Viser innlegg med etiketten ~ Reise med telt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ~ Reise med telt. Vis alle innlegg

mandag 6. september 2010

Familieferie med telt (og Moysanden camping)

I år valgte vi å bruke telt når vi skulle på ferie. Idèen kom då eg var lei av å søke etter ledige hytter og passende reisemål på nettet (det er like kjedelig kvart år). Eg var (som eg tidligare har skrevet) litt spent på det heile sidan vi aldri har telta med barn, og eg har ikkje så mykje erfaring fra det tidligare heller, men ungane reagerte som forventa då eg fortalte dei det- dei elska idèen!
Først tenkte vi å bruke eit gammelt hustelt:

Husteltet var sikkert passelig stort, men mangla insektsnetting, hadde kun eitt "soverom", var uten golv og antakeligvis ikkje vanntett.

Derfor kjøpte vi oss eit nytt:
Eit telt fra Jysk... Vi skulle egentlig ha eit anna, men det var utsolgt. Og etter å ha prøvd dette i ei veke på ferie så kom vi fram til at det var passe stort og fungerte fint til familien vår på fem. Dette har to "soverom", eit oppholdsrom i midten og har insektsnetting på "soveromma". Vi visste at det var kraftig regn i vente, og var spent på korleis teltet ville tåle dèt. Men teltet holdt fint i dei to dagane det var ein del regn og vind... heldigvis :)


Alternativt tørkestativ :) Eg hadde med tørkesnorer, men gløymte klesklyper (så det er notert til neste gong vi skal telte). Vi vaska ikkje noko særlig med kle, det var mest håndkle og badetøy som måtte tørkes- og då var bilen og teltsnorene fine å bruke.


Moysanden camping


Valget av campingplass var egentlig tilfeldig. Vi fekk tips om å prøve Moysanden Camping, som ligg mellom Arendal og Grimstad. Og eg er veldig fornøgd med at vi valgte den! For sjølv om vi var forberedt på at telt-livet var primitivt, så var det veldig fint å kunne vere på ein campingplass med nytt og bra sanitæranlegg!

Bildet ovanfor er fra kjøkkenet på Moysanden Camping. Her var det to komfyrer med steikeovn, og to bord med stoler. Alt var kvitt, lyst og fint- og det var veldig greit å kunne sitte her og ete maten vår når regnet hølja ned utanfor. For det blir jo til at ein som oftest sit utanfor teltet og et mat og finn på ting- men når det regner kan teltlivet føles litt "innestengt"- og då var det koselig å ha eit rom der ein kunne lage/koke/steike seg mat... og også finne strøm så ein kunne lade opp diverse ting som trong det (som nintendo ds og ulike kameraer).

Sanitæranlegget var også kjempeflott. Dei hadde laga til ein eigen del for ungane, med fargerike lys i taket. Her var det også toalett og vasker i barnestørrelse, og dusjer som var tilpassa dei små.
Dusjane og toaletta for dei voksne var også kjempebra. Kvar enkelt dusj og do var på eigne rom, så ein slapp å dusje, eller gå på do ,vegg i vegg med andre.


Vi hadde med oss eit piknikteppe (med plast i bunnen) som blei mykje brukt ute, til å leike eller gjere andre ting på.

Mellomstejenta med nye kle :)

Teltliv i vind og vær:
Reisemål blei ikkje skikkelig bestemt før kvelden før vi skulle reise. Det var regn overalt i Norges land (unntatt lengst i nord), men vi valgte staden der det virka som om det ville komme minst regn; sørlandet.

Vi hadde eit par dager med skikkelig bra vèr (der vi kunne vere på stranda), og eit par dager med mykje regn og vind. Ellers så var det litt sol og litt skyer- heilt greit teltvèr.

Dei dagane det regna reiste vi til Arendal, der vi gjekk litt i butikker og var på kafè. Då vi kom tilbake til campingplassen kledde dei fleste på seg regnkle og gjekk ut i ruskevèret- artig å vere på stranda i regnet og vinden når ein er skikkelig kledd :)

I regnvèr var det fint å kunne ete inne på kjøkkenet dei hadde på campingplassen, og om kvelden satt vi inne i teltet. Det var litt kaldt og fuktig- så då var det godt å ha på seg litt varmere kle og teppe over beina. Det var koselig og det gjekk heilt fint, men eg er glad for at det ikkje regna meir enn det gjorde. For det er nok kjekkere å telte når vèret er bra, ja! Litt regn gjer ingenting, men i lengden kan det fort bli litt kjedelig. Det var deilig når regnet ga seg, og folk begynte å bevege seg utanfor det dei hadde søkt tilflukt i. Campingplassen vart med ein gong full av liv igjen :)

Moysanden camping har gratis trådløst internett, så då surfa eg litt på mobilen min kvar kveld for å sjå korleis morgendagens vèr blei.


