onsdag 16. mai 2012

Minstejentas kvardagsbilder

Nye, søte solbriller 

Men det var vanskelig å ta bilder med dei på, for ho var veldig rask med å ta dei av seg kvar gong eg prøvde :)

Nye smokker

Tidlig krøkes...

Gøy med Ipad!

På handel. Og tilfeldigvis stod det ein varebil med Eskimonika (Diplom-is) på bortanfor bilen vår.

(Då eg var lita las eg blader om Eskimonika.


Titter ut sammen med storesøskna 

Sleepy, snart leggetid.


mandag 14. mai 2012

I minstejentas babyalbum del 4


Litt meir fra minstejentas album; bilder og litt anna.

Dette hjerteforma kortet er fra storesøster. Dette ligg laust i ein fotolomme fordi det skal gå an å ta ut og sjå kva som står skreve på baksida.

Enda eit kort fra den andre storesøstra. Dette går også an å ta ut (sjå nedanfor)


Bleiene ho brukte då ho var nyfødt

Bilde av babycallen

Ein liten del av kjolen hennar

Bilder av fine kle eg har kjøpt til ho. Eg satte sammen bildene i kollasjer i Photoscape før eg framkallte dei.

onsdag 2. mai 2012

I minstejentas babyalbum del3

Her er nokre av pynte- og tekstkorta eg har laga til minstejentas album. Eg fyller albumet med tekst og bilder, og der eg har ein plass til overs set eg inn eit pyntekort eller ein del av eit fint mønsterark.

Desse korta laga eg då eg var på hobbykveld med nokre veninner. Dei andre strikka eller hekla, mens eg hadde med meg papirstæsj og laga pyntekort. Korta hadde eg skjært opp i riktig størrelse på forhånd.

Mens ungane scrappa så satt eg ved sidan av og stempla på desse blanke korta (kartong). Desse skal eg bruke til å skrive tekst på (tekstkort).

Stempla tekstkort (og eit pyntekort med rådyr på)

Stempla pyntekort

Stempla tekstkort der eg har fargelagt motiva, desse er i str 10x15 cm.

Desse tekstkorta laga eg i fjor, her er fleire av denne typen: Tekstkort til mitt og babyens 365 album.

Tekstkort og pyntekort. Her har eg brukt tekstkort og pynt fra diverse produsenter.

Nokre pyntekort må eg lage mens eg held på med albumet sånn at det heile passer litt sammen. 

Her har eg brukt ein del diectus, blondeserviett og klistermerker. På bildet nederst til venstre har eg delt eit klistermerke i to og satt det på eit mønsterark som eg hadde i to fotolommer.



tirsdag 1. mai 2012

Vi har prøvd Nestlè Couscous Kylling

Som Buzzador får eg prøve nye produkter og tjenester mot at eg fortel andre om det, og denne gongen fekk vi prøve Nestlès middagsglas med Couscous Kylling. Eg fekk 10 glas sånn at eg også kunne dele ut til venner og kjente.

Couscous kjem fra Nord-Afrika, men Nestlè Couscous Kylling  blir laga i Norden etter ei nordisk oppskrift. Den inneheld ikkje salt og kun naturlige ingredienser.

Jenta mi er ikkje så glad i middag på glas, derfor var eg spent på korleis ho ville like dette produktet. Vi har prøvd to av glasa  med nokre vekers mellomrom. Då vi prøvde det første gongen åt ho eit par-tre skeier av middagen (og det var bra til ho å vere!), men så var det stopp. Mens denne andre gongen så åt ho opp nesten alt eg varma til ho (ca 1/2 glaset)- men det blei til at eg måtte lure det litt i ho mens ho var opptatt av søsken eller tinga som ho fekk leike med ved bordet. Middag er ofte eit måltid som det tar litt lang tid å få i ho (i motsetning til graut), så derfor må ho av og til ha nokre ting å holde på med sånn at ho ikkje skal bli så fort lei.

Eg er usikker på om eg kjem til å kjøpe Nestlè Couscous Kylling i framtida. Sånn som det er no så er det ikkje så mange middagsretter på glas ho liker. Men viss det kjem seg så kan det hende at vi kjøper produktet.


.......................................................................................

Vil du vite meir om å vere Buzzador så kan du lese mitt tidligare innlegg her: Eg har blitt Buzzador