fredag 31. august 2012

Gir bort verdikoder til gratis barnebokapp (Troll Olav)

For eit par måneder sidan anmeldte eg boka Trolljakten (både sjølve boka og bok-appen) for Foreldremanualen, og denne gongen skal eg få gi vekk 5 gratiskoder til barnebokappen som heiter Troll Olav. Denne kan brukes på Iphone, Ipod og Ipad.

6 åringen min likte appen veldig godt, og etter å ha hatt den i nesten 3 måneder så bruker han den fortsatt mykje. Du kan lese anmeldelsen min her: Bokanmeldelse: Trolljakten bok og app.


For å vere med i konkurransen må du skrive ein kommentar til dette innlegget, og "rate" boka i App Store dersom du vinn.
Det er fint om du skriver mailadressen din også sånn at eg raskt får kontakt med dei som vinn (kodane må nemlig brukast innan 20.09).

Konkurransen varer til t.o.m søndag 09.09. Viss det er fleire enn 5 som melder seg på kjem eg til å trekke vinnarane.

Litt meir om boka og appen:
Boka Trolljakten finst både i bokform og som app. På cessa.no er ei oversikt over kor man kan kjøpe boka. I App Store heiter boka Troll Olav (klikk på navnet for å komme dit), og du får både engelsk og norsk versjon i samme appen. Du kan også velge om du vil lese sjølv, eller få ein forteller til å lese den for deg. 


lørdag 25. august 2012

Project Life for baby og barndom + inspirerende linker

Eg blir meir og meir glad i Becky Higgins' Project Life- produkt. Og no har ho nylig publisert smakebiter fra fleire av hennar nye serier, bla. tre babyserier (ein til jente, ein til gutt og ein nøytral) og ulike serier som passer til å scrappe barndommen på ein enkel og fin måte.



Click here to buy Project Life in Europe
Ved å klikke på banneret så kjem du til nettbutikken eg bruker. 
Nettbutikken der vi fra Europa kan kjøpe Project Life


Eg blir litt ivrig og vil jo dele denne fine måten å lage flotte album på med flest mulig. Eg snakker ofte med vennane mine om denne, men dei er ikkje så interessert som eg sjølv er. Men eg kan jo dele det her :)

Becky Higgins' blogginnlegg med bilder og video:

Fleire inspirerande blogginnlegg (eg legg dei her så eg finn dei lettare når eg treng dei):






Project Life on Shutterfly (digitalt Project Life)


Bildene er lånt fra beckyhiggins.com

onsdag 22. august 2012

Project Real Life

Project Real Life er eit online kurs som Becky Higgins held fra oktober til desember hos Bigpictureclasses.com. Sidan eg liker Project Life og Becky Higgins så vurderer eg å melde meg på dette. 


Viss du vil lese meir om kurset kan du besøke desse linkane:
Project Real Life Registration is open - her er mange spørsmål og svar på kva kurset går ut på.
Big Picture Classes: Project Real Life - her kan man melde seg på
Verdikupong eller rettare sagt ein kode man kan bruke så man får 10 % avslag på dette eller eit anna kurs hos Big Picture Classes.


søndag 19. august 2012

Eg har prøvd Oral B Trizone 500

Som Buzzador får eg prøve nye produkt og tjenester mot at eg fortel andre om det, og denne gongen har eg prøvd den elektriske tannbørsten Oral-B Trizone 500.

Denne tannbørsten har ein "PowerTip", dvs. ein børstetupp som gjer det enklare å få børsta dei bakerste tennene skikkelig. Denne tuppen sveiper breidt fram og tilbake, og trenger lett inn sjølv i dei smalaste mellomromma.
Den nederste delen av børstehovudet er utforma som ein vanlig, manuell tannbørste og gir derfor ei grundig reingjering av tennenes overflate.

Tannbørsten har ein profesjonell timer for å oppnå to minutters børstetid, sånn som tannlegen anbefaler. Den har ein mekanisk trykksensor for effektiv og skånsom børsting, og har ein 3D-teknologi som gir eineståande plakkfjerning.
Oral-B Trizone 500 er kompatibel med alle børstehovud fra Oral-B (unntatt Sonic).

Eg har lenge tenkt at eg skulle ha kjøpt meg ein elektrisk tannbørste, så derfor var eg rask med å seie ja til å vere med i kampanjen der man fekk prøve Oral-B Trizone 500. Eg har litt plakk mellom tennene og på  framtennene, så eg håpa at ein elektrisk tannbørste ville få vekk noko av dette.
Den første gongen eg prøvde den elektriske tannbørsten var det litt rart å ha noko som dura og vibrerte så kraftig mot tennene, men det gjekk fort over. Eg er godt fornøgd med denne elektriske tannbørsten, og føler at tennene mine blir reinare med denne enn med ein vanlig, manuell tannbørste.

Sidan eg også har prøvd ein anna elektrisk tannbørste (Oral-B Trizone 5000), så har eldstejenta mi fått Oral-B Trizone 500. Ho liker denne, og føler at tennene blir meir glatte (det vil vel seie reinare?) enn dei gjorde med den vanlige tannbørsten.

Fleire i familien kan bruke samme elektriske tannbørste, for børstehovuda er enkle å bytte på. Ei eg diskuterte elektriske tannbørster med kunne fortelle meg at alle i familien hennar hadde kvar sine børstehovud som dei brukte på den samme elektriske tannbørsten.

......................................................................................

Vil du vite meir om å vere Buzzador så kan du lese mitt tidligare innlegg her: Eg har blitt Buzzador



torsdag 9. august 2012

Dette er Project Life

Ein fin videosnutt som forklarer kva Project Life går ut på

Mange av albuma eg lager for tida blir laga på denne måten, enten med Becky Higgins' produkt eller med produkt eg lager eller kjøper andre plasser (...eller laster ned gratis fra nettet). Det kan du lese om i fleire av mine tidligare innlegg.

Eg bruker album + fotolommer + bildene + tekst- og pyntekort


tirsdag 7. august 2012

Min nyeste personlige almanakk

På tide med ny almanakk, og forrige dagen fekk eg den i posten. Elsker bildet av vesla som eg har på forsida, og på baksida har eg bilde av alle mine fire gull :)
Eg bestillte den fra personligalmanacka.se

Etter at eg oppdaga nettbutikken der man kunne lage sine eigne, personlige almanakker så har eg brukt den kvart år.
I dette innlegget kan du sjå korleis den ser ut inni: Eit innblikk i noko rosa, søtt og praktisk som eg kan skrive i. (denne boka bestillte eg i 2009, den ser nokonlunde lik ut inni no også)


mandag 6. august 2012

Vinnarane av bloggkonkurransen:


Vinnarane av boka Trolljakten er:

Gratulere!! Eg har tatt kontakt med dere på mail eller blogg.

fredag 3. august 2012

Blomster på døra

Gutten min bruker traktoren til det meste. Ein dag fekk han traktoren opp trappene og halvveis inn utgangsdøra, og kom med blomster til mammaen sin *skjønningen*