fredag 30. oktober 2009

Maler traktor og hjerteboks


Ungane elsker å male. Minstemann maler ein traktor som skal bli rød (for då blir den i samme farge som pappaen sin store traktor), mens mellomstejenta maler ein hjerteboks med lokk.

Nye header



Har lenge tenkt at eg skulle ha bytta ut headeren min, men det har liksom aldri blitt... før no. Kom over eit bilde som eg ville prøve å lage header ut av, liker farger. Veit ikkje om den blei bedre, men kjekt med forandring (og litt rart).. Tar gjerne imot tips, råd og kommentarer. Blei den for stor kanskje?

Her er den gamle:

Motivet er ein tusenfryd, og på den har eg satt på eit bilde av jenta mi i alvekjole, ein gjennomsiktig sommerfugl  og div. "swirleborder".

Duppedings til å lage fin hårfrisyre



Ein gong, for mange år sidan (før eg fekk barn), kjøpte eg ein "duppedings" til å lage ulike fine hårfrisyrer med. Eg brukte den kanskje litt den gongen, men den har i lang tid blitt liggande trygt og godt nede i ein boks med andre, lite brukte, sminke- og hårduppeditter fra ungdomstida.

Eg veit ikkje kva som gjorde at eg kom på den igjen, mulig at eg såg eit bilde av nokon som hadde ein sånn hestehale. Eller så var det eldstejenta som hadde sett det. Og vi fekk iallfall lyst til å prøve denne tingen igjen.
Vi blei fornøgd med resultatet i eldstejentas hår, og den gamle "duppedingsen" har igjen fått komme opp i dagens lys og fått ein plass i baderomsskuffa.




Award


Tusen, tusen takk for den flotte awarden eg har fått av deg Størstepia.

Vinterkonkurranse


Størstepia har ein vinterkonkurranse i bloggen sin :)

onsdag 28. oktober 2009

Nytt kamera ♥


Eg har eit speilreflekskamera (canon 400D), men då det slutta å virke som det skulle så har eg no investert i eit nytt av samme typen (men litt nyere versjon). For speilreflekskamera MÅ eg ha. Eg kan ikkje så mykje om fotografering, men eg elsker å ta bilder- og sidan bildene blir mykje bedre med eit speilrefleks så er det noko eg berre må ha :)
Så derfor tok eg meg råd til å kjøpe det no, for å bli godt kjent med det før vi reiser til USA. Men no blir det innsparinger fram til vi reiser, for det merkes på kontoen at eg nettopp har betalt USA-turen...

Dette nye kameraet har litt nye finesser som ikkje var på den gamle varianten, så no gleder eg meg til å teste dei ut :)

mandag 26. oktober 2009

Prinsessepasta på menyen

Stas for mine søte små når det stod prinsessepasta på menyen ♥
Eg kjøpte denne pastaen på europris for ei stund sidan (i tillegg til Cars-pasta), og no hugsa eg endelig på å bruke den :)

Dette innlegget er med i månedens tema, Bare Barnemat, hosForeldremanualen.

lørdag 24. oktober 2009

Minstemanns kunstverk



Dette bildet står på skjenken vår for tida. Det er eit lerret med  ferdig påtrykkt bilde (lastebiler) som minstemann malte med blå maling for nokre måneder sidan. Han er glad i køyretøy og elsker å male- så det å kjøpe eit lerret med motiv for så å la han male det- passa han ypperlig :)

Google Chrome

I lengre tid irriterte eg  meg over nettlesaren min (internet explorer) som blei meir og meir ustabil. Nettsidene låste seg og "sluttet å virke" både titt og ofte (spesielt når eg var på facebook eller jentene skulle spele spel på nettet).
Så då ei veninne fortalte meg om Google Chrome utforska eg denne nettlesaren og valgte å prøve den.
Det er alltid litt "skummelt" å prøve ut heilt nye ting som eg ikkje har vore borti før, men det å bytte nettlesar gjekk veldig fint. Og spesielt artig var det at eg kunne få velge mellom mange ulike design på nettlesaren. Eg valgte Dolce & Gabana-stilen:



Men det var mange å velge mellom, så eg kan jo bytte ut designet når eg føler for det:
Google chrome- temaer etter kunstner
Google chrome- temaer fra Google

Nokon andre som har erfaringer med å bytte nettlesar og evt. til Google chrome?

