Har tatt det litt og litt, skuffe for skuffe, hylle for hylle... når eg har hatt tid. Endelig ser eg ut til å vere komt i boks. Kleda som er for små er rydda vekk (eller blir tatt med til tanteungen min om nokre dager) og vinterkleda er rydda vekk, og det er atter ein gong god plass i hyller, skuffer og skap....ingen skuffer som går halvveis igjen fordi dei er fulle, og liten sjans for at ungene tar på seg for små kle... enn så lenge.
På loftet har eg ståande poser og esker med kle i jentenes neste størrelse (6 og 10 år)- og dei skal få stå der ei lita stund til (til eg er klar til å ta ein skikkelig klesvask ein dag det er fint vèr).
Skal berre nyte det å ha god plass ei lita stund.
Etter at eg har vaska kle og lagt dei i hop, pleier jentene å legge på plass sine eigne kle... og no klarer dei det uten å måtte la skuffene stå halvveis åpne fordi dei ikkje klarer å late dei igjen.... enn så lenge :)
PT-pakker
for 4 måneder siden
Ja i dag fekk eg to posar med klede;) Får sjå gjennom dei når bursdagsfeiringa er overstått:)
SvarSlett