Tenker litt på kor koselig ungene kjem til å synest det hadde vore med telt-ferie. Så eg måtte spørre jentene istad, om det var noko dei kunne tenke seg... og ja, eg hadde rett- dei elska ideen :) Så eg blir meir og meir klar og forberedt på at det blir telt-ferie i år. Og om vi må investere i litt nytt utstyr, så er jo det noko som kan brukes seinere viss vi forsetter å ha telt-ferier. Vi har stort telt og storm-kjøkken, så dei tinga er iallfall i boks.
Og så tenker eg på all den koselige tida vi får sammen som familie. Tidligare så har det jo lett blitt litt tv, spesielt om morningen og om kvelden. Men det trur eg vi fint skal klare oss uten. Eg skal ta med dei vanlige aktivitets-tinga (som eg har skreve om i eit tidligare innlegg).. som aktivitetsbøker og andre småting dei liker. Men eg skal ta med litt ekstra med spel (eg og jentene elsker å spele spel- men det blir nok ikkje gjort så ofte som dei kunne tenkt seg), utstyr til å lage hamp-armbånd (har tenkt tanken i mange måneder, men aldri tatt meg tid til å sette meg ned med det) og andre fine aktiviteter som er lette å ha med seg.
Minstemann er glad berre han får ha med seg ein traktor- og så kan vi ha med oss nokre interessante bøker og dyre-lotto.
Og kanskje eg endelig får tatt meg tid til å lese ei bok eller to, og kanskje gjere ferdig adventskalender-broderiet eg har holdt på med i nokre år.
PT-pakker
for 4 måneder siden
Høyrast kjempekoseleg ut! Eg og vil! Men eg har jo tenkt på det lenge, at vi skal IALLFALL ha ei helg i telt i løpet av somaren. Men vi har ikkje telt da, så spørs om vi må kjøpe eit snart:)
SvarSlettSkal dere være i Norge, eller har dere tenkt dere til utlandet?
SvarSlettEr veldig interessert i å høre erfaringer rundt teltferie, da dette er noe jeg har hatt lyst til å forsøke lenge.