Eg har forresten laga ein ny blogroll med freebies-blogger ( freebies til digiscrapping, fotoredigering, photoshop, grafikk m.fl). Eg legg ut fleire linker etterkvart..

torsdag 22. oktober 2009

Det nærmer seg Florida-tur ♥



No kjenner eg at det begynner å krible litt i magen fordi det nærmer seg Floridatur!

Dei fleste bestillingane blei gjort før sommaren.
Vi valgte å bruke eit reisebyrå for å gjere det heile litt enklare (sjølv om det også då blei litt dyrare), og vi spurte fleire reisebyrå etter priser for ein sånn tur. Då det eine reisebyrået plutselig fekk tak i flybilletter til halve prisen enn det både dei og dei andre byråa først oppga, fall valget på dei.
Deretter blei det mykje mailer (og litt telefoner) fram og tilbake for å komme fram til den best passende reiseruta.
Det var deilig å få alt i boks.




Vi er tre familier som skal reise (mamma, søstra mi og meg med familier), og vi skal då vere ei veke i Orlando og ha ei veke på cruise ♥

Reisebyrået kunne ikkje skaffe oss stor nok leigebil (eg og søstra mi med våre familier skal ha ein bil sammen, og då måtte det minimum vere ein 8 seters bil). Men no i kveld er leigebilane endelig i boks. Og heile turen blei også betalt i kveld.
No kan vi virkelig begynne å glede oss!

Eg har funne mykje nyttig info på nettet, og eg ønsker å vere best mulig forberedt på både venta og uventa ting som kan oppstå. Eg har ikkje lest gjennom så mykje av det endå, men skal bruke tida fram mot turen til å gjere dette og kanskje lage mi eiga info-brosjyre ;)
I denne brosjyra tenker eg at eg bla. skal ha kart over flyplassane, viktige telefonnumre, litt om parker og butikker, tips eg finn om alt vi skal vere med på (fly, tollregler, leigebil, hus, cruise, taxi, hotell, mat) m.m




Eg bruker også litt tid på å forberede ungane på det heile. Det er kanskje mest fokus på Disney og Magic Kingdom- men denne parken er jo den største grunnen til at vi tar denne turen.
Vi les bøker fra bla. Disneyklubben - vi har bøker frå då eg var lita + nokre som eldstejenta har fått. Vi har har sett på bilder og filmklipp fra parken, og også sett på fleire Disneyfilmer.
Eg trur at dei vil få meir ut av turen når dei kjenner nokre av Disney-eventyra og at dei vil "nyte" parkane meir når dei veit litt kva som kan vente dei der.

onsdag 21. oktober 2009

Eit eple om dagen...


Minstemann er veldig glad i frukt, og det var derfor stor stas då bestefar ga han eit uvanlig stort eple!
Han fekk ikkje ete det med ein gong, sidan det var kveldsmat-tid. Men då vi satte oss til matbordet fekk han og søstrene eple som pålegg på skivene sine :)




Jeg har et lite eple
som jeg har fått av mor.
Der inne er et frøhus
hvor ti små frøbarn bor.
I hvert rom i huset
to frøbarn hvile får.
Der ligger de og drømmer
om sol og lys og vår.



(usikker på kven som har skreve dette diktet)

tirsdag 20. oktober 2009

Vinterlig og kaldt



Forrige dagen køyrte eg forbi ein isbre som låg høgt oppe på eit fjell,
eg zooma den inn litt:





Ein isbre er eit vakkert syn.. om ein berre kunne fått komme nærmare..



då er det kjekt å kunne forstørre eit bilde av den
(dette bildet er ein forstørra bit av bildet som er ovanfor)




Kvite og blåe farger, og ruvande masser med snø


(dette bildet er ein forstørra bit av bildet ovanfor)

Award



Eg fekk ein award fra Fargelykke i dag- tusen takk!! ♥

søndag 18. oktober 2009

Helg og høststemning



Det har vore ei begivenhetsrik helg. Eg har vore på inspirasjonssamling saman med andre styremedlemmer (frå ulike helselag), og høyrt på mykje interessant om fysisk aktivitet blandt barn (og demente) og kosthald. Og også fått tips og inspirasjon til korleis vi kan jobbe vidare med dette.
Det var ei koselig samling, og det var òg koselig å komme heim til familien i går kveld. Og nyte lørdagskvelden med innbakte pølser (ungenes favoritt) og "Skal vi danse".



I dag gjekk eg og familien tur i skogen. Deilig med opphaldsvèr på ein dag der vi alle har fri :)
Bildene tok eg på min vei heim fra inspirasjonssamlinga, då det lei mot kveld og sola var på veg ned.

torsdag 15. oktober 2009

Sommerfugl



Eg har nettopp tømt telefonen for litt bilder, og dette er eit eg tok i sommerfuglparken i sommer. Eg hugser kor fantastisk det føltes å gå inn i eit rom fyllt med sommerfugler *mimre*
Eg kjøpte ny telefon rett før ferien, så eg var litt spent på korleis kvaliteten på bildene kom til å bli- men det virker som om den er bra :)

Her er innlegget eg skreiv om parken + bilder:
Sommerfuglparken- eit lite paradis

Eg har vunne!! + bruk av julestrømpe


Sjå på denne flotte julestrømpen som eg fekk i posten forrige dagen! Den vann eg i konkurransen til Nytt & Shabby- gleder meg til å ta den i bruk til jul (kanskje minstemann får den, sjølv om han egentlig fekk ein anna strømpe i fjor... eller så kan eg jo kanskje henge den opp og ønske at nissen fyller den med gaver til meg hihi).

Eg og søstra mi hadde kvar vår strømpe då vi var små (eg legg sikkert ut bilde seinare ein gong). Og strømpen min har eldstejenta fått. Mellomstejenta har fått ein Tatty Teddy strømpe. Mens minstemann fekk ein som eg fann på KID i fjor.
Desse heng vi opp på lillejulafta, og så fyller nissen den med små gaver i løpet av natta :)

Eg er veldig glad i jula. Eg elsker å lage små og koselige tradisjoner for ungane, for det er jo det som er det beste med jula (synest eg); å ta del i ungenes glede og forventning i dagane fram mot jul :)

tirsdag 13. oktober 2009

Det fine med regn ♥


Det fine med regn er at elver og bekker blir fulle av 
vatn, rørsle og liv ♥

Og vinnarane er....



Trekninga av konkurransen fann stad tidligare i dag, men det er først no eg fekk tid til å blogge. Det var eldstejenta som fekk den ære å trekke...


Og vinnaren av bloggkonkurransen min er:


Gratulere Størstepia, kaketing kjem din veg :)


Og så hadde vi ei lita trekning til, blandt dei som har kommentert oftest og som ligg på topp 10 lista mi:

Ikkje så mange lapper å trekke blandt denne gongen...


Og den vi trakk ut var:

Gratulere Kathleen- eg sender deg ein liten overraskelse. Sei i fra om du vil ha noko til scrapping (evt. noko som passer best til vanlige fotoalbum) eller noko kakerelatert :)

Send meg adressene deres til denne mailadressa: linda_aina@hotmail.com så sender eg dere gavene ganske snart.

Tusen takk til alle som var med i konkurransen, og også alle andre som er innom og legg igjen spor etter seg :)

kilde: www.sxc.hu

mandag 12. oktober 2009

Kvelden lister seg på tå


Kvelden lister seg på tå
Over kløverengen
Himlen har tatt stjerner på
Alle barn skal sove nå
Sove søtt i sengen




Melk og brød fra krus og fat
Er så gode venner
Med en liten trett krabat
Som skal spise aftensmat
Med små melketenner



Og to røde lette sko
Setter vi på matten
Er så slitne begge to
Men nå skal de stå i ro
Hele hele natten




Natten kommer svart og stor
Alle ting blir borte
Seil i mørke lille jord
Med en liten gutt ombord
I sin lille skjorte




Inger Hagerup 

Fine tigerbleier på


Ska dinna løva veje fjamme, mamma? Sjå, den haj sommajfugl på!
Fine sommerfuglen, men du må ha tapen bak



Løvene leika med sommajfuglane
Ja, det gjer dei og no har du den riktig vei


Ikkje alltid så lett å få små foter med lange sokker ned i bleia på riktig måte...



...men det går

Kvardagslige ting i 2009


Eg er jo litt over gjennomsnittet (trur eg)  interessert i det å dokumentere dei små tinga i livet til familien min og også ta vare på det eg får av små historier og minner frå mine besteforeldre og eldre generasjoner. Kun fordi eg veit kor kjekt det er å høyre om og sjå bilder frå tida som har vore fram til no, og fordi kvardagen vår no er heilt annleis enn korleis den var då td. bestemor mi voks opp.

I dag tok eg eit bilde av maten eg handla på butikken. Eit bilde tar jo ikkje så stor plass blant dei andre digitale filene og bildene mine, og eit framkalla bilde tar heller ikkje så stor plass i eit fotoalbum. Grunnen er at eg ser for meg bilder eg har sett frå då eg sjølv var lita. Kor artig det er å legge merke til små detaljer som ein ikkje tenkte på at ein fekk med på bildet den gongen, men som får meg til å smile fordi eg tenker at "åå det var sånn den såg ut den gongen". Det kan vere ting som ein melkekartong, osten, fata vi brukte, bordet eller andre ting.

Og kanskje, om 3, 10 eller 50 år frå no, så ser vi på bildet som eg tok i dag og tenker "ååå var det sånn desse tinga såg ut den gongen i 2009". Og så mimrer vi litt ♥

Så mange fargerike og flotte




Av og til, eller faktisk ganske ofte når eg titter innom ein favorittblogg, så finn eg ein link til ein ny blogg som eg vil besøke. Ofte fører dette til at eg også derifra vandrer vidare til ein anna blogg, for så å komme til enda ein ny og spennande blogg (mens minutter og timer fyker avsted). Det er ikkje alltid like godt å sei kva som får meg til å like ein blogg eller ikkje, men ofte kan det vere at det som står i bloggen blir skreve på sånne fine og vakre måter, og så har jo bilder mykje å sei.. Bilder har veldig mykje å sei! Om bloggen er fyllt med flotte farger og mønster, og gjerne litt søte figurer-så legg eg dei ofte blandt mine favoritter. Det er noko med dei som får meg til å stoppe opp og ville ha med meg litt av all den fargegleden dei deler...



Derfor har eg i dag måtta lage enda ein bloggroll, ein med fleire inspirerande & fargerike blogger som eg liker å besøke og få litt fargeglede og idèer ifra.

Det begynner å bli ganske mange bloggroller her hos meg no, men eg bruker dei for å holde meg litt oppdatert på bloggane eg liker og som eg gjerne stikk innom. Eg kan desverre ikkje la alle vise på ein gong, så eg har måtta redusere listene til å vise kun nokre få om gangen. Men klikk gjerne på vis alle, så får du sett linken til alle dei flotta bloggane som eg har i listene mine :)
(Og ofte finn ein og anna ny blogg veien inn på ei av listene)



Alle bildene er fra www.sxc.hu

søndag 11. oktober 2009

5 barneting i heimen vår


Ein av ungane sin favorittmat til brødmåltida



Søte figurer på eit klesplagg



Tø søtinger står klare til håndvasken



Eg synest det er litt kjekt når bleiene kjem i nye, fine design. Kjøpte nokre stykker av denne typen :)



Ei fin dåpsgave, som av og til har blitt brukt til å leike med :)