Viser innlegg med etiketten * Velvære~helse~hud~hår. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten * Velvære~helse~hud~hår. Vis alle innlegg

tirsdag 2. august 2016

Kjekt med heimelaga hårklemmer

(Klikk på bilda for å sjå dei større)

Eg er glad i å holde på med ulike hobbygreier, men alt for lite flink til å prioritere det. Eg veit det gir meg glede og avkobling, di  meir man gjer det di meir kreativ blir man og det er også veldig kjekt å gjere ting sammen med ungene. Og kanskje det er derfor det har blitt mindre av dette...
Mine tre eldste er ikkje så glad i det som dei var tidligare. Men no er vesla blitt 5 og eg skal prøve å prioritere fleire kreative ting sammen med ho framover.

Då minstejenta var baby shoppa eg hårklemme-ting på nettet og eg pynta hårklemmer sammen med eldstejentene. Her kan du sjå kva vi laga den gongen: Heimelaga hårklemmer

I dag fekk eg lyst til å la minstejenta få velge sjølv korleis ho ville ha klemmene sine. Ho valgte farger og pynt, mens eg limte det sammen. Klemmene med farger på er kjøpt hos Panduro, mens resten er kjøpt på Ebay.
Ein rask og lettvint aktivitet for å lage noko som er forbruksvare her i huset :)

lørdag 10. oktober 2015

Skogstur og livsstilsendring

Det er herlig å gå i skogen om høsten. Herlige farger, frisk luft, passe temperatur og høstlige dufter.

For litt over eit år sidan gjekk eg ikkje så mykje i skogen. I helgane prioriterte eg hus og praktiske ting når eg hadde muligheten til det. Mannen min tok gjerne ein tur med dei eldste ungane, mens eg var heime med den minste. Og det syntest eg var heilt greit.... eg var ikkje så kjent i skogen, kondisen var dårlig og kroppen føltes tung.

Men i løpet av det siste året har ting endra seg. Fleire ting gjorde til at eg no fekk muligheten til å prioritere mi eiga helse ved å bla. begynne å trene og eg har klart å endre kostholdet mitt til det bedre.

For eit år sidan var eg usikker på veien til stølen. Men eg begynte å gå meir i skogen, gjekk litt lenger for kvar gong og la merke til kjennetegn i naturen rundt meg så eg ikkje skulle gå feil. Det føltes herlig kvar gong eg kom eit stykke lenger.


Tidligare ønska eg meg flate skogsveier å gå på, mens eg no er glad for dei bratte bakkane som hjelper kondisen min til å bli bedre og gir beina litt meir å jobbe med.


I slutten av november i fjor kom eg meg endelig heilt opp. Det føltes heilt fantastisk å endelig nå målet som eg hadde tenkt på i fleire måneder. Eg hadde tenkt å ta dette bildet då, men blei skuffa då mobilen ikkje likte kulden og slo seg av. Etterpå var det mange måneder med snø i fjellet, men ut på våren kom eg meg opp igjen. Og etter det har det blitt mange turer opp hit. Seinast i dag.

Eg elsker å gå i skogen. Det gir meg så mykje. Eg får sortert tanker og lufta hovudet, i tillegg til at eg får bevegd meg. Og no om høsten er det ekstra fint pga alle dei flotte fargane som er rundt meg.


Eg er så glad for det eg har oppnådd det siste året. Det er lenge sidan kroppen har vore i så god form som den er no. Trening og kosthold har eg tidligare vore flink med i kortere perioder, men så har det sklidd ut og mi eiga helse har blitt nedprioritert. Men ikkje denne gongen. Eg føler at eg endelig har klart det... gjort ei livsstilsendring som er varig. Eg har fortsatt eit stykke å gå før vekta er der eg vil den skal vere. Men det er greit. Eg er på riktig vei.

onsdag 22. februar 2012

Fine hårfrisyrer til jentene

Nytt innlegg fra meg hos Foreldremanualen: Fine hårfrisyrer til jentene

mandag 3. oktober 2011

Heimelaga hårklemmer

Eg fekk lyst til å prøve å lage mine eigne hårklemmer til minstejenta, og bestillte klemmer, bånd og pynt på ebay.

*eyecandy*

Først limte eg eit bånd på klemma, og deretter limte eg ein pyntefigur på den. Ganske enkelt og greit, og ein fin hobby å holde på med sammen med dei to eldste jentene mine. Dei bruker egentlig ikkje så mykje hårpynt lenger, men når dei fekk lage sine heilt eigne hårklemmer så blei det litt meir stas.
Desse er også supre å gi vekk som små gaver.

Eldstejentas hårklemme med sløyfe på.

