onsdag 31. mars 2010

Mars er snart over.. liten oppdatering på heim, familie og hobby

No går vi snart over til april, den siste månaden har jammen gått fort. Litt av grunnen kan jo vere at eg har jobba ein dag ekstra kvar veke; så no eg ser litt fram til å ha mandagane fri igjen. Då får eg kanskje gjort nokre av dei større ryddeprosjekta som eg har planer om.

Når eg ser tilbake på månaden som har gått, så har den jo vore fyllt med små og litt større opplevinger
To søndager har vi vore på basar- der vi bla. vann fargeblyanter og dukker begge gongane. Eit par familieselskap har vi vore i, og eg har vore på to heim-skule-samtaler.

Eg hadde klubb i forgårs (og serverte fruksalat med is), og har også vore på jentekveld sammen med søstra mi og ei veninne.

Eit større prosjekt som vi begynte på i helga som var, er å dele opp det store, gode barnerommet som dei to minste deler. Mellomstejenta har lenge hatt eit ønske om å få ha sitt eige rom. 
Det er litt synd å dele opp eit sånt stort og bra rom, men eg skjønner ho godt. Eg trur det blir enklare for ho å halde det ryddig når ho kun har sitt eige å halde styr på. Og eg trur det blir godt for ho å få eit rom der ho kan ha alle småtinga sine, og ordne det sånn som ho vil ha det.
I skrivende stund er veggen mellom romma komt opp, og mellomstejenta synest ho får det riktig så koselig. Mens minstemann lurte på kvifor denne veggen skulle vere der :)

Littegrann scrapping har det blitt, og no har eg eit par LO'er som venter på å bli ferdige (ein LO blir sjelden ferdig i full fart her i huset). 
Eg held på å rydde hobbyrommet og prøver å få det litt "lettare", men må ta det litt og litt når eg veit at eg har litt tid til å få ting gjort. Eg har ein liten ìde om å begynne å arrangere scrappetreff, der dei som kjem kan få bruke av det eg har. Kanskje eg kan lære vekk ein ting eller to viss det er ønske om det.
Eg har jo hatt venner på besøk, der vi har scrappa eller laga kort, og dei har fått bruke mitt utstyr og betalt for pynt/ark som dei bruker. Men dette som eg tenker på no blir kanskje større... 
Når rommet er rydda skal eg tenke litt meir på det og kanskje legge ein  plan...

4H har spurt meg om å halde kurs på eit arrangement som dei skal ha. Eg holdt kurs for dei i fjor også, og det gjekk veldig bra. Det var ein god følelse å høyre at ungdommane syntest dei lærte noko og at dei hadde det kjekt. Eg må handle inn det dei skal bruke på forhånd, så no har eg bla. handla litt småting på ebay og i nettbutikker til dette formålet.

Ungane baka boller nesten heilt aleine i dag- så vi har kosa oss med boller både til lunsj og kveldsmat :)


I høst skreiv eg eit innlegg om Blythe-dukker, og no er snart denne nydelige dukka på veg hitover. Sånne dukker står også høgt på eldstejentas ønskeliste, så det er mulig at vi kanskje må dele på denne.

tirsdag 30. mars 2010

Linker til inspirasjon og gøy med påskeegg

kilde: dotcomwomen

Det fins mykje fin inspirasjon til korleis pynte påskeegg på nettet, besøk nettadressene for enda meir inspirasjon og tips :)

kilde: Kaboose


Kilde: Kaboose

Kilde: Amazing moms




Kilde: hostess 

Kilde: Lollypops





Kilde: Familyfun

Kilde: Familyfun

Kilde: Familyfun

Kilde: inspire co


I bloggen Owlishly finn du oppskrift på amigurumi - påskeegg

Påskeegg-moro på nettet:
Pynt påskeegg
Egg decorating
Easter Egg-tivities

søndag 28. mars 2010

Påskeegg-jakt på barnerommet

I fjor begynte vi med ein ny tradisjon; påskeegg-jakt. 
Då gjekk eg opp på barnerommet og gøymte påskeegga våres, og så fekk ungane komme opp etterpå for å finne dei.

Ungane storkosa seg. Dei kom springande opp og leita ivrig både høgt og lavt.

Nokre gonger måtte eg komme med små hint om kor egga kunne finnes.

Det var stor glede for kvart egg som dukka opp.




Alle egga er blitt funne, og no er vi spent på kva som er oppi...
På dei rosa lappane stod det kven sine egg det var.

Så mykje godt!! Det største egget var mitt og mannen sitt, og dei tre små egga var ungane sine. Minstemann fekk minst i egget sitt, men han fekk påfyll nokre dager etter (sidan han ikkje var så god på det å spare).