Mat:
Vi brukte mest mat som tålte litt romtemperatur. Sånn som brød, knekkebrød, vatn, syltetøy, smør, frukt og nugatti. Men vi kjøpte også melk til nokre av måltida og andre ting som blei ete opp på eitt måltid. Vi hadde med oss fryseboks med fryseelement også, men det var ikkje så ofte vi bytta ut elementa. Når vi gjorde dèt så kunne vi ha litt anna mat tilgjengelig også.

Ellers så var det gatekjøkken på campingplassen, så der åt vi eit par kvelder. Og nokre dager åt vi i byen.

Botnen av ein juicekartong... Det er med andre ord ikkje lurt å åpne ein juicekartong, lage eit lite hòl i den, og la den stå over natta. Då kan den fylles med maur ;)


Andre insekter:
Eg var litt spent på om det kunne bli mykje knott og mygg om kveldane, men det vart det ikkje! (Kanskje pga vèret?). Litt insekt spaserte rundt i taket vårt om kveldane, når vi bevegde oss "innendørs"- men ikkje sånn at det var spesielt plagsomt. Eg spraya meg med myggspray for sikkerhets skyld *hehe*

Vi passa på å ha glidelåsane til "soveromma" godt igjen, sånn at ingenting lurte seg inn dit og vi kunne sove i fred om natta.

Natt og dag på telt-ferie:
Der teltet vårt stod kom sola i 8-9 tida om morningen. Ein dag merka vi at det var litt varmt då vi våkna om morningen, men dei andre dagane merka vi ikkje så mykje til det. Sola forsvann i 20 tida om kvelden, så teltet var akkurat passe temperert om kvelden når vi la oss også.

Om dagen var vi stort sett utanfor teltet, enten på campingplassen eller på små bilturer til diverse severdigheter o.a.

Ungane la seg litt seinare enn dei ville gjort heime. Litt av grunnen var at minstemann gjerne sov litt på bilturane vi hadde om dagen, og ikkje var så veldig trøtt når det lèi ut på kveld- og jentene la seg etter at han sovna. Desse kveldane brukte han ei stund på å sovne, og då hjalp det ikkje akkurat at det var masse unger som leika utanfor. Men pytt- vi var jo på ferie :)

Vi satte oss gjerne inn i teltet når klokka blei 21-22, sidan det då blei litt kaldere og mørkere å sitte ute.


Telt-naboer:
Dei første dagane hadde vi ganske god plass rundt teltet, mens vi dei siste dagane hadde andre telt nesten vegg i vegg med vårt eige telt. Campingplassen var ganske full, så då var det om å gjere å telte der ein fann ein liten og ledig flekk. Eg kan ikkje hugse å ha lagt merke til det før, men det er ganske mange familier som ferierer i telt! Vi har tidligare budd mest i hytter, det har eg syntest har vore enklast med små barn. Mens eg no oppdaga at det faktisk er mange familier, med både store og ganske små barn, som telter. Det er meir vanlig enn eg trudde.


Ein fekk jo naboene ganske nært innpå seg til tider. Nokre kvelder satt eg og mannen inne i teltet, mens naboene satt ute på andre sida av telt-veggen vår. Ein kunne også høyre snorking fra andre telt, om natta. Og ein morning våkna vi av vekkerklokka til naboen i 6-7 tida. Dei skulle reise avgårde ganske tidlig, men det gjorde egentlig ingenting, for vi skulle også reise denne dagen- og fekk då komt oss opp tidlig, gjort oss klare og kom oss vidare på reisa vår innen kl var 9.



Leikeplassen på campingen.


Å sove i telt:
Eg må innrømme at det kjentes litt at eg sov på hardt underlag i teltet. Det var egentlig verst første natta, og eg vart nok litt stiv og støl, kanskje det kom av at eg hadde litt lite luft i den sjølv-oppblåsbare madrassa mi? Men eg sov ganske greit dei neste nettene, når eg blei vant til å sove i soveposen. Ingen vond rygg, kun litt øm på hoftene ;)


Eg og eldstejenta lærte oss å lage hamp-armbånd i ferien


Dette var eit glimt fra ferieturen vår i telt, og vi er blitt ein erfaring rikare. Turen til og fra Grimstad-Arendal tok oss 1-2 dager, og då overnatta vi ei natt i telt og eit par netter i hytta pga regn. Den siste natta før vi kom heim overnatta vi i telt pga regnet, for det frista ikkje å sette opp teltet for kun ei natt og i regnvær. Og det var veldig deilig å få sove i seng igjen!! Og det var deilig å ha masse plass å bevege oss på inne!
Men det var kjekt å telte i ferien, og eg gjer det gjerne igjen så lenge vèret er nokonlunde bra og så lenge vi held oss på samme plass nesten heile tida så vi slepp å sette opp teltet på nytt kvar natt.
Her er parkane vi besøkte på ferien: Reisemål og attraksjoner
(bilder fra sommerfuglparken kommer...)