Mellomstejentas hårklemmer


Og litt fleire av hårklemmene eg laga til minstejenta:










Desse hårklemmene er kun dekorert med dekorative bånd

Ein plass å oppbevare dei på

Dette innlegget er med i ein konkurranse hos Foreldremanualen, og eg set derfor stor pris på om du stemmer på innlegget mitt. Her er konkurransen: Hjemmelaget
Nederst i innlegget finn du alle bidraga. Du stemmer på meg ved å klikke på "like"- som du finn under hårklemmebildet mitt.




søndag 11. april 2010

Ein favoritt med nydelig lukt

Desse jordbærrøde produkta (som er kjøpt på Body Shop) lukter nydelig og har blitt nokre av mine favoritter ♥ Det føles som litt luksus og gir ein følelse av velvære når denne lukta fyller lufta rundt meg. Takk til veninna mi som lot meg prøve hennar ein gong.

søndag 15. november 2009

Jentetur til frisøren (og hår som pulverheksa)


I dag var eg og jentene i by'n for å klippe oss. Mannen og minstemann klipper seg som oftast med maskin som vi har heime (veldig greit! Har spart mykje på det..), mens det kan vere greit for oss med lengre hår å la frisøren få klippe oss innimellom.

Mellomstejenta (på bildet over) har vanligvis helst villa ha håret litt kort, for ho er ikkje så glad i å børste seg. Og vanligvis har ho håret hengande laust eller har eit hårbånd i det. Heldigvis har eg no, oftare enn før, fått lov til å sette strikk og klemmer i det når vi skal i selskap o.l
Men i dag var vi blitt enige om at ho skulle prøve å ha litt lenger hår, så frisøren klippte det berre litt i kantane og klippa det litt opp.
Frisøren sa også at "ho hadde ein nydelig hårfarge" ♥ Og det har ho... nesten som englehår...
Ho syntest det var stor stas å få rosa stripe i håret!


Eldstejenta, derimot, vil heller ha langt hår og vil aller helst ikkje klippast. Men innimellom treng tuppane ein klipp... Ho fekk glitter i håret etterpå, og eit par små fletter :)


Eg har også langt hår... vanligvis er det ganske flatt og kjedelig (synest eg)... men om eg jobber litt med det så kjem det fram ein anelse fall i det. Dette bildet er tatt for ei stund sidan- rett før eg klippte meg forrige gong eg var hos frisøren. Det var kanskje like langt denne gongen, og då er det deilig å få klippa av ein del centimeter så det kjem litt lenger opp på ryggen :)

Eg fekk ein koselig kommentar fra ein av ungane i barnehagen der eg jobber; "Du har sånt hår som pulverheksa" - og det tar eg som eit kompliment. Og kanskje det faktisk er noko i det...


pulverheksa

fredag 30. oktober 2009

Duppedings til å lage fin hårfrisyre



Ein gong, for mange år sidan (før eg fekk barn), kjøpte eg ein "duppedings" til å lage ulike fine hårfrisyrer med. Eg brukte den kanskje litt den gongen, men den har i lang tid blitt liggande trygt og godt nede i ein boks med andre, lite brukte, sminke- og hårduppeditter fra ungdomstida.

Eg veit ikkje kva som gjorde at eg kom på den igjen, mulig at eg såg eit bilde av nokon som hadde ein sånn hestehale. Eller så var det eldstejenta som hadde sett det. Og vi fekk iallfall lyst til å prøve denne tingen igjen.
Vi blei fornøgd med resultatet i eldstejentas hår, og den gamle "duppedingsen" har igjen fått komme opp i dagens lys og fått ein plass i baderomsskuffa.




søndag 20. september 2009

Har du høyrt om nasjonalforeningen for folkehelse?


For litt over eit år sidan sa eg ja til å bli med i styret i bygdas helselag. Eg visste egentlig ikkje kva helselaget var eller kva dei stod for, men eg såg på det som ei ny utfordring. Ein måte å bli bedre kjent med bygda på og ein mulighet til å lære noko.

Etterkvart har eg lært meir om kva eit helselag er, kva dei står for og at dei er ein viktig del av nasjonalforeninga for folkehelse. Sitat fra nasjonalforeningas nettside: "Nasjonalforeningen for folkehelsen er en frivillig, humanitær organisasjon med helselag og demensforeninger over hele landet."

"Nasjonalforeningen for folkehelsens målsetting er at færre skal bli rammet av alvorlig sykdom og flere skal få et godt liv med god helse. Derfor arbeider vi for å bekjempe hjerte- og karsykdommer, demens og tuberkulose og for at de som rammes skal kunne leve et lengre og bedre liv. Vi arbeider også for eldres helse og trivsel, og for et godt nærmiljø for barn og familier. "



Dei har lenge jobba for å få merka sunn mat, her kan du lese meir om nøkkelhullet og merking av mat: Se etter nøkkelhullet...

