
I går var minstemann ute og "jobba" med pappaen sin vèl og lenge, til han kom inn døra til meg. Skitten i ansiktet og på hendene, med luktende bleie og med eit herlig smil om munnen. I handa hadde han tre fine løvetenner... Han virka så glad og liketil der han stod, noko som smitta over på meg. Tanken på at han hadde hatt meg i tankane då han plukka dei, gjorde at eg verdsatte dette øyeblikket endå meir.
Eg spurte om han hadde plukka dei til mamma, og han svarte samtidig som han peika på ein og ein av blomstrane (eller ugraset for den som foretrekker dèt ordet) at; "den va til systa, den va til pappa, den va til mamma..." og han ramsa opp endå nokre til som skulle få desse løvetannane. Det gjorde at eg blei enda litt gladere- tanken på at han hadde tenkt på fleire i familien (eller iallfall tenkte på dei der og då) var så fin :)

Utrolig fint bilde..
SvarSlettsnakker meg om stemning!!
Herligste lillegutt som kommer hjem med blomster til mamman:)