søndag 31. januar 2010

Kanin-boller, lokomotiv-boller og andre boller...

Det nærmer seg minstemanns bursdag, så i dag har vi baka boller som vi skal fryse ned og ta opp igjen då. For å gjere noko litt ekstra ut av det, fann vi fram figur-kakeformer; lokomotiv og kaniner.

Jentene, som hadde vore ute på skitur med pappaen, kom inn i rett tid og rakk å vere med på kakebaksten.



Ferdigsteikte lokomotiv-boller

.... og litt skillingsboller...

Ein liten smakebit har det blitt, og enda litt meir skal vi kose oss med til kveldsmaten i kveld.

Dette innlegget er med i månedens tema, Bare Barnemat, hos Foreldremanualen.

Kanskje eg ikkje treng å lære meg å strikke?

Eg er ikkje så god til å strikke, og pleier å sei at eg skal lære meg det ein gong når eg har tid (og lyst). Eg er jo veldig glad i håndarbeid og hobby, men akkurat strikking har det ikkje blitt så mykje av. Kanskje fordi eg er så heldig å ha ei svigermor, og også andre i familien, som strikker det eg måtte trenge til mine små... Men kva med den dagen då eg ikkje har det lenger?

Då kan kanskje eldstejenta vere til hjelp. Ho har gått "i lære" hos svigermor dei siste vekene, og lært seg å strikke! Dei andre i klassen hennar lærer det nok neste år (i 5. klasse), mens ho no er ferdig med sitt første strikkeprosjekt; pulsvarmere :)

... og synest det er kjekt at ho kan noko som eg ikkje kan.

onsdag 27. januar 2010

Moteshow med gammeldagse barnekle

No er kanskje ikkje desse dei mest gammeldagse barnekleda. Når eg les "gammeldagse" så tenker eg gjerne på kle frå den tida bestemor var lita... men desse kleda her er frå då eg sjølv var lita (fra 80 talet). Klede som mamma har spart på, og som eg har fått. Men etter å ha vaska dei opp og dei har vore klare til bruk til både barn nr 1 og 2 og 3.. og aldri likevel blitt brukt, så har eg innsett at det då ikkje er vits i å spare lenger på dei.
Derfor pakka eg sammen massevis av klede (11 banankasser) i høst og sendte dei utenlands til barn som treng dei meir.
Men før eg sendte dei vekk så måtte eg ta bilde av dei, for å ha som minne. Og kanskje kan eg samanlikne desse bildene (av jentene mine) med bilder av meg sjølv og søstra mi då vi var små og brukte samme kleda...


Selebukser var antakeligvis VELDIG populært. Eg har ikkje tal på kor mange selebukser eg har frå den tida, for barn i alderen 1 år og oppover til tenåra nesten.



Kjenner dere til dette merket?:
Mange av dei gamle barnekleda har dette merket på seg... Eg lurer på om det var Cubus som solgte det, eller så overtok Cubus den butikken der dei solgte desse kleda. For eg synest å hugse butikken der vi kjøpte desse kleda, og i seinare tid var det iallfall Cubus som var i det bygget.

Sjekk dette flotte fin-settet då! Masse blomster, rysjer og skulderputer *hehe* Men ikkje akkurat noko eg hadde kjøpt om eg fann det på butikken no, kanskje. Trur dette er fra 90-talet.


Denne t skjorta hugser eg at eg hadde på meg, og bukser med strikk nederst var veldig populært ei stund:




Her har vi ei ei cord-bukse, dei var også veldig populære den gongen- har mange av desse også. Og rosa genser med ein slags "rysjer" på.

Denne t skjorta liker eg, og den har eg beholdt. Kanskje det har noko med at klede med sånne mønster har blitt populære igjen?

Sirkler og rundinger...

Ei sommerlig drakt frå 80-åra.



Enda eit fin-sett. Med gullknapper og skulderputer :)


Nok er nok... Tålmodigheten holdt lenge denne gongen, men no får det vere nok bildetaking. Og døra vår passer fint inn i "moteshowet" vårt sidan den også er ein del tiår gammel. ;)

tirsdag 26. januar 2010

Ungane er glade i å male



Eg og ungane pleier å vere med på barneforening, der ungane bla. får lage forskjellige ting. I dag malte eldstejenta denne yndige hjerteboksen. Det er veldig kjekt med sånne ting som man kan male, for det er noko barn i alle aldre klarer å dekorere.
Minstemann held seg gjerne til ein farge når han maler sånne ting, mens dei litt eldre kanskje bruker fleire farger og klarer å framheve detaljer om dette fins på tinga (td på gipsfigurer).