Og kanskje har du sett at nasjonalforeningens logo har komt på Vita Hjertegod sine produkter? Samarbeider om hjertesunn mat  og
Vita Hjertegod


Kvar gong vi har samlinger og møter så lærer eg noko nytt om denne organisasjonen. Den har eksistert lenge og har 100 års jubileum neste år!
Synest det er rart at eg ikkje har høyrt om dei før, eller lagt merke til logoen deira- når dei har gjort så mykje for folkehelsa her til lands. Men no veit eg iallfall mykje meir, og viss du vil vite meir så kan du gå inn på Nasjonalforeninga sine sider.



Sidan eg kjem fra ein "hjerte-familie" der mange har hjerte- og karsjukdommer, så er eg spesielt interessert i dette temaet. Dette har vore ein nyttig link for meg, med mykje god informasjon:
Hjerte- og karsjukdom (les om fysisk aktivitet, sjukdommer, kosthold og hjerteleksikon)
og det har denne også:  Kvinner og hjerte- og karsjukdommer




 I den kommande veka er det Demensaksjon og lokallaga kjem til å gå rundt med bøsser og ha informasjonsmøter om demens. Eg har ingen i nær familie no som har blitt ramma av dette, men den kan jo alltid inntreffe. Då eg gjekk rundt med bøsser i fjor var eg innom eit hus der kona hadde demens, og det gjorde sterkt inntrykk. Det var skremmande å sjå kor fort ho gløymte, at ho ikkje fann det ho skulle finne og kor ubereknelig ho var. Når som helst kunne ho finne på å kle på seg og gå ut, og ein kunne finne ho gåande langs vegen. Då visste ho ikkje kor ho var eller kvifor ho gjekk der. No er ho heldigvis komt til ein tryggare plass.

Eg forsetter nok med å vere med i styret for mitt lokale helselag ei stund til, og sjølv om eg kanskje ein gong velger å ikkje vere med lenger så kjem eg nok iallfall til å støtte sakene deira ved å vere medlem i Nasjonalforeninga. Dei har og vil nok også forsette med å gjere eit veldig viktig arbeid for folkehelsa her til lands.

torsdag 10. september 2009

Sett pris på vèret og tenk positivt

I går då eg køyrte heim fra jobb blei eg, som så mange gonger før, veldig fascinert av vèret på min veg. For kvar nye retning eg tok, så forandra himmelen seg. Fra grått og regn, til kvite skyer og så regn igjen. Og deretter glimt av sol og blå himmel for så å sjå gråe skyer langt ned i fjella, før det letta igjen.


Eg synest det er så fint å sjå korleis vèret kan forandre seg, berre i løpet av ein køyretur.
Mange har kommentert at dei er lei av regnvèr no, og det skjønner eg jo. Men det hjelper jo ikkje at ein plager seg sjølv med sånne tanker. Ein kan ikkje gjere noko med vèret her og no. Prøv heller å finne positive ting med regnet, eller prøv å ikkje tenke på det. Tenk heller på alle tinga i kvardagen som du set pris på i løpet av ein dag. Tenk på positive ting eller tenk tilbake på minner som får deg i godt humør- hent fram denne følelsen og behold den, istedenfor å tenke negative tanker som berre gjer dagen meir negativ og humøret dårligare.

Her klarner det opp, og eg blir glad over å sjå blå himmel :)
Eg veit sjølv at regnet kan gjere tankane og livet tungt. Når vi mister sola i oktober og får den tilbake i mars, så er det fantastisk å endelig få sol gjennom vindua ein tidlig vårdag. Alt blir så mykje lettare då. Men eg har begynt å tenke meir positive tanker. Til no har det fungert veldig bra. Det at det har vore regn veldig lenge har egentlig ikkje plaga meg. For vi er jo heldige som har eit litt varierande vèr. Og vi set meir pris på dei solrike dagane, når vi har hatt regn ei stund. Det merka eg sjølv i forrige veke då det var eit fantastisk vèr på torsdagen.
Eg prøver også å tenke over alle dei fine tinga rundt meg, kvar dag. La dei positive tankane styre dagen min, istedenfor å tenke så mykje på det negative. Det prøver eg å skyve vekk, ved å finne gode tanker å tenke.


Her skin det enda meir opp- herlig!

Det begynner å skye til, men sjå så vakkert det er når solstrålane presser seg gjennom skyene!


