torsdag 25. juni 2009

Fin dag på sjøen og heime

I dag fekk minstemann vere med på sine første båttur på sjøen. Mannen min sette båten ut på sjøen i går, ein liten båt med påhengsmotor- akkurat passe stor til oss. Og jentene blei veldig glade då vi tok turen ut med den i dag. Minstemann lo av glede då vi fòr utover fjorden eit stykke, og syntest det var stor stas å få vere med på. Tenk... om nokre år er det kanskje han og søstrene som er ute og farter på sjøen. Kanskje i kvar sin båt til og med...


Det har vore ein nydelig sommerdag, finværet kom brått (i går) og det har vore bra varme både ute og inne. Eg og eldstejenta kjøpte nytt badminton-sett i går, eit med nett til. Så vi satte opp nettet i dag, og spelte masse badminton sammen. Vi var litt i stuss på kva vi skulle lage til middag etter at vi kom fra båtturen, men mannen grilla laks og eg laga salat- så det blei ein rask og nydelig middag. Mellomstejenta elsker laks (også kalla prinsessefisk), mens eldstejenta ikkje synest noko særlig om denne laksen. Hennar favoritt er brosme, så vi får heller ta det ein anna dag.

Det nærmer seg leggetid, og eg er såååå glad for at eg har golvvifte på soverommet. For det blir bra temperatur når sola skinner rett inn på soverommet om kvelden.

3 kommentarer:

  1. Høyrast ut som ein herleg dag Dykk har hatt. Flinke til å gjere slikt. Eg har liksom berre vore på jobb, R har satt opp gjerdet vårt i bakhagen medan eg rydda inne og sorterte ut for små klede til Angie og ho bada i badekaret (nei, ikkje ute i nye badebassenget sitt, for vi finn ikkje pumpa..!). Elles var eg og ho på Europris og kjøpte slike fine utelykter, 3 stk for 169,- røverkjøp synast eg. Dei heng fint ute i taket på platningen no. Og når ho var kome i seng sat eg foran tven og dataskjermen, medan R hadde besøk og dei sat ute og skravla og gjekk ein tur med hundane... Så du har nok slått meg angåande det å utnytte nydelege dagen vi hadde..;) Men i morgon er heldigvis ein ny dag, vi gledar oss til å gå tur inn til vatnet og vasse og grille og berre nyte fridagen, sola og oss fire saman! Ikkje sant?;) Eg får ikkje sove, måtte berre stå opp igjen, så håpar berre det ikkje blir alt for vanskeleg å kome seg opp mede gullet i morgon/i dag! :)

    SvarSlett
  2. Suser innom for å ønske deg alt det beste for helgen!
    Nyt solen!!!

    SvarSlett
  3. Tur med Båt er så deilig! :) God Sommer!

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)