mandag 13. mai 2013

Feriealbum 2012 -del 3 (project life)

På stranda og campingplassen på Norsjø Feriesenter. 
Eg har laga og printa ut runde lapper i Word,  desse bruker eg til kortere tekster og limer dei direkte på bilda. 

Ein A4 plastlomme med Norsjø Kabelpark si brosjyre.

Eg har printa ut mange freebies (og kjøpte digi filer) som eg har funne på nett. Desse bruker eg for å fylle opp dei tomme lommane :)

Ein tur innom Fagernes camping. Der hadde dei ein flott leikeplass og nyoppussa sanitæranlegg med eit flott toalett-, dusj- og stellerom for dei minste.


Dei hadde eit artig kort forma som ein bubil, så denne putta eg ned i eit par lommer i albummet. Eg måtte dele den i to for å få plass.

Ein tur til Ålesund. Litt skuffa over campingplass-tilbudet der oppe. Den som var i sentrum var full, og den som vi fann i nabobygda var nok mest brukt av fiskere. Men når der ikkje var leikeplasstilbud på campingen så fekk iallfall ungane brukt fantasien sin til å komme på andre ting å gjere.
Ungane elsker bilda eg tok i godtebutikken.

Atlanterhavsparken i Ålesund er verdt eit besøk. Mykje interessant å sjå og gjere på.

Eit fantastisk rom med god steming der man fekk sjå fiskane på nært hald.

Alnes fyr utanfor Ålesund.  Vesla fekk ein Timmy- bamse i byen, så den måtte også få vere med på bilder.




tirsdag 7. mai 2013

Hårpynt-goodies


Kjekt med pakker i posten. Denne gangen fekk vi fleire klemmer som vi kan pynte :)

onsdag 24. april 2013

Ferialbum 2012 -del 2 (project life)

På stranda på Norsjø feriesenter

Eit 10x15 kort med mønsterark fra Clementine-papirpakken og diecut fra MME (trur eg).

Køyretur, shopping og måltid på McDonalds. Vi brukte GPS'en på iphonen min, og det tok eg skjermbilde av.

Eit besøk ved slusene. Nok ein gong bilder av kart og oppslagstavler som stod der.

Eit 10x7,5 cm kort (fra Clementine kolleksjonen) og eit bilde av vesla i samme størrelse. Eg synest dette kortet er litt voldsomt... nesten litt rotete. Men det blir  "roa ned" når eg set på ein pynt av eitt eller anna slag.

Då eg satte sammen albumet etter ferien trong eg å fylle nokre tomme lommer. Då ba eg ungane tegne kvar sine kort med minner fra ferien. Dette er det minstejenta som har tegna :)



søndag 21. april 2013

Feriealbum 2012 -del 1 (project life)

Framsida i albumet.

Dette er feriealbumet fra 2012. Eg har brukt Project Life kitet "Clementine" i tillegg til litt pynt og gratis kort som eg har funne på nettet. På framsida har eg skreve ein oversikt over plassane vi har besøkt og severdigheter vi har sett og vore med på.

Stoppa på ein rasteplass på vegen...

Eit mindre bilde (av barnas sko) på eit 10x15 kort.

Ungane fekk fylle ut kvar sine kort med kva som hadde vore kjekt den første dagen på tur.

Dette er eit stempel med bilskilt og bokstaver. Dette passa perfekt å bruke til dei ulike plassane vi ferierte på.

Eg lager ofte kollasjer med fleire bilder på i str 10x15 cm sånn at eg får plass til fleire bilder i albuma mine. (dette gjer eg i det gratise redigeringsprogrammet Photoscape).
På kollasjen med 6 bilder har eg brukt instagrambilder.

Eit besøk i Bjørneparken.


Kortet med tremønster (i midten) er eit gjennomsiktig mønsterark (fra Hambly trur eg). Det rutete mønsterarket er fra Clementine papirpakken.

Eg tok eit bilde av eit kart i parken. Etter at eg framkalla bildet tegna eg inn ruta vi gjekk.

Her har eg også brukt eit gjennomsiktig mønsterark (rosa ruter, i midten). Då ser man gjennom til neste side.

Her har eg også med bilde av eit kart som eg tegna inn køyreruta på etter framkalling. Og her er bilskilt-stempelet brukt til å skrive  Norsjø (campingplassen vi var på).

Forsettelse kjem...

tirsdag 16. april 2013

Minstejentas kvardagsbilder

Kvardagsbilder med litt nyere dato. Her koser ho seg med dei nye duploklossane sine. Spennande å bygge, rive ned, leike med bamsen og sjå på ulike farger og former.

Å klatre opp på stoler er ingen problem..

Eit par sekund med ro og avslapping.

Det er gøy å tegne for ei kort stund

Det er kjekt å sjå på Drømmehagen


Ho elsker å vere ute, og liker å bli dratt på akebrett

Pusle er gøy

Nye joggesko


Herlige babyføtter


søndag 14. april 2013

Minstejentas kvardagsbilder

Dei er så herlige... desse skjønne, små føttene


Får låne storesøsters mobil


Elsker små ostebiter


Liker å lese bok. Og spesielt når eg mater ho (td med graut) så er det kjekt å ha noko å sjå i eller å holde på med.


Etter at sola har vore vekke i månedsvis, så er den endelig komt tilbake og lager skygger på stovegolvet.


Elsker skuffer ho klarer å åpne (og ta ting ut av)






Eg lag eit tyllskjørt til ho som vi tok litt bilder med


Blir ikkje lei av å sjå desse lubne, små føttene...


mandag 25. mars 2013

Inspirasjon til påskehobby

Påskehobby vi har laga heime, eller som ungane har hatt med seg fra skule og barnehage.







Påskefigurer og litt anna hobby

To ferdige påskefigurer (kit fra Panduro)