mandag 19. august 2013

Problem med Photobucket

Skjønner ikkje heilt kvifor ikkje bildene mine, som eg har lagra hos photobucket, ikkje vises her på bloggen. Men håper at eg eller dei får fiksa problemet snart...

tirsdag 6. august 2013

Ungane på fotojakt

Då ungane ikkje heilt visste kva dei skulle finne på forrige dagen, foreslo at eg kunne lage ein fotojakt til dei, og det var dei med på. Dei var fem stykker, så eg delte dei inn i tre lag (eit lag med to jenter på 10 år, eit lag med gutter på 7 og 12 år, og eldstejenta på 13 fekk vere aleine på lag). Eg skreiv tre like lapper med ting dei skulle finne og ta bilder av. 

To av laga brukte mobiltelefonane sine, mens det siste laget brukte eit digitalt kamera.
Og jakten var ein stor suksess. Vi måtte ha to fotojakter til etter dette (nye lapper med nye ting å ta bilder av). Og dei var fortsatt ikkje lei...

Eg lager muligens kollasjer til familiealbumet med bilder av noko av det dei knipsa.