lørdag 20. juni 2009

Viktig med navneband på ungene i ferien + erfaringer fra det å miste sine små


Eit navneband redda meg då eg var liten, og eg føler meg mykje tryggare når mine eigne barn har dette på seg når vi er på ferie (med telefonnr på). Det er ingen barnevakt, og eg gjer mitt beste for å holde auge med alle mine små. Og mange klarer kanskje dette heilt fint, men eg har erfart at det skal ikkje så mykje til. Berre det at ein snur seg vekk eit sekund eller to, kan få dei følgene at den lille er borte vekk når du snur deg igjen.
Navnebandet eg hadde på meg den gangen
Min historie (sånn som eg hugser den):
Eg var 6-7 år og vi var på ferie i syden. Vi var i eit stort kjøpesenter, og allerede då var eg fascinert av farger og lys. Derfor blei eg ståande i eit rom med mange speleautomater, for å sjå på dei. Vi var mange som reiste; mamma, pappa, bestemor, tante, onkel og søskenbarn. Dei visste at eg var i dette rommet, og eg titta ofte ut av rommet for å sjekke at dei var i nærheten. Men ein gong var dei ikkje der! Eg begynte å gå bort til der eg hadde sett dei sist... men der var det ingen... Eg såg meg rundt, gjekk ned trappa til førsteetasjen. Kor kunne dei vere?
Eg såg alle veier, men der var ingen kjente. Eg gjekk ut på gata, og var trist og lei meg. Eg hugser ikkje kor lang tid eg kan ha gått sånn og leita- men eg traff på to damer (som snakka eit anna språk enn meg). Og til alt hell hadde eg på meg eit navneband! Det hadde eg fått av ei dame på flyet som hadde nokre til overs. På navnebandet stod det kor vi budde, og damene tok meg med dit. Eg blei tatt hand om av resepsjonisten der vi budde- eg hugser eg fekk ein pakke smarties av han. Kor lenge eg var der veit eg heller ikkje.
Etter ei stund kom bestemor og ei til med taxi for å sjå om dei fann meg der. Tenk som dei hadde leita i kjøpesenteret. Tenk kor redde dei må ha vore! No når eg har eigne barn innser eg kor fælt det må ha vore. Men takka vere navnebandet så gjekk det bra. Om det ikkje hadde vore for det, så veit eg ikkje kor eg hadde vore i dag.
Derfor har mine unger brukt navneband på ferie sidan vi begynte å farte rundt. Første gongen var vel på ferie då eldstejenta var 2-3 år trur eg. Då var det ikkje så mange navnebånd å finne i butikkane, men etterkvart har det komt mange band med fine figurer og farger på. Og det er også nokre av familieparkene her til lands som tilbyr gjestane sine dette. Bruk dei! Det er mi anbefaling. For du veit aldri kortid dei små kan komme ute av syne. Eg har vurdert å bruke dette når vi ska til ein plass med mange butikker også, iallfall på minstemann. For sjølv om eg alltid føler eg passer godt nok på så mista eg minstemann ein gong.
Då minstemann forsvann:
Eg stod i ein leikebutikk og skulle betale nokre varer. Eg såg minstemann og mellomstejenta sykle på leikesykler innover i butikken, og derifra kunne dei ikkje komme seg ut- eg visste kor dei var hen. I det eg skulle betale ba eg eldstejenta ha eit auge med utgangsdøra, så ikkje dei små gjekk ut. For det hadde skjedd tidligare ein gong då eg skulle betale; at minstemann tok med seg ein leikebil ut av butikken og satt utanfor på fortauet og leika med den (og der stod det biler parkert!). Eg betalte og samla sammen dei små, men kor var minstemann? Det gjekk mange tanker gjennom hovudet mitt då. Jentene passa på utgangsdøra så han ikkje skulle komme seg ut, mens eg saumfarte butikken og lageret deira. Men han var ikkje der!
Utanfor var det fortau og biler og masse folk. Det var mange tanker som fyllte hovudet. Kor kunne han vere? Kva om han gjekk ut på hovudvegen? Kva om han gjekk ned til elva? Eg hadde vondt inni meg. Kva skulle eg gjere om eg ikkje fann han? Eg følte på sinnet som steig fordi eldstejenta ikkje hadde passa godt nok på. Sjølv om eg visste at det heile var min eigen feil- det var eg som hadde ansvaret- og ingen andre enn eg kunne klandres for det som skjedde. Kortid kunne han ha sneke seg ut når eg følte vi hadde sett på utgangen heile tida?
Jentene passa forsatt på ved butikkutgangen, mens eg gjekk ut på fortauet. Men skulle eg gå til høgre eller venstre? Eg valgte høgre og gjekk bortover, mens tankane raste i hovudet. Eg gjekk og gjekk.... gjekk enda litt til.. og der... mange meter foran meg... den grønne fleecejakka hans. Følelsen kan ikkje beskrives. Der stod minstemann sammen med ei dame. Då hadde minstemann gått ganske langt og blitt ståande og sjå på nokre parkerte biler, før nokon såg han og tok vare på han.
Etter at eg forsvann sjølv den gongen har viktigheten av å passe på mine eigne alltid vore i tankane mine. Eg trudde eg passa såpass godt på at eg skulle sleppe å miste dei nokon gong. Men eg tok feil. Eit navnebånd kan ikkje beskytte eit barn fullt og heilt om det skulle gå seg vekk, men det kan vere ei hjelp til at dei finn tilbake til mammaen og pappaen sin.


Dette innlegget er med i månedens tema hos Foreldremanualen: Reise med barn

5 kommentarer:

  1. Får nesten tårer i augene berre av å lese det du har skrive! Og tenkjer om dette hadde skjedd meg, og korleis det må ha vore. Både for deg då minsten var borte, og for mor då du var vekke. Forferdeleg berre å tenkje på!

    Namnebånd er kjempeviktig!! Eg bestilte bånd til gullet for litt sidan, men synast ikkje dei var fine.. Stive og kjedelege... Men eg beholdt no dei eg hadde bestilt, sjølv om det godt kan hende eg fell for freistinga å kjøpe nokon finare;) Men dei er då rosa, med namn, nummer og heimland på, så dei gjer då nytta;) Gleder meg til Florida-tur!!!! :D

    SvarSlett
  2. SV: Tusen takk :) er ikke ute ofte jeg heller, selv om det kanskje kan virke sånn siden jeg var ute igår og skal kanskje en liten tur ut idag også.. hehe...

    SvarSlett
  3. ja jeg har sånn bånd jeg også....ehh men aner ikke hvor. Men etter å ha lest dette skal eg iallfall finne det før vi reiser på ferie!!


    takk for tips:)

    SvarSlett
  4. Jeg har sett disse båndene på apoteket og trodd at det var etiketter som skulle festes på reisebager :P Der kan du se! Må si at det er kjempe hyggelig når du legger igjen kommentar hos meg :D
    Flott blogg du har, her må jeg følge med!

    God sommer!

    Kathleen

    SvarSlett
  5. Får klump i halsen av å lese dette! Har opplevd noe lignende en gang og det sitter i!

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)