga... men det medfører berre skrik. Så får han smokken mens melka på flaske varmer seg. Og etter å ha kosa seg med ei flaske melk så smiler han, er glad, og alt er berre velstand.

Barnas heimelaga telysestaker


Heiter det telysestaker forresten? Eg kjem ikkje på andre ord for det, men kanskje du har eit anna ord på sånne?
Nokre av desse har vi laga her heime, mens nokre er laga på barneforeninga som vi er med på. Først støyper vi formene i gipsformer og så har ungane malt dei.
Det er trivelig å tenne lys (spesielt i desse flotte telysestakane!) no når det er blitt så mørkt om kveldane ♥
Og desse er også fine å gi vekk jul ♥

Silhouette giveaway



Ein kan skjære ut mange fine figurer og alfabet til LO'er, album og andre papirprosjekt med ei Silhouette-maskin. No har Silhouette fått sin eigen blogg: http://silhouettemachine.blogspot.com/ og dei håper å få 500 følgere innen mandag. Dei som blir med i konkurransen er med i trekninga om eit gavekort (der ein kan laste ned figurer) for ein sum av $50.
Så om du har denne maskina, vurderer å kjøpe ei, eller rett og slett berre liker bloggen deira; bli ein følger du også :)