Mellomstejenta malte også ein sånn boks for ei stund sidan. Den og andre "heimelaga" ting ligg i Hobby med barn- kategorien.

mandag 25. januar 2010

Mickey's Once upon a Christmas Parade


Mickey's Once upon a Christmas Parade


 Første del av dagen i Magic Kingdom gjekk med til å sjå seg litt omkring, og sjå på eit par parader som passerte oss. I denne paraden var det mange kjente og kjære disneyfigurer som gjekk/køyrte forbi. Og Askepotts slott gir ein fin bakgrunn til dette bildet av Langbein på ei fargerik vogn.








Den nye Disneyprinsessa, Tiana, vinker til oss



Så kom det ein vogn med fleire av dei andre Disneyprinsessene og prinsene på, bla. Ariel, Sjasmin, Belle og Tornerose...




Askepott og prinsen hennar kom i den nydelige vogna hennar.

Det var veldig kjekt å sjå denne paraden. Det gjorde til at parkbesøket blei meir komplett sidan vi då hadde fått sett mange av disneyfigurane.

lørdag 23. januar 2010

Nytt scrappestash fra Disney og japansk "snop"



Eg kjøpte med meg litt scrappepynt, klistermerker og mønsterark fra WDW og Sea World.


Eg gleder meg til å ta i bruk desse søte punchene og mønstersaksa!


Ei eske med Disney vintage klistermerker fekk også bli med meg heim.



Allerede før vi kom inn i den japanske butikken i Epcot visste eg at der kom eg til å bli lenge. Dei har så mykje fint!!
Mangategninger (og -figurer) har eg likt heilt sidan eg såg tegnefilmane om Candy Candy som lita. Og Hello Kitty, My Melody og andre søtinger bringer også tilbake minner fra den gongen. Derfor blei det bla. litt kort og klistermerker herifra.


... og enda litt til...


.. og så desse Hello Kitty stemplene ...

LO: Reach for the stars


Endelig fekk eg scrappa igjen :)
Hobbyrommet og tida mi har vore fyllt med andre ting dei siste månedane, men no har eg fått rydda litt på rommet mitt. Denne LO'en begynte eg egentlig på i høst, men så har den blitt liggande på vent...
 Når det er lenge sidan eg har scrappa så tar det litt tid å begynne på an igjen, men etter å ha sett i litt scrappeblader og litt på nettet, så kjem inspirasjonen tilbake.

Det flotte mønsterarket er fra Fancy Pants.
Den oransje stjerna bak bildet klippte eg ut sjølv og la ein mørkere kant på.
Den brune stjerneborda er ei ferdiglaga kartong-bord, og så tegna eg med sølvtusj på kantane og satte stjerneknapper på.
Eg har også satt nokre stjerneknapper på tegningane på mønsterarket òg.
Eg har lurt på om eg skulle ha putta på enda meir pynt, men dette får holde så lenge :)

~ Reach for the stars, reach for your dreams ~

Disneymagi


Vi såg på to Disneyshow i Magic Kingdom, desse bildene er fra "Dream along with Mickey". Og her fekk vi sjå fleire kjente og kjære disneyfigurer.. i tillegg til dei på bilda så fekk vi bla. sjå Peter Pan, Wendy, mange flinke dansere og dei andre prinsessene også.






Og dette koselige showet, som minna oss på at det forsatt var jul; "Celebrate the season".

Artig for store og små å sjå favorittfigurane sine "live".

