fredag 31. juli 2009

Tanker om blogg og nettvett (og bladet Mamma)


glitter-graphics.com

Eg fekk bladet "Mamma" i posten i dag (det er alltid like kjekt), og der det stod ein lang artikkel om mammablogging. Interessant lesing for meg som blogger sjølv, men eg skumlas berre artikkelen før tankekverna begynte å settes i gang, og eg skreiv ned mine eigne tanker om blogging før eg las den grundigere:

Men kvifor blogger eg? Det har eg av og til tenkt på...
Først skulle bloggen min vere ein scrappeblogg, for eg fann så mykje inspirasjon og ideer av det andre scrappere laga og blogga om, at eg også ville dele nokre av mine LO'er. Og også for å vise fram hobbyene mine for familie, venner og andre interesserte. Men så fekk eg lyst til å skrive litt om kvardagslivet som mamma... om hus, heim, foto, tanker, erfaringer, hobbyer, små ting og store ting og andre interesser som er blitt farga av at eg er mamma. Og dette blei det meir og meir av.... Eg blogger bla. for å "skrive av meg" tanker, ideer og erfaringer eg har gjort og gjer meg som mamma, og kanskje nokon kan dra nytte av å lese det?




Kven blogger eg for?
Eg blogger mest for meg sjølv, for å få skreve ned litt av alle tankane som kverner i hodet. Eg er kanskje ikkje så god på å formulere meg på morsomme og artige måter, men eg håper at nokon kan ha litt nytte av eller kan få litt glede av bloggen min. Eg er avhengig av å bruke gule lapper og lister, og det som ikkje blir skreve ned har lett for å bli gløymt. Eg pleier å fleipe med at det er så fullt oppe i hodet mitt av tanker, ideer og prosjekt at det er nesten er fullt *hehe* Det er ikkje plass til så mykje meir ;) Då er det godt å kunne skrive av seg litt i bloggen...

Kvifor er eg interessert i å blogge og dele litt av livet mitt på internett?
Eg begynte å utforske data og nettverdenen for litt over 8 år sidan, då eg var heime med mi førstefødte. Det begynte med at eg fann info om ting eg lurte på når det gjaldt babyen min, eg blei medlem av forum der eg kunne utveksle tanker, spørsmål og erfaringer med andre mammaer. Og eg blei også medlem av mailgruppa Barn2000. Vi er mammaer som alle fekk barn i milleniumsåret, og dei siste åra har vi forsatt kontakten via mailer-og innimellom har vi også treff om somrane. Eg har fått eit slags sosialt liv på nettet. I tillegg til venner eg har "in real" (utenom nettet) så har eg også blitt kjent med mange flotte mennesker på internett. Det at eg også kan holde kontakten med vennane mine på msn og facebook gjer at eg gjerne har meir kontakt med nokre av dei som står meg nærmast.



På nett kan ein alltid finne folk som har dei samme interessene som ein sjølv, og det skaper ein fellesskapfølelse. Og det kan vere godt å komme inn her og skrive av meg ting eg tenker på til folk som eg egentlig ikkje kjenner og som ikkje seier ting videre, eller svare andre som lurer på ting som eg kan svare på og bidra med mine erfaringer til.
Når mannen jobber ute om kveldane og ungane har lagt seg, så er det koselig å surfe litt rundt. Sjå kva venner på facebook har holdt på med, chatte med venner på msn, korleis har vennene mine på favorittforumet mitt det? Er det noko eg lurer på som eg vil finne svar på (f.eks utslettet til ungen min, korleis pynte LO'en min, test av barneutstyr m.m) så finn eg det her.





Kor går grensa for kva eg legg ut i bloggen min?
Grensa for kva ein legg ut på internett og i blogger er veldig individuelt. Nokre legg ikkje ut noko særlig av info om seg sjølv eller bilder, mens mange legg ut mykje (kanskje alt for mykje?). Eg trur eg er midt i mellom. Eg begynte å lage heimesider, for både meg sjølv og ungane mine, for 7-8 år sidan, og var nok meir ukritisk den gongen. Informasjonen om kva innhaldet ein legg ut kan brukes til, økes- så eg er iallfall blitt meir bevisst og kritisk til kva eg legg ut. Eg deler forsatt litt bilder av ungane mine med venner på nettet, men dette skjer mest på lukka forum eller på mail. Nokre bilder legg eg også ut i bloggen, men eg har mi eiga grense for kva eg legg ut bla.:

-Eg prøver å ikkje legge ut bilder og info som kan brukes mot meg og mine. Td. ikkje info/bilder som ungene mine kan bli flaue over seinare eller mobba for.
-Eg legg ikkje ut bilder av kor vi bur. Om ein virkelig vil vite sånt så finn ein det sikkert ut, men eg er iallfall bevisst på å ikkje vise så mange sånne bilder herifra.
-Pga barnas sikkerhet bruker eg stort sett bilder med lav oppløysing og så gjer eg kanskje ansikta deira meir utydelige. Nakenbilder legg eg heller ikkje ut. For eg vil ikkje at feil personer skal bruke mine bilder og kanskje manipulere dei og bruke dei til ting som eg ikkje vil tenke på.
-Eg legg ikkje ut gjenkjennelige bilder av andre uten samtykke.
...Og det er også fleire ting som eg ikkje kjem på i farten (sjå lenger nede i innlegget for linker til tips og råd).
Det ligg alltid ein liten kritiker i meg når det gjeld kva eg bør legge ut i bloggen min, og ikkje. Og kanskje legg eg ut noko som eg kan komme til å angre på ein gong, men eg prøver å vere kritisk så eg ikkje skal trenge det.




Om negativitet og sterke meininger i bloggen min:
Eg prøver å vere ein positiv person og å sjå det positive i ting. Men eg har jo også mine perioder der eg er litt lei og ting føles tungt.. det er vel ganske normalt. Negative skriverier kan gjerne slå tilbake på meg eller andre seinare, så eg prøver heller å minne meg sjølv på kor godt eg har det. Og noko av det eg skriver om håper eg at også får andre til å tenke over dei gode og positive tinga i livet. Derfor blir det nok ikkje skreve så mykje negativt her med det første... kanskje litt irritasjon og sånn innimellom... Men dei andre tunge tankane held eg foreløpig for meg sjølv, for eg har det veldig bra; tre skjønne barn, ein snill og god mann, hus og gård, gode venner og ein fin jobb med utfordringer og mange herlige små og store mennesker.


glitter-graphics.com


I mitt "vanlige" sosiale liv har eg venner/kjente/familie som er på nett, og venner/kjente/familie som har lite eller ingen erfaring med internett og data. Sidan internett har blitt ein så stor del av livet mitt er det kjekt å komme inn hit og vere ein del av eit fellesskap med mange andre som har samme interesser, både når det gjeld mammaliv og hobbyer. Fleire eg kjenner er knapt inne på nett, og dei lurer vel på kva i alle dager eg synest er så interessant med det heile. Og det kan du sei... ikkje veit eg. ..Det er vel berre blitt ein hobby og fritidssyssel... ei stor interesse. Og eg synest det er veldig greit å kunne søke og finne ut det meste som ein treng på nett. Eg merker også at det gir ein del positivt å ha erfaring med internett og data, spesielt no når jentene går på skulen og begynner å bruke dette mediet sjølv. Også på jobben drar eg god nytte av å ha litt basiskunnskaper innen data.


glitter-graphics.com



Linker til sider om nettvett og råd om kva ein bør vere forsiktig med;
Barnevakten.no Generelt ei god side om barn og media
beskytt-barns-personvern-pa-nettet
Vær smart og trygg på nett
Informasjon om mindreårige på internett
Ferieminner blir til overgrepsbilder
Et klikk for mye
I beste mening - et veiledningshefte om bilder av barn på nett

....
Etter at eg skreiv dette las eg gjennom blogg-artikkelen i "Mamma". Og litt av det eg har tenkt på, kan ein også lese om i artikkelen. Det var ein interessant artikkel som eg anbefaler andre mammabloggere om å lese. Det var også intervju med Therese i bladet. Therese skriver bloggen Thessa & Prinsessa og vann prisen for beste norske mammablogg under Mammablogg Galan 2009 . Den tittelen var fortjent.


