søndag 9. februar 2014

Project Life og fotoprosjekt


Det blir ikkje blogga så ofte for det er så mykje anna som skjer, eller så er det berre det at bloggen blir nedprioritert. Når eg har ledige stunder så er det gjerne fotoalbum og liknande prosjekt som blir prioritert. Det å få familiebildene i album er blitt ein "må-gjere"-ting, for det blir tatt så mange bilder og då må dei også komme i album så resten av familien også kan få glede av bilda.

Boka ovenfor fekk eg i posten for ei stund sidan. Då eg begynte med scrapping for ca 6 år sidan så blei eg veldig inspirert av Elsie, og har sidan då fulgt ho på blogg og anna.

Eg held på med fleire Project Life album. Dette er fra ferien vår i fjor, og i eit uoppmerksomt øyeblikk så dekorerte minstejenta framsida i albumet. Det går fint at å finne ein ny fotolomme til korta, men sidan desse barnestrekane er ganske sjarmerande så skal sida få vere sånn inntil vidare.
Når eg jobber med eit PL album set eg først inn alle bildene. Deretter skriv eg inn all teksten som eg har notert meg i ei notatbok på iphonen. Når dette er gjort fyller eg dei siste, tomme lommane i albumet med pyntekort og andre minner.

Glimt fra ei side i albumet. Øverst til venstre er ein tag fra dyreparken. Øverst til høgre har eg satt inn eit par Kaptein Sabeltann-greier og ein Sunniva-tag. Nederst til venstre har eg satt inn billettane våre. Og nederst til høgre har eg satt inn ein parkeringsbillett.


Eit anna PL album eg held på med blir laga på den digitale måten. Dette er fra ein ferie vi hadde til USA for fleire år sidan. Først lager eg dei digitale sidene i Photoshop, før eg skal sette dei inn i ei fotobok og deretter framkalle den.


På besøk hos bestemor. Eg har tidligare scanna albuma hennar med gamle bilder, men denne gongen hadde ho fått tak i oldemors gamle bilder- så då fekk eg låne desse også for å scanne dei. Eg liker å sjå på bilder av mine forfedre. Bilder fra deira kvardagsliv, og kanskje kan eg sjå likheter mellom eldre og yngre familiemedlemmer?
Eg har nettopp sendt inn ein god del bilder til framkalling, deriblandt nokre av desse gamle som eg har scanna. Desse skal brukes i eit album om mine forfedre og min barndom.

Innimellom blir eg frista til å handle litt (sjølv om eg har rikelig fra før). Desse godsakene kom i posten før jul ein gong. Fine ting til PL albumene.

Eg abbonnerer på Project Life kit fra Studio Calico, og då eg bestillte dette søte stempelet derifra så kom det sammen med SC kit'et.

I jula var det rolig på jobben min i barnehage, så derfor tok eg med meg diecut-maskina mi og diesene og stansa ut mange figurer som vi kan bruke i permane til ungane.

Det skjer ikkje så ofte, så derfor set eg stor pris på at ungane set seg ned og held på med papirhobbyer ilag med meg. For ikkje så lenge sidan kjøpte eg fleire digitale stempler fra Hannah Lynn. Desse liker eg å printe ut på PL kort og bruke dei i albuma mine, mens vi her fargelegger litt større eksemplar.


Forrige mandag framkalla eg ca 1600 bilder som skal brukes til fleire av PL prosjekta mine: Dette var siste halvdel av 2013-bildene, bilder til barndom- og generasjonsalbumet, bilder til eldstejentas barnehage-og skulealbum, bilder til mitt eige album (her bruker eg bilder som handler om ting eg liker men som eg ikkje vil fylle familiealbumet med) og bildene fra sydenturen i 2013.