tirsdag 29. juni 2010

Fargerike barneperler

Fargerike barneperler er fine å sjå på, og kan gi både glede og inspirasjon :)
Nokre gonger liker eg å komme "tett inn på" desse herlige fargane og formene, og fylle bildet med alt dette fine.













Jentene har kvar sine smykketre, som ofte er fulle av fargerike smykker.

LO: Prinsesser

Ein dobbel layout til niesa mi, som handler om Disneyprinsesse-kjolane ho og jenta mi fekk i Walt Disney World.



Litt detaljer:
Bling (diamanter) på første bokstaven i tittelen. Og så skar eg ut prinsessa littegrann sånn at den kom uttapå pynt og bilder.

Eg dekorerte Torneroses kjole med glitterlim.

Swirler laga med glitterlim


Glitterlim på det rosa arket. 
Stempeltrykk av slott
Sommerfugl (fra ein punch) med bling og brunt på kantane.
Teksten er sangen "Once Upon a Dream" fra Tornerose-filmen.

Fleire lag med mønsterark, blonder og bånd. Og ein krone-charms.

Glitterlim som danner stråler rundt prinsesseskoen hennar.


Fleire sommerfugler med bling og cat's eye på kantene.
Tag'en er også puncha ut fra eit mønsterark.
Alle bildene har fått glitterlim-ramme.

Eit bilde av mønsteret på kjolen hennar (også dette med glitterlim-ramme).
Chipboard- blomsten med eit perlemorshjerte på.


To Prima-blomstre oppå kvarandre, med glitterlim (gullfarge) i midten.

mandag 28. juni 2010

LO: Mor og datter

Enda ein layout til niesa mi. Denne handler om båndet mellom ho og mammaen hennar (som er søstra mi). Bildet er litt utydelig, ser eg no, men men...
Øverst i høgre hjørne heng ein engel-charms.
I midten (mellom dei fire bilda) har eg ein bånd-pynt som det står "Love" på, og oppå bandet har eg eit kvitt hjerte.

Eit par detaljer:


Eg hadde bla. med dette sitatet:
"Gud kan ikke vere overalt, derfor skapte han moren. "
~ Sigmund Freud ~

LO: Såpebobler er gøy!

Ein layout til niesa mi sitt album. Desse bildene er fra då vi var i bursdagsselskap til ein felles tremenning av minstemann og niesa mi. Vi var midt i by'n, men fann ein grønn flekk ved elva der vi kunne blåse såpebobler.
Layouten er ganske enkel. Mønsterarket var så dekorativt og fint at eg ikkje følte behov for å pynte så mykje på den.

Litt detaljer:
Eg brukte glitterlim for å lage bobler på bildet og litt utanfor. Eg brukte også glitterlim på tittelen.


Rammene laga eg ved å tegne kvite streker rundt bilda, og så satte eg på eit par insekt-brads.


Eg skar ut litt av figurane på arket, sånn at dei kom oppå bilda. Og brukte dymo-tape til teksten.

søndag 27. juni 2010

Barnebursdag på "boblingen"

I dag feira vi niesa mi sin bursdag med familieselskap i bowlinghallen. Minstemann var så herlig då han sa at han ville "boble" :)

Veslejenta som no var heile 4 år hadde på seg ein nydelig kjole

Vi fekk mykje god mat, bla. muffins...

 ... og gelè med seigmenn (minstmanns favoritt)

Først måtte dei små inspisere banene (heiter det "bane" i bowling tru?)

Prinsessa i aksjon

Dei små hadde mykje moro med å spele

Kula var ganske tung, så den måtte oftest dyttes avgårde istedenfor å kaste den. Eg var litt engstelig for dei søte, små 4 års-tærne - men eg hadde ingenting å frykte. Sjølv om dei bar tungt, så hadde dei stort sett kontroll på kulene.

Takk for eit fint familieselskap på "boblingen"

lørdag 26. juni 2010

Bilder med mosegummi-figurer

Ungane bruker gjerne mosegummu-figurer når dei scrapper, men her om dagen laga dei bilder med kun desse figurane på :)


Desse figurane kjøpte eg i nettbutikken TreL ein gong.

torsdag 24. juni 2010

Eg og jentene på (foto-) tur i skogen - Del 2

Då vi gjekk tur i skogen traff vi på ein av kalvane våre. Den lille stakkaren hadde komt vekk fra dei andre og var no nesten komt heilt heim att. Seinare på kvelden prøvde mannen å få kalven med seg til skogs igjen, men då det ikkje var så enkelt fekk den heller gå sammen med sauefamilien som vi har i beitet.




Når man er på tur er det koselig å ha med seg niste, og så smaker maten ofte så mykje bedre når man er ute.

Litt kjeks hadde vi også med oss...




Bille på nært hold...

Jentene liker å ta bilde av leikane sine, og det er jo ekstra kjekt når man kan skifte litt på omgivelsane som man tar bildene i.





Så var vi på veg ned att til huset. Mellomstejenta med Blythedukka Angelica Eve på armen.

tirsdag 22. juni 2010

Eg og jentene på (foto-) tur i skogen - Del 1

Mandager pleier å vere fridagen min i veka. Dagen då dei andre i familien er på jobb, skule og i barnehagen- mens eg får gjort ekstra mykje husarbeid eller berre gjort ting eg sjølv har lyst til. Men no er sommerferien begynt, og derfor var jentene heime. Minstemann måtte i barnehagen, sjølv om vi var heime. For her er slåtten i gang for fullt, og minstemann er nesten "obsessed" av traktorkøyring og andre jobbeting og treng seg derfor ei pause fra alt dette ved å vere i barnehagen.

Eg og jentene tok med oss niste og kvar sine fotoapparat, og gjekk tur i skogen. Dukka vår og nokre av Little Pet Shop'ene til jentene fekk òg vere med.





Jentene har kvar sine kamera; eit av mine gamle og eit av mamma sine gamle- begge digitale. Sidan dei er nokre år gamle så er eg ikkje så redd for desse kamerane, og dei får bruke dei fritt. Og så er det mykje billigare å framkalle bilder fra digitale kamera enn engangskamera!!





Mens dei fleste sauer og lam er på fjellet, så har vi ein liten familien igjen på beite her heime. Tre flaskelam (som treng litt ekstra mat i sommer), mammaen deira og ein onkel :)


Lamma er ganske tamme, så det går an å kose med dei :)

Man kan bytte farge på augene til Blythedukker; Angelica Eve har blå, lilla, grønne og oransje auge.


Vi liker nok best dei blå eller lilla...