mandag 31. august 2009

Til varme drikker (favoritter)

Har vist denne koppen før, men den er så koselig at eg viser den igjen. På gråe dager, som i dag, er den spesielt god å drikke av (både pga teksten og den glade fargen)

Klarte ikkje å gå forbi då eg såg denne nydelige koppen i butikken... me like ♥ (er veldig glad i alver).
Mannen min liker best å drikke kaffi av krus, mamma og bestemor synest kaffien smaker best i søte, små kopper, mens eg liker best krus av den litt større varianten. Då nyter eg kaffien (kakaoen eller teen) mest.

Denne fekk eg til jul i fjor, fordi eg ønska meg den ♥

Denne fann eg heime i kjøkkenskapet til mamma forrige dagen, og fekk den med meg heim. Ikkje heilt sånn form som eg liker best, men eg er så glad i det skjønne motivet (bla. med hjort!).

lørdag 29. august 2009

Tips til oppbevaring av bæreposer

Det samler seg opp ein del bæreposer i huset, og no har eg søkt på nettet for å få tips til oppbevaring av poser. På kjøkkenet har eg ein "posepose" som eg sydde ein gong, men det frister ikkje noko særlig å sy sjølv (sjølv om dei er enkle å lage). Denne er iallfall veldig god å ha, men ikkje stor nok. Så på vaskerommet har eg hengt opp tre bæreposer, der eg samler resten av posane i. Ein pose til store poser, ein til dei vanlige og ein til dei små. Men eg ønsker noko som tar mindre plass.

Her er nokre av tipsa eg fann på nett:
Denne minnte meg om sånne bokser som eg kjøper til bla. gryn, makaroni o.l. Så det kan ein jo bruke. Les meir om denne boksen og oppbevaringsmulighetene her: http://organizerightnow.wordpress.com/2009/08/12/organizing-green-organizing-idea/

Her er det blitt brukt ei tom brusboks-eske. Les meir her: http://www.inspiremecrafts.com/inspireme_crafts/2008/04/gotta-make-it-1.html

http://www.myrecycledbags.com/2008/06/24/recycle-a-cup-into-a-plastic-bag-keeper/#more-409
Denne virker jo veldig grei å lage (av eit tomt (og stort) drikkebeger) :) Oppskrifta ligg på nettsida.


Andre tips eg fann:
  • Melkekartonger, lages på nesten samme måte som drikkebegeret. Lag eit hòl botnen, der ein kan dra ut posane.
  • Tomme kleenex-bokser (har eit par fine kleenexbokser faktisk- trur eg går for denne ideen! Spørs kor mange eg får plass til i ein boks ;) ). Ein kan også dekorere boksene med eigne papir.
  • Andre tomme bokser (td. dei ein har til baby-vaskeservietter)
  • Link til korleis sy posepose: http://www.marthastewart.com/goodthings/pretty-plastic-bag-organizer
Dette var eit av dagens nett-søk, og eg fann ein oppbevaringsmåte som eg likte :) Den skal testes ut i morgon.

Dette innlegget er med i månedens tema  Ordning og reda, hos Foreldremanualen.

Babyblues tegneserie

Kom over ei side fyllt med morsomme tegneseriestriper om familielivet; Babyblues.
Fine og morsomme kvardagsøyeblikk framstillt på ein artig måte :) Her kan ein bli sittande ei stund (om ein har tid)...















fredag 28. august 2009

Søte trolljenter og dragegutt

Eit lite innlegg om nokre skjønne klesplagg som eg kjøpte ein gong. Vi har ein butikk, ikkje så alt for langt vekke, der dei selger desse flotte kleda og andre nydelige klesplagg. Akkurat desse kleda er vel kanskje ikkje i salg lenger (er 3 år sidan eg kjøpte dei)... drage-genseren som gutten min har på seg her er str 86. På desse bilda er han 3 år, så då er det forståelig at den er blitt litt kort i armane :)

Eg klarte heller ikkje å motstå denne skjønne drage-lua som han brukte då han mindre.


Og så var det desse troll-kåpene som eg heller ikkje klarte å gå ifra.. Syntest dei var å skjønne ♥ Og det at det ikkje er så mange andre som har sånne gjer jo at dei blir litt ekstra spesielle. Kåpene har passa i 2-3 år no... så eg er spent på om dei passer i år også. Om den minste ikkje passer til mellomstejenta, så kan ho sikkert bruke eldstejenta si.



Søte trollhaler i hetta

Nettbutikken kan du finne her: http://www.orionimport.no/ - her står det at sida er under oppdatering. Men viss du går til denne linken Blåpelikan (som ligg under orionimport.no), kan du sjå nokre av varene dei har.

torsdag 27. august 2009

Eldstejentas rom ~ før og etter

Heste-wallies på døra

Etter å ha delt rom med lillesøster fekk eldstejenta endelig sitt eige rom i fjor høst. Det var fint at ho då endelig fekk ein plass til kun sine eigne ting, litt store ting og mange små. Og kunne ha det meir tilgjengelig, og meir på utstilling (sånn som jenter gjerne liker å ha det).


Sånn såg utgangspunktet ut. Eit roterom som kun blei brukt til oppbevaring.... Denne etasjen var ikkje så mykje i bruk den gongen, og det var vel ein av grunnane til at det såg sånn ut. No er etasjen og alle romma meir i bruk, og eg merker at oppbevaringsplassen har blitt mykje mindre.

