lørdag 19. mars 2016

Tid og jobb

Dette sitatet har eg nokre gonger vore uenig i, men når eg får tenkt meg om så er det kanskje noko i det likevel?

Eg snakker med mange om TID. Mange føler at dei har lite tid til overs og at livet er hektisk, det gjer eg også i perioder. Vi har alle våre eigne grunner til kvifor liva våre av og til går så fort.

Når ting er på sitt mest travle pleier eg å skrive ned kva det er som må prioriteres først. Men samtidig prøver eg då å sjå fram til den første "pustepausen" som kan vere nokre timer neste kveld, eller den første dagen i nærmeste framtid der eg veit at eg har nokre ledige timer. For sjølv om det er travelt i perioder så har eg heldigvis "hulrom" innimellom der eg kan gjere det eg sjølv ønsker- enten lese litt, sjå ein god serie, gå ein tur, gjere noko hyggelig med familien eller noko anna som gir meg noko uten at det er ein MÅ-GJERE-AKKURAT-NO- ting.

Sånn ser livet mitt ut:
Eg har fire barn i alderen 4-15 år. Desse er som alle andre barn med sine behov og utfordringer, sine aktiviteter og venner (som dei må køyres til pga avstander) og gjer også at vi er med på bla. foreldremøter, dugnader og er i styrer for nokre av aktivitetene deira. Det dukker også opp tannlegetimer, legesjekker, dager med sjukdom og ellers alt anna som er i ein familie med eitt eller fleire barn. Og nokre helger er vi avlastningsheim.

Vi har ein gård med melkekyr og sauer. I tillegg til gårdsarbeid morgon, kveld og ellers når mannen min har tid eller det trengs - så har han også full jobb utenom.
Eg har ein herlig jobb i barnehage, men har valgt å jobbe redusert i ein periode for å lette litt på logistikken som trengs om morgonen, når ungane kjem fra skulen og om kveldane når det bla. er aktiviteter, besøk eller møter. Minstejenta har fri fra barnehagen og er heime med meg eit par dager i veka, akkurat som storesøskna pleide.

I fjor på desse tider hoppa eg i det og begynte å jobbe i Forever i tillegg. Eg følte at eg ikkje hadde tid til å jobbe aktivt med det sidan vi holdt på å planlegge konfirmasjon og året fyltes også opp med andre "deadlines" - både vanlige familieting (bursdager, ferie, påbygg av hus m.m) og litt mine eigne ting som DT-jobben hos Project Life i Norge, planlegging av mitt aller først kurs (i Project Life) og det at eg (etter mange år uten) fekk trening inn i timeplanen min. Vi opplevde også eit dødsfall i nær familie, noko som gjorde at det blei endringer både på gården og i heimen.

Eg hadde ikkje kjent til Forever så lenge då eg starta i februar i fjor, men eg hadde prøvd produkta og ville bruke fleire av dei fast. Derfor blei eg forhandler til eige bruk.
Eg snakka litt med venner og kjente om produkta, og mange av desse blei faste kunder fordi dei også likte kvaliteten på desse.
Så sjølv om eg følte at eg ikkje hadde tid til å jobbe med det, så fekk eg likevel gjort ein god del i løpet av året som var i fjor fordi eg jobba når eg hadde mulighet til det.

Etterkvart blei eg bedre kjent med sjølve foretaket. Eg såg kva muligheter denne jobben kan gi...kva muligheter den har gitt så mange andre, både her i Norge og over heile verden. Dette foretaket har holdt på i snart 40 år, og antallet forhandlere rundt om i verden øker og øker. Det er ikkje uten grunn.
Man får mange muligheter, men man får også muligheten til å hjelpe andre. Det er kjekt å vere i eit foretak der man deler kunnskap og erfaringer med kvarandre, der man vil gjere kvarandre gode og det er eit godt teamwork. Man blir flinkere til å sjå kva man har lyst til å få ut av livet, man opplever personlig utvikling og man blir bedre på å sette seg mål.

No har eg vore med i Forever i eit år, og eg har innsett at sjølv om eg har eit hektisk liv så har eg også mange små eller større "hulrom" innimellom der eg kan jobbe med dette. Vi har alle mange ting vi MÅ gjere innen bla. jobb, familieliv og heim- men mange har også litt eigentid her og der. Litt tid der man kan gjere det man har mest lyst til- og det siste året har denne eigentida mi blitt brukt mykje til Forever. Denne jobben gjer eg ikkje fordi eg må, men fordi eg har lyst og fordi den gir meg så mykje.
Eg har ein ekstrajobb der eg får vere min eigen sjef og jobbe når det passer min og familiens timeplan.

Her er nokre bilder fra inspirerende events eg har fått vere med på:









torsdag 10. mars 2016

Fotobok med Floridabilder

Vi elska huset og bilane våre

For nokre år sidan var vi i Florida. Eg har laga tre fotobøker fra den turen; to kronologiske på Project Life måten (ei om cruiset og ei om dagane på land) og ei som er laga i Fotoknudsens fotobok-program (den er om parkene vi var i.) Her er eit lite knippe sider fra ei av bøkene:
(klikk på bilda for å sjå dei i større format)

Ein dag i Magic Kingdom

Sidan eg har laga ei eiga bok om parkene vi var i så laga eg kun èi side fra parkene til den kronologiske fotoboka fra turen.

På nyttårsafta i Sea World

Sidene til bøkene har eg laga i Photoshop ved å bruke templates og Project Life kort (dei fleste fra Becky Higgins' kolleksjoner). Sidene lagra eg som .jpg filer og sette dei inn i ei kvadratisk fotobok før eg framkalla den.

Vi hadde god utsikt fra der vi budde så vi fekk med oss Disneyparkenes fyrverkeri kvar kveld.

Ein dag i Epcot

To skjønne prinsesser

Det var mykje å sjå og oppleve i Usa, også langs veiane

Det tok nokre år før eg fekk bildene mine i fotobok, så det var ein herlig følelse den dagen eg endelig hadde bøkene i hendene. Ved å lage sidene som bilder før eg framkaller dei i ei bok gjer at eg også har ein backup av sidene dersom noko skulle skje med boka eg har.

-----

Eg har tidligare publisert dette innlegget hos Project Life i Norge