Det tok meg litt tid å skrive dette innlegget. Sånn er det når eg skal komme med dei litt djupare tankane ;) Bruker litt tid på å formulere meg riktig. Men trur eg har fått ned dei viktigaste tankane mine rundt dette, og fått fram det eg ville.
Hadde mykje anna eg ville ha skreve om, men får ta det ein anna dag; bla. tanker om valg av bil, sommerfugler, nye favoritter m.m.


glitter-graphics.com

Min personlige almanakk

Eg hadde tenkt å komme meg i seng i rimelig tid i dag, men sånn blei det ikkje (i kveld heller)... Blei sittande på denne sida : http://www.personligalmanacka.se/ og laga meg min eigen, personlige almanakk. Har ein A-plan som eg pleier å kjøpe ny årspakke til for kvart år, men for det kommende skule- og barnehageåret vil eg prøve noko nytt. Ein almanakk der eg har valgt designet inni etter mine ønsker og behov :) Den er bestillt og betalt, så no berre venter eg på å få den i posten. *Gleder meg*

(Bildet er lånt fra nettbutikken)

onsdag 29. juli 2009

Førskulejente

Har nettopp laga ein LO av førskulejenta som eg hadde i fjor høst... Måtte lage den no, for om berre nokre veker så er ho skulejente! Ho såg så lita ut den gongen, men dei modnes mykje siste året i barnehagen- og no er ho klar for å begynne på skulen :)

Blogg Candy

I Astrid sin koselige blogg kan ein vinne ei nydelig bok:


Og Daniel lodder ut denne flotte Blog candy'en:



(Klikk på navna for å komme til bloggene deira)

Ein ubeden gjest i albummet


Her har eg scrappealbumma mine ståande (mens eg venter på den ultimate bokhylle-seksjonen som eg drømmer om å få i stua). Og kanskje er det 3-4 veker sidan sist eg tok ned eit album, så då eg skulle ha ned det eine rosa i dag så hang det litt spindelvev rundt det. Greit nok det (det hender jo fra tid til annen andre steder i huset)... det eg syntest var litt merkelig var at det såg ut som om det var litt støvdotter på nokre av trådene... det er ikkje heilt vanlig.. men kanskje det var litt støv i omløp her inne...

Eg tok vekk spindelvev-trådane, merkelig klissete.. kanskje dei var ferske... Men såg ingen som kunne ha laga desse trådene og tenkte ikkje meir på det. La albummet på ein stol og åpna det...


Og eg såg det ikkje med ein gong... det var jenta mi som satt på golvet som såg det først... ein diger edderkopp på innsida av albummet.... Nåja... så diger var den kanskje ikkje.. Ikkje fullt så stor som dei eg har hengande utanfor vindua mine om kvelden. Men det var ikkje langt ifra. Og eg må vel vere ærlig å innrømme at eg ikkje har noko særlig til overs for edderkopper. Men så lenge eg ikkje får dei på meg, eller kvepp av dei fordi dei plutselig dukker opp i nærheten- så går det greit. Men no kvapp eg litt, sjølv om den såg død ut, men ved nærmare undersøking så var den levande. Då var det berre å be jentene (som satt på golvet ved sidan av meg) om å flytte seg så eg kunne gå , med raske skritt, ut på trappa og kaste den ut. Eg kunne kanskje tatt livet av den, men når dei er så svære- så er dei så ekle, og i dette tilfellet var beste løysing å kaste den ut :)
Eg skulle jo tatt bilde av den, men i kampens hete så blei det gløymt, men ein prikk der den stod kunne eg jo vise.

Så ein er aldri trygg, dei dukker opp når ein minst venter det ;) (Men det er ikkje så mykje å gjere med det...)

tirsdag 28. juli 2009

Jordbær, blåbær og andre bær + svar på kommentarer

Har ikkje ete jordbær på over ei veke, så då eg var i byen i dag og såg ein jordbær-selger som solgte det- så måtte eg kjøpe litt og har kosa meg med det i kveld. Han hadde skreve på ein plakat at det var siste dagen han hadde jordbær for salg- så no er sesongen over.... Forhåpentligvis har vi kanskje litt i frysen som vi kan kose oss med i vinter.
Men vi kan no kanskje nyte bringebæra og blåbæra littegrann til, og snart er det jo bjørnebær-tid :) (Svigerinna mi har bær-gård, så vi får litt godsaker derifra)