Desse bildene er frå fjorårets påskeegg-jakt. Då fekk ungane to egg kvar; eit med snop og eit med litt småting i. Jentene fekk bla. klistermerker og Littlest Pet Shop-dyr, mens minstemann bla. fekk seg ny spade og ein bil. Usikker på om det blir to egg på kvar i år... vi får sjå om nokre dager når det er tid for årets påskeegg-jakt.

Dette innlegget er med i månedens tema, Påskemorro, hos Foreldremanualen.

Så fint at fuglane er komt tilbake

I november hadde vi ein del småfugler på besøk kvar formiddag; ein gjerdesmett og nokre kjøttmeiser. Det var fast rutine at spesielt gjerdesmetten trippa litt ute på terassen, kvitra ein del og såg seg om etter mat.
I desember hang vi ut mat til dei, men sidan då så har vi ikkje sett noko til dei (antakeligvis pga snøen og vinteren). Men no har dei komt tilbake... iallfall kjøttmeisene. Gjerdesmetten har vi ikkje sett noko til. Lurer på om den har klart seg i vinter?


Samme bilde som ovenfor, berre beskjært og vendt litt mot høgre.

torsdag 25. mars 2010

Sommerfugl-bløtkake

Eg er ikkje så flink til å pynte bløtkaker på "vanlig" måte og med vanlige mønster (men kva er egentlig vanlig?). Eg står liksom fast når den skal til å pyntes, og må gå litt i tenkeboksen for å komme fram til ein måte å få kaka til å sjå ok ut.
Det blei ein sommerfugl med hjerter oppå denne (som eg hadde med meg på barnehagebasaren sist helg). Det fann eg ut var eit greit motiv når dette skulle vere ei "voksen-kake" på ei barnehage-tilstelning.

Malte påskehaner og søt påske-eske

Umalte trefigurer er enkle å dekorere for både små og store. 
Ved å berre bruke èin malingsfarge kan dei aller minste dekorere desse og få dei til å sjå flotte og påskegule ut (eller i andre farger dei ønsker). Dei kan selvfølgelig også bruke fleire farger samtidig når dei maler; enten vente på at ein farge tørker før dei maler på neste. Eller male alle fargane på samtidig, og få ein flott fargemiks ut av det heile. Smak og behag bestemmer.
Eldre barn (eller voksne) kan male flotte mønster på figurane, viss dei ønsker seg litt meir utfordring.

Påske-eska har eldstejenta malt, og fått den akkurat sånn som ho ville ha den. Den er fin til å oppbevare påskesnopen i (kjekt med eit alternativ til påske-egga).

Denne påskepynten malte ungane då vi var på barneforening før påske i fjor.

Dette innlegget er med i månedens tema, Påskemorro, hos Foreldremanualen.

onsdag 24. mars 2010

Søt påskepynt som ungane har laga

Desse tre skjønningane kom heim til oss (frå skule og barnehage) i fjor, så no gleder eg meg til å finne dei fram igjen. "Duske-kyllinger" har eg sett før, men "duske-påskeharer" var nytt for meg- så smart! Kanskje ein idè som eg kan låne med meg til barnehagen der eg jobber :)
Kyllingen i midten er laga av tova ull.

tirsdag 23. mars 2010

Ein søt, liten kopp

Fann denne i mammas skap og tok den med meg heim; koppen min ♥

søndag 21. mars 2010

På barnehagebasar

Barnehagen til minstemann pleier å arrangere basar kvart år. Oppgåvene som må gjerast blir delt på foreldrene, i tillegg til at vi også tar med gevinster og mat til kiosken. Sjølv om det innebærer litt arbeid, så synest eg dette er eit koselig arrangement. Det er kjekt å treffe dei andre foreldra, og det er spennande å sjå om vi kanskje vinn noko.

Sidan jentene også gjekk i denne barnehagen, så har vi fått vere med på denne koselige eventen i fleire år no. Overskuddet går til leiker og ting som ungane kan ha glede av i barnehagen.
Dette vann vi i dag. Ungane vann kvar sin premie på åresalget (flaks at den siste premien på årene blei vår, sånn at alle tre fekk halde opp ei åre og føle at dei vann kvar sin gong... Sjølv om vi deler på premiane og har dei felles).
I tillegg til åresalg, så blei det også trekkt premier på ei loddbok. Og då vann minstemann seg ei dukke :)

Vi var heldige som vann. Mange gjer det, men ikkje alle..
Eit år virka det som at vi ikkje skulle vinne noko, heilt til dei to hovudgevinstane blei trekkt; ein barnesykkel og ei dukke med masse kle. Og vi vann dei begge- snakk om flaks!

