fredag 5. juni 2009

Min lille skjønne go' gutt og barnehagefotografering


Ungene liker å finne på litt søte, tullete og artige påfunn fra tid til annen- og då minstemann fann storesøsters solbriller vart han så skjønn og morsom.. der han satt på potta si med smokken i munn.


I dag var det tid for fotografering i barnehagen. Eg var med og såg på (sidan eldstejenta skulle komme fra skulen og vere med for å ta søskenbilde)... og då dei tok søskenbilde måtte eg trå til for å få fram eit smil fra dei små. Men bildet av gutten min aleine blei nok som forventa; ein litt alvorlig gutt- men likevel... det er jo akkurat sånn han er når andre tar bilder av han :)... og det er vel ofte sånn at di mindre barnehagebarna er, di meir alvorlig er dei. Og så blir dei litt blidere for kvart år, når dei er litt mindre skeptiske til fotografen.

Så no må eg vel vente nokre måneder i spenning på å sjå korleis resultata blir. Mellomstejenta mi, som går siste året i barnehagen i år, var rosaruss på 17. mai i år. Og sidan ho berre går på avdeling med dei ho skal begynne i klasse med neste år så hadde alle ungane på avdelinga hennar på seg rosarusselua på avdelingsbildet. Det er nok første og siste året at dei har ei avdeling KUN med førskulebarn, så det er jo litt spesielt :)

1 kommentar:

  1. Så skjønn gutt du har :)

    Takk for hyggelig kommentar i bloggen min. Du er velkommen tilbake :)

    Ha en kjempefin helg!

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)