*Nam, jordbær*


* I forgårs kosa eg meg med denne mixen (blåbær, bringebær og litt rips)*

* Min sjokoladefavoritt i sommer; bringebærtopper *

Svar på kommentarer:

* Neet: Søkte litt på nett for å sjå om eg fann ein nettbutikk til der eg kjøpte koppene fra. Butikken heiter Kitch'n og har nettside; http://www.kitchn.no/ (men eg fann ikkje koppane då eg var ein rask tur innom nettbutikken)

* Favorita67: Bakgrunnen i bloggen har eg lånt fra http://thecutestblogontheblock.com/

* Eirin: Så bra at du fann litt stæsj til Hannah Montana bursdagen :)

Takk for alle kommentarer- det er så koselig å få besøk av dere og eg setter pris på at dere legger igjen spor etter dere :) Og takk for alle utfordringane eg har fått i det siste, eg skal prøve å ta dei :)

mandag 27. juli 2009

Ferieshopping til liten og stor

Det blei litt ferieshopping på meg då vi var på ferie, mykje til dei små og litt til meg sjølv :) Her er litt av det eg fyllte opp bilen med:

3 nye smykker til meg sjølv. Bruker smykker ganske ofte, så det er kjekt å variere litt :)

Kom over dette smykket m klemmer som var på salg- couldn't resist. Blir nok adventskalendergave til ei av jentene ;)

Var innom ein fin duppeditt & ting og tang- butikk. Her var det masse fint for meg som liker småting. Kjøpte mange sånne fine nøkkelringer- meininga er å bruke dei i godteposane til jentenes bursdager. (Det blir til neste år *hehe*)


På samme butikk fann eg desse klistermerkebøkene. Har kjøpt ein del sånne på ebay- til meg og mine små. Men her kjøpte eg mange fleire- og tanken er å bruke som små gaver til ungenes venner (dei kosta jo berre 15-16 kr). Dei fleste liker jo klistermerker :)


Fann meg nye sko!! Sidan søstra mi jobba på Bianco for ei stund sidan (sjekk gjerne bloggen hennar her: http://neet-on-net.blogspot.com/ ) blei det mange nye sko ein periode, så om desse var heilt nødvendig vites ikkje. Men dei kosta jo berre 100 kr pr par da :) Og då er det vel lov? Mannen min meinte at viss eg kjøpte desse så burde eg kaste eit par eller to av mine gamle favoritter. Har spesielt eit par, burgunder skate (?)-sko som eg er så glad i... og dei har sett sine bedre dager. Men dei er så goooode å gå med (kan vel ha dei til heimebruk iallfall kanskje).
Men uansett- alltid moro med nye sko :)
Søstra mi har forresten lagt ut ein del Bianco-sko for salg i bloggen sin.



Minstemann fekk seg ei Elias t skjorte (som var på tilbud) og ei t skjorte fra VM (med raske båter) i Arendal.

Etter at eg begynte å drikke kaffi (for litt over eit år sidan) så elsker eg sånne store, gode og fine kopper. Eg kunne ikkje motstå desse to. Denne gule pga den oppløftende teksten inni, og den brune fordi den er brun :)



Og desse gryteklutane var no søte dah.... Kasta dei gamle, gode gryteklutane mine for ei stund sidan, og erstatta dei med nokre som var veldig harde og ikkje noko særlig gode. Men no når desse er komt i hus er det nok desse som blir mest brukt, mjuke og gode og fine.

Og så har eg ein "ting" når det gjeld hjort og elg og sånn... Så desse elg-hengarane MÅTTE eg berre ha. Lure på kor eg skal ha dei hen... Mannen tenkte på hytta då han såg dei, men vi må jo ha dei her! Trur eg da... (det med hytta svirrer jo litt i bakhovudet mitt no...)
Meire sko... eit par til minstemann (dei var på tilbud desse også)
Og eit par til mellomstejenta...

Klarte ikkje å motstå denne kjolen som eg kjøpte til mellomstejenta. Ho får ikkje like mange nye kle som storesøster og lillebror, sidan ho må arve ein del . Men innimellom er det kjekt å kjøpe litt nytt til ho også.

Og i Snilsberg familiepark fekk minstemann ein caps med gråtass på- den likte han godt.

