Awesome Note har i mange år vore min favoritt app til notater og ting eg vil hugse. Eg har prøvd mange andre, og nokre av dei bruker eg til ulike ting. Men denne er min favoritt.
Oppstart: 25.august!
for ett år siden


Strikka kle merker eg med bånd (?) fra sabo.no , og fester dei med enkle knapper som følger med. Er veldig glad i desse. Enkle å ta på, og enkle å ta av.
Desse bånda oppbevarer eg i zip lock posene som dei kom i. Ungane har kvar sin farge på navnet, med kvar sin figur på.
Eg har også bestillt nokre søte klistermerke-lapper med figur og navn på. Eg har nokre som er billigare også, som er uten figur. Men måtte ha nokre med figurer på også. Jentene fekk velge kva figur dei ønska, sjølv. Minstemann fekk bil og tog på sine lapper.
Så var det den tida på året igjen, då bøkene fyller skulesekkane og dei skal ha bokbind på. Eg kunne kanskje vore litt kreativ ved å bruke enklare bokbind og heller pynte dei sjølv. Meeen så fins det så mange fine bokbind, og då er det kjekt å "pynte" ungene sine bøker med desse. Her er bøkene vi la på i går (med hester, Hannah Montana og dyre"barn"). Og eg veit at det vil komme fleire i dag...
Vi har ein eigen boks til div kontorting- der vi bla. har eit lite utvalg med navnelapper til bøkene.
Eg var lenge oppgitt over å ikkje ha ein egnelig plass til å oppbevare bokbinda på.... Men så kom eg på korleis eg kunne gjere det; så no står dei inne i eit skap, oppi ei bøtte. Og det fungerer kjempefint :)
Så kom almanakken min. akkurat i tide til å vere med meg på planleggingsdagen i barnehagen der eg jobber. Det var mange som likte den, og det skjønner eg godt- gleder meg til å ta den meir i bruk :)



Då eg bestillte denne almanakken skreiv eg inn alle fødselsdatoane som eg vil ha kontroll på i løpet av året, og så blei desse lagt inn i almanakken automatisk + at når eg hadde fødsels-årstallet med så blir det skreve inn kor mange år dei blir også. Og det flotte er at om eg vil ha ei sånn bok til neste år også, så er datoane lagra der- og eg kan berre logge meg inn med passordet mitt, og så kjem alle datoane mine inn i neste års bok også. Eg slepp å skrive dei inn på nytt! Såååå greit :)
Her har eg lagt inn eit notat om at eg må hugse å kjøpe inn ei gave til ei som eg pleier å sende til. Alt dette ligg blandt dei datoane som eg har lagra, og som vil komme i almanakken min kvart år- viss eg ønsker det.
Mens andre ting ein bør hugse på allerede er fyllt inn fra før av... Neste år er det faktisk fastelavn, valtentinsdag og morsdag på samme dag ser det ut som :)
Og det fins også andre påminnelser inne i boka, som allerede ligg der- f.eks at ein må hugse på at det nærmer seg farsdag.Foreløpig har eg berre hatt denne i eit par dager og synest den er genial. Antakeligvis blir det ein sånn almanakk på meg neste år også :)