lørdag 8. mai 2010
Glimt fra våre 3 barnerom
Eit stort barnerom er delt i to i tillegg til eit lite som vi hadde fra før, så no har våre 3 små kvar sine heilt eigne rom.
I dag hadde vi ein større flytteprosess. Eldstejenta og minstemann bytta rom, og jentene fekk nye (heimelaga) pulter med veldig god arbeidsplass (her er det plass til å holde på med fleire prosjekt samtidig eller ha litt ekstra arbeidsbord om det kjem venner på besøk). Vi rydda og satte ein del ting på plass, men vi har forsatt litt igjen.
Mellomstejenta har bla. fått storesøsters måne- og stjerneuro, og har fått nye prinsesse-lerret over senga si. Den lille, brune hylla som står på pulten er det pappaen som har laga.
Minstemann har overtatt eldstejentas rom. Kassen med biler og traktorer har fått sin plass under pulten. Han har fått nokre bamser i hylla si, og i taket heng ei sol som han laga i barnehagen- blandt stjernene som eldstejenta ein gong ville ha i taket sitt.
onsdag 31. mars 2010
Mars er snart over.. liten oppdatering på heim, familie og hobby
fredag 6. november 2009
Nye heste-wallies på barnerommet
tirsdag 1. september 2009
Oppussing av dukkehus
Vi fann eit gammelt dukkehus på løa, eit som mannens bestefar ein gong laga til mannens søster. Ungane leika med det der det stod, men så fekk vi lyst til å "pusse det opp" og ta det med oss inn i huset. Vi fann nokre gamle tapetrester og så kjøpte eg nokre enkle dukkemøbler fra panduro. Sånn blei det:
Det er nokre år sidan eg gjorde dette (lenge før eg begynte med scrapping og sånt), og hadde det vore i dag så hadde eg nok brukt mønsterark og pynt som eg har kjøpt til scrapping. Det fins jo så mykje fint å ta av! Men resultatet blei mykje bedre enn det var opprinnelig :)torsdag 27. august 2009
Eldstejentas rom ~ før og etter
Heste-wallies på døra
Sånn såg utgangspunktet ut. Eit roterom som kun blei brukt til oppbevaring.... Denne etasjen var ikkje så mykje i bruk den gongen, og det var vel ein av grunnane til at det såg sånn ut. No er etasjen og alle romma meir i bruk, og eg merker at oppbevaringsplassen har blitt mykje mindre.
Først måtte alt rotet ut, og så kunne det begynne å jobbes..


Desse flotte, lystette gardinene fann eg på princess. 
Og sånn blei den lille, lune hula i veggen. Først hadde vi tenkt å ha to vindu (som bildet lenger oppe viser)- men vi kom fram til at denne løysinga var bedre.
lørdag 1. august 2009
Barnerom før og etter...
What a mess!! Sånn såg barnerommet til dei to minste ut i dag, mens vi holdt på å rydde og sjå gjennom leikane deira. Det såg ryddigere ut før vi begynte, men enda ryddigere etterpå ;)Dette var etter at vi hadde sett gjennom ponnyene, dukkene og bamsene.... og mens eg holdt på å sortere i dukkekle for vasking og kasting. Og i alt dette rotet er det faktisk eit system :)
Barbiedukker og andre dukker på rad og rekke for sortering :) Halvparten er fra mine unge år, mens dei andre er fra nyere tider.
Ryddig.... så lenge det varer ;)
Sånn ser altså barnerommet til dei to minste ut. Vi pussa opp og bygde på huset for ca. 4 år sidan, og då fekk ungane dette store, flotte rommet. Den gongen var det jentene som flytta inn, og det bærer rommet preg av med sitt lyserosa tak, rosa tepper, rosa gardiner og "jentete" wallies (sjå bilde lenger nede i innlegget). No har eldstejenta fått sitt eige rom, mens minstemann flytta inn hit til mellomstejenta. Det er ikkje så mykje guttepreg over det enda- men han har no fått ei "ridder"-lampe fra IKEA ved senga si :)
På andre sida av rommet har mellomstejenta senga si. Ho har blomsterlampe, og også ei bordlampe (begge fra IKEA) som står på orgelet. Orgelet er svigers sitt, og har vore vekk-plassert hos andre ei stund. Men så kom det tilbake på gården... og kor i alle dager skulle vi plassere det? Valget fall på barnerommet. Og her står det foreløpig godt. Den første tida våkna vi til orgelmusikk om morningane (rommet vårt ligg ved sidan av) hehe... No er det mest når ungane har besøk at dei speler på det, eller når dei "lager musikk".
Den store Skofus-bamsen vann eldstejenta i ein tegnekonkurranse eit år (tidligare har jentene også vunne kvar sin lille Skofus-bamse).
Mellomstejenta skal begynne på skulen til høsten, så det kjem nok til å forandres litt her inne- for ho må jo få sin eigen pult (sjølv om leksene som oftest blir gjort i stua). Usikker på om pulten blir kjøpt eller om mannen lager ein... uansett så må ho få seg litt hyller også, der ho kan ha små og store duppeditter- og kanskje få ha dei ifred.
Rommet er så stort at det kan deles i to (det er to lamper i rommet nettopp pga at det kunne bli aktuelt ein gong), men det blir kanskje berre satt opp ein skillevegg eller noko no i første omgang.
Utstilling av dei kjæraste kosebamsane hennar.
Resten av rommet på mellomstejentas side, med bokhylle til nokre av bøkene deira. Mellom senga og kottet er det ei lita dør inn til eit kott, som vi kan bruke til oppbevaring og også som eit lite ekstra, hemmelig rom til dei små.
På minstemanns side av rommet står vogner, dukkehus, kurver og også litt av mine ting oppstillt på rad og rekke. Sidan rommet deira er stå stort så har eg måtta låne ein liten del av rommet deira til oppbevaring. Inne i skapa har dei litt av leikane sine.
" A closer look" på alvane... Synest dei er så fine. Har kjøpt nokre wallies med biler på også, for minstemann sin del. Men nokre ting tar tid her i huset, så dei er ikkje komt på veggen (eller leikekassen eller kommoden) enda.
Innsida av leikeskapet. Ikkje alltid så lett å lage skap der det er skråvegg, men mannen visste råd. Alle tre skapdørene på veggen går inn til det samme skapet...
Minstemann har ein del av leikane sine i stua enn så lenge, mens eg har plassert ein del av jentene sine leiker i bokser på soverommet vårt. Dette for å prøve å holde rommet deira ryddigere... Leiker har jo ein tendens til å bli liggande utover alt, spesielt viss dei har små gjester på besøk. Derfor har eg sagt at dei kan få ta ut boksane når dei treng dei, men helst berre ein om gangen og då må dei sette den på plass igjen etterpå. Dèt er det ikkje alltid like enkelt å hugse på, men dette fungerer iallfall bedre enn om alt hadde stått tilgjengelig på barnerommet.
Og sånn hadde vi det tidligare, med blomsterlamper på begge sider, og bord (innimellom med stoler også) istedenfor orgel :) Her hadde vi også eit svart og kvitt teppe av ull, på golvet. Veva med ull fra jentenes sauer:















