mandag 13. mai 2013

Feriealbum 2012 -del 3 (project life)

På stranda og campingplassen på Norsjø Feriesenter. 
Eg har laga og printa ut runde lapper i Word,  desse bruker eg til kortere tekster og limer dei direkte på bilda. 

Ein A4 plastlomme med Norsjø Kabelpark si brosjyre.

Eg har printa ut mange freebies (og kjøpte digi filer) som eg har funne på nett. Desse bruker eg for å fylle opp dei tomme lommane :)

Ein tur innom Fagernes camping. Der hadde dei ein flott leikeplass og nyoppussa sanitæranlegg med eit flott toalett-, dusj- og stellerom for dei minste.


Dei hadde eit artig kort forma som ein bubil, så denne putta eg ned i eit par lommer i albummet. Eg måtte dele den i to for å få plass.

Ein tur til Ålesund. Litt skuffa over campingplass-tilbudet der oppe. Den som var i sentrum var full, og den som vi fann i nabobygda var nok mest brukt av fiskere. Men når der ikkje var leikeplasstilbud på campingen så fekk iallfall ungane brukt fantasien sin til å komme på andre ting å gjere.
Ungane elsker bilda eg tok i godtebutikken.

Atlanterhavsparken i Ålesund er verdt eit besøk. Mykje interessant å sjå og gjere på.

Eit fantastisk rom med god steming der man fekk sjå fiskane på nært hald.

Alnes fyr utanfor Ålesund.  Vesla fekk ein Timmy- bamse i byen, så den måtte også få vere med på bilder.




tirsdag 7. mai 2013

Hårpynt-goodies


Kjekt med pakker i posten. Denne gangen fekk vi fleire klemmer som vi kan pynte :)