Rydder i gamle og små kle


Skulle egentlig berre legge vekk kleda som er blitt for små for jentene i dag, og litt kle som andre har lånt av meg. Men så fekk eg høyre at mine nærmeste naboer skulle levere inn ein del kle for å sende det til folk som treng dei i andre land. Det har eg også tenkt lenge på, og posene stod klare med kle som eg ville sende. Der oppi er det ein del kle som eg hadde då eg var liten, kle som eg gjerne har hatt liggande framme då dei passa til ungane, men som heller ikkje dei har brukt... og det er berre å innsjå at dei faktisk kanskje aldri blir brukt. Og då er det mykje bedre at dei som virkelig treng dei, kan få dei istedenfor at eg kaster desse kleda.

Så dagen har til no blitt brukt til å sjå gjennom desse kleda, for dei må vaskes før eg kan sende dei nokon plass. Eg har også ein del poser med kle som eg har kjøpt til ungane, klede som er blitt for små og som eg sikkert ikkje får bruk for meir- og no tar dei berre opp masse plass. Ein del av desse vil eg kanskje prøve å få solgt, sidan dei er fine og godt brukandes kle.

I Mikkelparken

Ein dag var vi i Mikkelparken i Kinsarvik- og den har blitt bedre og bedre med åra. Det er iallfall mange ting som er der no som eg ikkje kan hugse at dei hadde der sist vi var der- og ikkje trur eg dei hadde navn på parken heller den gangen.. Men no heiter den altså Mikkelparken.
Det er ein koselig familiepark, med fine leikeapparat og ting som ungane kan kose seg med- samtidig som at mammaene og pappaene kan sitte ved sidan av å sjå på (eller dei kan vere med på leiken).

Gutten min la sin elsk på denne vegen og alt han kunne køyre med her. Eg trur han kunne ha vore på denne plassen heile dagen. Her og ved gravemaskinene :)


Og så hadde dei sånne skjønne, små skilt.

Sjekk dette flotte og fargerike rommet! Eit eldorado for dei minste :)

.... og også kjekt for dei litt eldre. Artig klatrevegg :)



Skjønne små dyr


Og kjempestort klatretårn. Jenta mi hadde egentlig ikkje tenkt seg så veldig høgt opp, men ho kom seg til topps. Tøffingen



Desse geitene hadde det fint
Og så har dei fått eit sånt flott leikeland i parken. Eit stort klatrebygg, og også eit mindre som var meir på bakkenivå for dei aller minste. Ved sidan av klatreanlegga var det bord og stoler til dei voksne, og ein kiosk.
Vi hadde ein koselig dag i Mikkelparken. Den passa fint for alle våre tre små (på 3, 6 og 9 år). Vi prøvde også å finne gull i gullgraverrenna, men fann berre ein liten gullklump. Men vi fekk premie likevel; ein flott skei (i Hardangerbestikk)! Og så er det badebasseng i parken :)
Parken ligg sånn ca. her:

Parkens nettside: http://mikkelparken.no/

lørdag 25. juli 2009

I Mineralparken

Ein av plassane vi besøkte i ferien var Mineralparken.

Her var det mange flotte figurer og fine mineraler fra naturen. Var mykje eg kunne tenkt å hatt med meg heim til min eigen hage! Ungane kosa seg der dei sprang fra figur til figur, og dei hadde det kjekt i parken.


Ein litt for stor og hard ball til at den kan sparkes...


Søte ugler

Mange flotte fontener

Titt titt lille venn


Mineralane var utstillt inne i underjordiske tunneler.




Og ungane hadde fått kvart sitt skattekart, der dei måtte finne postane og klippe... for så å få ein premie då vi kom ut.




Fra Mineralparkens heimeside:

Mineralparken er en unik opplevelse for hele familien.Inne i fjellhallene finnes over 1000 mineraler fra hele verden. La deg, din familie og dine gjester imponeres og inspireres av hva naturen selv har skapt. Dette er Europas flotteste og mest spektakulære samling av steiner og mineraler!





Desse figurane likte eg ekstra godt:






Mineralparken ligg ca. her:


NB! Det er eg som har tegna prikken på kartet, så det kan hende den ikkje er nøyaktig på riktige plassen. Men den stemmer sånn ca.

Parken ligg ca 55 km nord for Kristiansand.

Fleire parkbesøk-bilder kjem.