NB! Dette innlegget blei egentlig skreve i 2009, men av ein eller anna grunn så har det lagt seg her blandt mine nyaste innlegg då eg endra litt på det....

Dette innlegget er med i månedens tema hos Foreldremanualen: Reise med barn

onsdag 4. august 2010

Sommerens telt-ferie

Sommerens telt-ferie er overstått, og det gjekk like fint som i fjor. Det er koselig å telte, man kjem nært innpå kvarandre og man er ute stort sett heile tida. Då vi kom heim fra ferien låg eldstejenta i senga si kun eit par netter, før ho ville ligge i telt igjen. Så no har ho sove ute i barneteltet sitt i over ei veke :)

Vi satte opp teltet vårt ved vatnet på Norsjø Ferieland og låg der i ei lita veke. Vi var veldig fornøgd med kor vi låg, og hadde god utsikt over resten av campingplassen. 


Vèret var stort sett bra (dvs opplett og gjerne litt sol), og kun små regnbyger innimellom før det skein opp igjen. Men èin morning var det ganske vått. "Soveromma" var heldigvis tørre då vi våkna, men vi hadde litt vatn innanfor teltet som vi kunne plaske i mens vi åt frukost.

Den dagen satte vi oss i bilen etter frukost, og køyrte til sentrum for å sjå litt i butikker. Då vi kom tilbake til teltet igjen hadde regnet gitt seg, og ungane kunne ta dagens bad.

Her held vi på med kunstdagbøkene våre. Og det var like idyllisk som det ser ut som :)

Vi liker telt-ferie.

Sjølv om eg er glad i å telte med familien, så har eg litt lyst på campingvogn. Eg har ikkje tenkt på det så mykje tidligare, og er ikkje oppvoksen med campingvogn. Men det virker på meg som ein litt meir "lukseriøs" måte å reise på ferie. 
Hotell blir for innestengt for oss. Og vi har leigd hytter rundt omkring i ein del år, men då må eg gjere ein del research på forhånd for å finne hytter som passer oss og ein plass vi ønsker å reise til.
Eg ser for meg at man er mykje friare med campingvogn...

Eg ønsker meg det hovudsaklig fordi man då kan reise over litt lengre distanser (uten å vere avhengig av vær som man må med telt) og man kan legge seg rett i seng( uten å sette opp eventuelle telt først).
Ein anna grunn er at man har ein plass til tinga sine. Dei treng ikkje å ligge i ein masse bager og sekker i bagasjerommet, og bli flytta hit og dit fleire gonger for dagen.

Så gjenstår det å sjå korleis vi reiser på ferie neste år.

Dette innlegget er med i månedens tema hos Foreldremanualen: Reise med barn

mandag 5. juli 2010

Forbereder telt-ferie + pakkeliste

Så var ferien begynt, og då kan eg begynne å planlegge telt-ferien vår. Når eg søker etter sider om telt-turen så er det ikkje så mykje som dukker opp. Enten står det om telting ute i naturen, eller så er det tonnevis av sider og info om campingbiler og campingvogner. Men no når vi har telta på campingplass eit år før, så veit vi meir kva vi går til. Og vi satser på at det blir like koselig som i fjor.