Eit år vann vi ingenting (det var nok litt rart og dumt, spesielt for ungane)- men då fekk vi erfare den følelsen. Mens vi ifjor hadde to bæreposer med oss heim, fulle av gevinster :)

fredag 19. mars 2010

Blad eg abonnerer på

Då eg blei mor for første gong (for snart 10 år sidan) begynte eg å abonnere på Foreldre & Barn. For meg så er F&B eit informerande blad med mykje bra lesestoff, men no i det siste har eg lese mindre og mindre av blada eg får. Eg har jo tenkt tanken... kanskje eg burde seie opp abonnementet mitt? Men samtidig så er eg redd for å gå glipp av noko. Så foreløpig skal det få forsette å dumpe ned i postkassa mi.

Bladet Mamma er favorittbladet mitt. Då bladet kom i handelen for første gong, så var eg ikkje sein med å begynne å abonnere på det. Dette bladet forbinder eg med kos og ei lita pause i kvardagen.

Creating Keepsakes gir meg inspirasjon til scrapping. Eg må  innrømme at det ikkje er så ofte eg tar meg tid til å scrappe- det blir litt no og då... Nokre gonger oftere, andre gonger sjeldnare. Men abonnementet er billig, og det er kjekt å få litt kreativ input kvar månad.

Eg har vurdert å begynne å abonnere på Kamille. For det er også eit bra blad... så vi får sjå.. med tiden :)

(Blei litt usikker på korleis man skriver abonnere... Skrives det abbonere? abbonnere?.... men nei.. då eg var innom ulike blad sine nettsider så fann eg ut at det skrives abonnere)

torsdag 18. mars 2010

Mellomstejenta les bøker

Mellomstejenta begynte i 1. klasse i høst, og det er ei fryd å høyre på kor flink ho har blitt til å lese i løpet av dette året. 
Etter jul begynte ho (og resten av klassen) å låne med seg bøker fra skulebiblioteket. Kvar veke låner ho seg ei ny bok som vi skal lese den veka, og veka etter leverer ho den inn og låner seg ei ny. Dei første vekene var vi veldig flinke til å lese i den utvalgte boka hennar kvar kveld. Ho las litt og eg las litt i tillegg til å hjelpe ho med dei vanskelige orda.

Eg må nok innrømme at eg har blitt litt glømsk og at eg muligens ikkje alltid kjem på desse bøkene som ho har i sekken... eller kanskje vi begge har blitt litt lei av å lese i dei (i tillegg til dei andre leksene) kvar einaste kveld? Nokre kvelder har iallfall jenta mi heller hatt lyst til at eg skulle lese nokre heilt andre bøker til ho. Og nokre kvelder så rekk vi det rett og slett ikkje, eller vi speler spel istedet. Men eg skal prøve å bli flinkare til å hugse på at ho har ei bok i sekken som vi kan lese litt i ;)

Denne boka er sikkert nokre år gammel, og det er nok derfor desse skjønne illustrasjonane appellerte til meg (sidan dei var populære då eg var lita). Og teksten i akkurat denne boka var jo ganske lettlest, men vi har også hatt heim bøker som ikkje har vore fullt så lettleste.

Men uansett så er det jo kjekt for dei små at dei får låne seg bøker, og det er sikkert veldig kjekt for dei at dei får velge akkurat dei bøkene dei vil.

onsdag 17. mars 2010

Nytt og koselig familiespel

Eg og jentene er glade i å spele spel, og "Villkatten" med Disneyfigurer er det nyaste spelet vi har fått i hus. 
Innimellom speler vi når mistemann har lagt seg om kvelden, og nokre gonger bruker eg det som belønning når dei har måtta rydde ekstra mykje. Ryddinga går litt lettare når dei veit at vi skal spele eitt eller fleire spel etterpå.

"Villkatten" har blitt eit populært spel i heimen. Kvar av oss skal finne eit visst antall figurer, og den som først får nok figurer, den vinner. For at mellomstejenta også skal ha ein sjanse å vinne så må ho finne 10 figurer, mens eg og eldstejenta må finne 15. 

tirsdag 16. mars 2010

Fargejakt på løa

Rosa

Når vi er på løa så tenker vi ikkje så mykje på det, men så var det ein dag då eg og ungane var der og ein tanke dukka opp. (Kanskje fordi eg leita etter noko å ta bilde av?) ... Ved første augekast kan kanskje løa virke litt grå og fargelaus (det går jo mykje i grått og trekvitt). Men der fins jo andre farger òg. Og eg er glad i farger som kan live opp litt...

Gul

Rød

Kubber med flotte mønstre og variasjoner

Oransj

Rød og lilla

Blå

Og eit bidrag frå meg sjølv; fargerike øyredobber som eg kjøpte i USA. Ungane i barnehagen der eg jobber blir ofte fascinert av desse.