Takk for kreativ award


Denne veka har eg fått denne awarden fra Størstepia, Rosa engler og Eirin. Tusen takk skal dere ha!
Sammen med awarden følger det med ein utfordring;  Fortell 7 ting om deg sjølv... *tenke, tenke*


  1. Eg har lett for å få sanger "på hjernen". Spesielt viss ungane går og syng på ein sang... då tar det ikkje lang tid før eg òg går og nynner på den, enten eg vil eller ikkje.
  2. Rosa er ein farge eg blir glad av
  3. Liker smykker, og har for øyeblikket på meg eit med ein trefigur forma som ein spekkhoggers "hale". (Fra seaworld)
  4. Skulle ha vore flinkare med blomster.
  5. Scrappa i forgårs! Har ikkje hatt tid til det dei siste månedane- så det var kjekt å endelig få gjort det igjen :)
  6. Er Plan-fadder for ei jente som er like gammel som eldstejenta mi.
  7. Blei aktiv på nettet då eldstejenta mi var baby (i 2000) og lærte meg då å lage enkle heimesider ved å bruke HTML koder. Hadde sider både til meg sjølv, ungane, pappa og andre familiemedlemmer ;)
Eg burde ha sendt denne vidare til nokon, men det er så vanskelig å velge ut kven for det er så mange blogger som eg liker og som er fyllte av kreativitet. Eg velger å vente litt, og kanskje sender eg den vidare ved ein seinare anledning.

torsdag 21. januar 2010

♥ Magic Kingdom (i Walt Disney World) ♥

Litt bilder fra Magic Kingdom

Vi ankommer Magic Kingdom, og spenninga er til å ta å føle på. For kvar ting vi køyrer forbi med Disney på (busser, plakater, figurer m.m) høyrer vi fra baksetet "Sjå der! Sjå der, mamma.. og der!"

Butikkane var fantastiske. Så mykje vi kunne tenkt å ta med oss heim! Godt vi kunne ta bilde med oss heim, så har vi iallfall minnene.

Desse Mikke-bamsane var så skjønne ♥ Og hadde eg hatt god plass i 
kofferten, så hadde eg tatt med meg ein heim.

I Magic Kingdom har dei ein heil butikk med Disney-julepynt. Her var det også mykje eg kunne tenkt meg, og eit par kuler blei dei... men desse var eg redd kom til å knuse på vegen om eg hadde kjøpt dei.
Ungane fekk velge kvar sin Disney-julepyntfigur som vi kjøpte med oss.

I Askepotts fontene slapp vi nedi ønskemynter.

Askepotts slott om kvelden.
Fleire bilder kjem...

Dette innlegget er med i månedens tema hos Foreldremanualen: Reise med barn

Magic Kingdom og huset vi budde i


Magic Kingdom, a dream come true. Det var ein fantastisk følelse å faktisk vere der. Sidan vi besøkte parken i romjula, var det ganske mange i parken og køene var endeløse, så dei prøvde vi å å unngå. Vi såg to ulike Disneyshow som blei vist på scena foran slottet, og også to parader som gjekk gjennom parken. Det var berre å  "vere" og nyte kvart sekund.
Det var kanskje ikkje den mest koselige parken vi besøkte, spesielt pga folkemengdene. Men denne parken måtte jo berre besøkast- det er jo sjølve Disneyparken (sjølv om Walt Disney World egentlig består av fleire parker).
Og mellomstejenta fekk seg ein ekte Disney-prinsessekjole... Vi tok den på med ein gong, men sidan ho fekk så mykje oppmerksomhet etterpå (mange, spesielt dei som jobba i parken, kommenterte at ho var så fin og at her kom dei ei prinsesse) så ville ho ha den av igjen etter ei lita stund.

Vi var blitt anbefalt å vente til det fantastiske fyrverkeriet som er i parken kvar kveld kl 22 (trur eg det var), men i 17-18 tida var (spesielt) ungane leie og metta på parklivet. Då er det best å reise heim att, ellers er det ikkje noko kjekt for nokon. Men det artige var at vi kunne sjå deler av fyrverkeriet fra der vi budde, så då fekk vi sett det likevel :)



Fra Orlando flyplass var det 20-30 minutters køyretur til huset vårt (vi måtte først innom ei anna adresse for å hente nøkkelen). Og vi blei positivt overraska over det som møtte oss (og det var veldig godt å komme i hus etter å ha vore våken i nesten 24 timer!).
Det er jo alltid spennande når ein skal på tur, og spesielt når ein har barn med, å sjå kva standard det er på det vi har leigd. Og vi var fornøgd med alt.
Bilane var store og gode, og huset var stort. Vi i reisefølget brukte 4 av 6 soverom, der var også 4 bad. *luksus*
I garasjen var det eit stort spelerom med bla. biljard, dart, tv og playstation. Og bassenget som var på verandaen, blei flittig brukt.