I tillegg til vanlige ting som man pleier å ha med seg på tur (som td kle og anna nødvendig), så er det ein del andre ting vi også tar med oss når vi skal på tur med telt. Eg har ikkje funne pakkelista mi frå i fjor, men dette er ting eg har komt på til no at vi bør ha med oss:
  • Telt
  • Lappesaker til telt
  • Presenning til å ha over teltet i tilfelle kraftig regn
  • Liggeunderlag (eg tar med ei pute til meg sjølv denne gongen for litt ekstra komfort)
  • Soveposer
  • Piknik-teppe
  • Tepper til å ha i bilen, og til å ha ute om kveldane
  • Campingstoler og campingbord
  • Lommelykter
  • Oppvaskbalje, zalo og oppvaskbørste
  • Vaskemiddel til kle
  • Tørkesnor og klesklyper (eller man kan bruke bildører eller telt-snorer til å henge kle på)
  • Primus
  • Lampe til å ha inni teltet (såg nokon som hadde det i fjor, så i år vil vi også ha det)
  • Mygglys
  • Plastbokser til å ha mat og kjøkkenutstyr i, og også ting som ikkje tåler fukt så godt.
  • Plastbestikk og papptallerkner
  • Kjøleboks og fryseelementer 
  • Skjøteledning (?) (så vi kan lade fleire ting samtidig om vi kjem over litt strøm)
  • Mat som ikkje treng å stå i kjøleskap (bla. knekkebrød, nugatti, syltetøy, frukt, kjeks)
  • Ting å holde på med: hobbyting, håndarbeid, bøker, spel, litt leiker m.m
  • Tørkepapir 
  • Våtservietter
  • Poser til boss
  • Myggstifter og kløstillande salve
Dette var noko av det ekstra vi treng å ha med oss på telt-ferie :)
Vi kan ikkje bestemme oss for reisemål endå. Vi venter til nokre dager før avreise, til vi ser kor det er finast vèr (eller minst regn).

Dette innlegget er med i månedens tema hos Foreldremanualen: Reise med barn

fredag 11. juni 2010

Eg og ungane lager Art Journals/ kreative dagbøker



I år skal vi mest sannsynlig på teltferie igjen, og då er det kjekt å ha med seg noko å holde på med. Etter å ha lese litt om Art Journals på nettet, så kom eg fram til at det kunne vore artig å prøve, og det er jo ein kjempefin aktivitet å ha med seg på ferie. Eg er kanskje ikkje så veldig kunstnerisk, men det fine med Art Journals er at man kan lage dei akkurat sånn som man vil og føler for.


Eg kjøpte kvar våre tegneblokker (til meg og ungane) med litt tjukkt papir, og "spiralbinding" som gjer at sidene ikkje dett ut etterkvart som man tegner på dei.

I dag dekorerte eg og jentene framsida på bøkene våre. Dette er mellomstejentas.

I ferien tenker eg at vi skal ta med oss litt små-pynt som vi kan bruke i bøkene våre, som bla. blyanter, klistermerker, diecuts, glansbilder, stoff, mønsterark, servietter og kanskje litt bilder som vi printer ut fra nettet. I tillegg har eg tenkt at vi skal tegne mykje og prøve litt nye teknikker og måter å pynte sidene på. Eg tar også med meg nokre tips til kva vi kan prøve og ting vi kan skrive om i boka.

Framsida på Eldstejentas kunstdagbok

Boka mi... Eg har brukt mønsterpapir, diecuts, paint dabber og penn på denne.

Inspirasjon til art journaling har eg bla. funne her:
Bellas Art Journal (barneblogg)
Emilys Art Journal (barneblogg)

The Scribble project blog (måter å tegne på)

fredag 24. juli 2009

Tilbake fra ferie

Så var vi tilbake fra ferie på sørlandet. Eg var litt spent på korleis det kom til å bli når familien min på fem skulle feriere i telt, men det gjekk kjempefint og det blir nok telttur igjen... kanskje neste sommer?


Eg kunne ha tenkt meg å vore vekke litt lenger, men når vi først begynte på bilturen heimover så var det veldig godt å komme heim etter å ha køyrt i timesvis (i løpet av eit par dager) med bil. Det var ein god følelse å legge seg i si eiga, mjuke seng i går- istedenfor på liggeunderlaget som eg låg på teltet. Og sjølv om tv'en ikkje har vore savna eller tenkt på, så ser eg litt fram til i kveld når eg kan slenge meg i godstolen og berre sitte der, inne, i varmen, i god stol, uten insekter rundt meg, berre stirre på boksen og ikkje gjere så mykje anna (borsett fra å kanskje ha pc'en på fanget).


Det kjem meir fra turen etterkvart; bilder, litt om teltlivet, litt om parkene vi var i og anna....

fredag 10. juli 2009

Sommerdager og teltferie-planer

Forrige veke var ei nydelig veke, med tanke på været. Ungane fekk bade kvar dag og det vart mykje uteliv. Denne veka har vore litt gråere, med meir skiftande vær- men dei har no fått bade eit par dager likevel (dei er ikkje så "temperaturømfintlige" som mammaen sin *hehe*).
Eg jobber vanligvis i redusert stilling med berre to dager i veka, men har jobba fullt denne veka (for å hjelpe litt til no i desse ferietider)- og sjølv om det gir meg mykje å jobbe kvar dag, så ser eg at eg ikkje kan begynne i full stilling igjen heilt med det første. Eller kan og kan.... Eg KAN jo, men då må noko anna vike... nokon eller noko og tid som eg ikkje er klar til å gi slipp på. Mindre tid med dei små, mindre tid til huslige prosjekt og mindre tid til egentid og hobbyer og også andre ting som eg ikkje kjem på i farten....
Eg ønsker å vere mest heime enda ei stund. Og no er det ferie- koselig med god tid til å vere sammen!

