tirsdag 16. juni 2009

Minstemann fekk nye crocs i dag


Sjå desse flotta crocsa som kom i posten i dag *jippi* Sjokoladebrune i str 25/26 :)
Eg kjøpte jo nye crocs til jentene for ikkje så lenge sidan, sjølv om det egentlig var minstemann som trengte det. Og eg leita og leita etter dei "rette" crocsa for han... Først ville eg ha med Thomastoget, men dei hadde ikkje størrelsen hans. Så ville eg ha Byggmester Bob, men nei.. og så såg eg på alle dei andre med barnefigurer på.... ingen som passa... så leita eg gjennom dei "vanlige" typane- men dei var også tomme. Men så.. forrige veka (var det vel?) hadde dei fått inn ei ny ladning med crocs, så då fekk eg bestillt desse til minstegutten min. Eg er veldig glad i brunt kan man sei ;)

Las ein plass på nett at det kanskje ikkje var så bra for dei små å gå med crocs (eller var det i eit blad?). Men eg trur dei passer utmerket godt til minstegutten min- for han klarer ikkje å ta på seg sko sjølv og stabber ute i støvler og cherroxer når han skal ut i full fart. Ikkje så kjekt på dei varmaste sommerdagane... (Cherroxene er forresten pakka vekk no).

Eg var litt spent på korleis han ville reagere på desse skoa. Om eg hadde spurt om han ville ha dei på seg, hadde han kanskje svart nei... (han har sine bestemte meininger) Så eg sa heller "Ååå, sjå her kva du har fått i pakke! Nye sko! Ska vi prøve dei?"... Og då ville han ha dei på seg med ein gong, og var sååå stolt over nyeskoa :)

Eg fann fram dei litt for småe Byggmester Bob- crocsa (synd at dei er blitt for små, for no i det siste har han blitt meir og meir interessert i Byggmester Bob)- og så tok vi jibbitzene over til desse nye crocsa + at han fekk seg eit par nye (Bamse og Mikke Mus- nokre av hans favoritter). Løva som er på måtte eg berre ha, fordi navnet hans betyr Løve (og eg er så glad i sånne symbol).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)