Først måtte alt rotet ut, og så kunne det begynne å jobbes..

Eg ønska å få tatt i bruk litt av tomrommet som var ved sidan av rommet (under skråtaket)- greit med all plassen ein kan få :) Så derfor laga vi eit "ekstra-rom"... ei lita hule... eller eit hemmelig rom.
Ho ønska seg blått tak med stjerner på, så dét måtte ho jo få :)
Og sånn blei resultatet:
Her var det kjekt å flytte inn!
Desse flotte, lystette gardinene fann eg på princess.



Og sånn blei den lille, lune hula i veggen. Først hadde vi tenkt å ha to vindu (som bildet lenger oppe viser)- men vi kom fram til at denne løysinga var bedre.
No har det gått eitt år, vi har satt inn eit par hyller og hula har fått gardiner foran. Eldstejenta har satt sitt eige preg på rommet med ting, pynt og plakater. Bilde av dette kjem kanskje seinere ein gang.

Løver og tigre


Det har visst blitt litt t-skjorter med løver og tigre på til minstemann. Det ser eg no når eg tok fram alle sammen på ein gong :) Navnet hans betyr "løve" (og "mann"), så derfor har eg kjøpt det eg har komt over av fine klesplagg med dette flotte kattedyret på.

Tigre går også an :)

Barnestoler fra barndommen


Desse stolane hadde eg og søstra mi då vi var små, og også mine eigne små har brukt dei godt. Spesielt den nederste. God å sitte i, god å stå på, morsom å snu (for å skli på), og også god for små katter å ligge i.

mandag 24. august 2009

LO: meg og minstemann

Eg og minstemann koser oss ute på terassen med webkameraet på pc'en :) Koselig å endelig få bruke det fine hjorte-mønsterarket mitt :) Eg synest det er litt vanskelig å bruke mønsterark med mange sånne fine mønster på, for eg vil jo helst vise fram heile arket. Men det gjekk greit denne gongen- eg fekk vist fram det viktigaste.
Det er ofte litt vanskelig å finne ein passande tittel til LO'ene mine, her valgte eg tittelen "blåaugde" fordi det viste så godt at vi begge har blå auge :)

Små detaljer:
Bak bildet la eg eit "journaling"-ark + magic mesh. Då eg hadde lagt det på så såg eg at det var litt "mesh"-mønster på sjølve mønsterarket også- så det passa jo kjempefint!
La ein brun tråd rundt bildet. På den eine sida stifta eg hjerte- og happy-stifter over tråden, og satte på eit rødt bånd.


Fuglen på mønsterarket var så søt, så eg framheva den ved å sette ein pebble (trur eg det heiter) oppå den.


Ugle- og snegle klistermerker.
"Fun in the sun"- filttekst.
Blondebånd, guttecharms, hjertecharms med englehjertecharms inni og ball-chain.

På andre sida av bildet, festa eg papir-liljer på tråden.
Satte ein Prima-pebble (med kattunger i) inni den eine sirkelen som tråden danna.

Under bildet satte eg på ein gul blomst og "precious"-tag.
Hjorten skar eg halvveis ut fra mønsterarket, og la "journaling"-arket bakom. Framheva hjorten enda litt til ved å tegne ein grå strek rundt den.

Vi scrappet på ein kjole

framme
Eldstejenta skulle på karneval, og det blei oppfordra til å vere kreative med tanke på kostyme. Bruke noko ein hadde, istedet for å kjøpe noko nytt. Så det var då eg kom på ideen; at vi kunne pynte ein gammel kjole (fra då eg var lita) med scrappepynt. Og som sagt så gjort.

Framsida pynta vi med glansbilder (blomstrane) og tråder med barneperler i.
Edlstejenta teikna mønster på kjolen med tusj, og stempla på den (hjerter med hest i). Vi laga fleire snorer med barneperler i, og limte blomster og raindrops på den. Nederst på blondekanten festa vi brads (splittbinders) på rekke og rad.
Det samme gjorde vi på baksida av kjolen. Limte på pynt, og eldstejenta teikna og stempla.


Det var morsomt å bruke scrappepynt o.l på ein anna måte. Og gjere noko ut av ein gammel og slitt barnekjole :)

søndag 23. august 2009

Minstemann koser seg i frukthagen

Det er stas å plukke plommene sine sjølv


Trillebåra må vere med, i tilfelle vi skal plukke masse frukt og bær.

Plommene henger lavt... og det passer minstemann bra :)


I fjor kjøpte vi oss eit nytt eple-tre, og på dette heng det 3-4 fristende epler. Mannen meiner at han har sett fleire epler på det, så enten har dei fallt ned eller så er det ein liten gutt som har vore der og forsynt seg :) Vi har også eit større epletre i hagen, men eplene er litt sure på det.

Pærer


Etter å ha tenkt på det i nokre år, så har vi endelig fått oss sukkererter. Når eg har kjøpt sukkererter på butikken, så har ikkje ungane likt desse noko særlig. Men desse "heimelaga" er meir populære blandt dei små.

Fargerike bær
Og insekter...

Etter ein rundtur i hagen, blandt frukt og bær, måtte minstemann bortom forhøstaren for å vise meg ulike små og store ting på denne. Minstemann elsker å vere ute, der han kan få jobbe med bestefar og pappaen, og alt som har med traktor å gjere er veldig populært.