Teltferien er forsatt under planlegging. Ovenfor er husteltet vi tenkte å reise med (og som ungane gladelig overnatta i i forrige veke), men i dag var eg stad og kjøpte eit nytt familietelt til oss. Husteltet er heilt greit, men eg kunne tenkt meg at det var "golv" inni og ikkje minst myggnetting! Det kan også bli utfordring for nokre at alle må ligge i samme (trange?) rom. Og då mannen sa at han hadde sett litt på nye telt, så var eg ikkje sein om å støtte den tanken.

Det meste av ting til turen er handla inn og reiseapoteket er oppdatert. No står det igjen å pakke (spent på om vi får plass til alt i bilen!) og ikkje minst finne ut kva veg vi skal reise.... Men alt til sin tid, ingen hast... det er jo ferie og vi har nokre bursdager som må feires først :)

mandag 29. juni 2009

Koselige aktiviteter med barna på telt-ferie

Tenker litt på kor koselig ungene kjem til å synest det hadde vore med telt-ferie. Så eg måtte spørre jentene istad, om det var noko dei kunne tenke seg... og ja, eg hadde rett- dei elska ideen :) Så eg blir meir og meir klar og forberedt på at det blir telt-ferie i år. Og om vi må investere i litt nytt utstyr, så er jo det noko som kan brukes seinere viss vi forsetter å ha telt-ferier. Vi har stort telt og storm-kjøkken, så dei tinga er iallfall i boks.

Og så tenker eg på all den koselige tida vi får sammen som familie. Tidligare så har det jo lett blitt litt tv, spesielt om morningen og om kvelden. Men det trur eg vi fint skal klare oss uten. Eg skal ta med dei vanlige aktivitets-tinga (som eg har skreve om i eit tidligare innlegg).. som aktivitetsbøker og andre småting dei liker. Men eg skal ta med litt ekstra med spel (eg og jentene elsker å spele spel- men det blir nok ikkje gjort så ofte som dei kunne tenkt seg), utstyr til å lage hamp-armbånd (har tenkt tanken i mange måneder, men aldri tatt meg tid til å sette meg ned med det) og andre fine aktiviteter som er lette å ha med seg.

Minstemann er glad berre han får ha med seg ein traktor- og så kan vi ha med oss nokre interessante bøker og dyre-lotto.

Og kanskje eg endelig får tatt meg tid til å lese ei bok eller to, og kanskje gjere ferdig adventskalender-broderiet eg har holdt på med i nokre år.

Blir det telt-ferie i år?

Det er det samme kvart år. Kor skal vi reise på sommerferie i år? Eg må innrømme at eg er litt svak for familieparker, og liker at vi gjerne besøker ein eller to i ferien (det kan ha litt med at eg er vant til det fra då eg sjølv var liten). Men kvart år blir det alltid brukt timer på timer foran pc'en for å finne ein fin campingplass, og spesielt frustrerende kan det vere dei åra vi er litt seine med å bestemme oss og det er få ledige hytter å leige. For det er hytter eg trivest best med. Vi har ingen planer om å investere i campingvogn og bubil (og helst ikkje leige heller- iallfall ikkje i år). Derfor har hytte vore det beste og koseligaste alternativet fram til no, sidan vi heile tida har hatt små barn og eg då synest det er best å ha dei fasilitetane ein finn på ei hytte.

Men så slo tanken meg... kva med telt? Tenk så greit å måtte sleppe å bruke lang tid på å finne egnelige hytter! Meeeen, og der er jo ein del men... det er jo ein del ting ein ikkje har tilgang til når ein velger dette alternativet. Og det blir ein ny måte å reise på.
Først så slo eg det fra meg, men etter å ha snakka med mannen min om det (som elsker natur og uteliv) så har eg tenkt meir på det og det gjorde til at eg det tok lang tid før eg sovna i natt (tenkte at no vil eg ikkje tenke meir på dette, no vil eg sove!! Men nei... tankane vendte tilbake til evt telt-ferie og kva det innebærer og kva ein må tenke gjennom på sånne ferier). Så i kveld skal eg surfe litt på nettet for å finne tips og ideer... og faktisk så er det ein reportasje om dette på tv akkurat no! Må følge med på det...

Har dere tips til telt-ferie eller linker til gode sider så vil eg gjerne høyre om dei.