Det skyer meir til.... Nydelig variasjon på himmelen

...Og skyene letter igjen

Eg har hatt lett for å føle meg innestengt og nedtrykt når det regner sånn som det gjer no. Og det er kanskje ikkje så rart når regnet går loddrett ned, og får alt til å føles tungt. Men no har eg hatt mange fine dager- fordi eg har forandra litt måten å tenke på.
Tenk så deilig å gå ein tur ut i regnet og få litt frisk luft (deilig!) for så å komme inn igjen og då sette stor pris på å vere komt innendørs.
Tenk på gleden ungane har av å vere ute i regnet (så lenge dei er tørre og varme) :)
Tenk så koselig å dempe belysningen og tenne masse stearinlys, og nyte roen og tilværelsen.
Eller slå på mest mulig lys i eit rom, og føle seg våken og opplagt. Eg liker å ha det lyst rundt meg.
Ein kan sette på musikk som gjer ein glad. Eller gjere ting sammen med ungane som gjer dere alle glade.
Dette var nokre av mine regnvèrs-tanker i dag :)
No ønsker eg dere alle sammen ein god og positiv dag vidare, uansett kva vèr du har rundt deg
Over skyene er himmelen alltid blå og sola skinner.


Alle snakker om været, men ingen gjør noe med det.
Mark Twain


Har en ikke solen, må en lage en.
Victor Hugo


Loving Clouds
How I love to watch the clouds
Peacefully, peacefully drifting by
Silently upon the breeze
They ease across the clear blue sky.

How they build and roll and tumble
Just like angels out to play
Dancing with the sylphs and fairies
Head o'er heels along the way.

Each new shape is quite amusing:
Puffs to great majestic towers
Building for their loving gift
To bless the earth with vital showers.
by Craig Nicholson

lørdag 25. juli 2009

Svineinfluensaen nærmer seg- no på 4H leiren

Det var skremmande då det blei slått stort opp i media om svineinfluensaen som spreidde seg i verden, så blei det roligere for så å blusse opp igjen no. Og det er vel kanskje ikkje så rart sidan fleire og fleire blir smitta, og smitten no også sprer seg meir her i landet.

Så det er vel berre å brette opp ermene og forberede seg på det som kjem. Kanskje det kan hjelpe å ete sunnere no framover, ete mat som styrker immunforsvaret? I tillegg til også ha god håndhygiene og ta sine forhåndsregler. Det er jo ikkje sikkert ein blir ramma, og forhåpentligvis blir ein ikkje ramma så hardt- men det veit ein jo aldri.
Eg tenker iallfall at det er stor sjanse for at den kjem vår veg- med tanke på minstemann som går i barnehagen, jentene som går på skulen (snart) og eg som jobber i barnehage i nabokommunen. Det er ikkje noko som eg går og tenker på, men klart det ligg i bakhovudet når ein høyrer om det i media.

Det at det no var påvist på 4H leiren på Breim gjer at det no føles nærmare, og eg tenker på dei som eg kjenner som er der. Ho som er smitta er riktignok ikkje herifra, men fra Vest-Agder. Og ho har vore på ferie på Kypros. Men det er det sikkert fleire som har... Vi har jo vore i Vest-Agder på ferie (uten at det nødvendigvis øker faren for at vi blir smitta). Vi køyrte forbi Breim i går... Håper det går bra med dei som er der på leir...

Folkehelsas oppdateringer om svineinfluensaen
NRK- Svineinfluensa på 4H leir
Bruk hovudet om du får influensa
VG Nett- Svineinfluensa

torsdag 11. juni 2009

Har prøvd Nestlè Fitness' danseDVD

På tide med litt trening i heimen igjen. I dag brukte eg først Kari Jaquessons Video Vitamin4- for å få trena litt styrke. Tidligare har eg brukt det rosa båndet (som fulgte med DVD'en), men det slitna så no bruker eg det grønne. Dét gjer at øvelsane blir litt hardare, men pytt- eg kan jo ta ei lita pustepause innimellom. Det går fint å gjere øvelsane, nokre går veldig fint mens andre blir eg meir sliten av. Og det er jo sånn det skal vere- di meir eg kjenner det di bedre er det at eg gjer øvelsane og styrker kroppen.




Foto: powermusic.no

Etter å ha trent til styrkeDVD'en ville eg gjere litt morsommere bevegelser og prøvde ut cd'en som fulgte med Nestlè Fitness-gryna (Les Mills' BodyJam). Det var ein ok cd, med dansende trening- ein fin måte å trene på og ein fin måte å gjere treninga litt meir variert og morsom.



Foto: Nestle.no

fredag 22. mai 2009

Fridag sammen med eldstejenta

I dag hadde eldstejenta fri fra skulen, mens småsøskna var i barnehagen. Vi rydda litt i huset, spelte litt, såg på bilder fra Florida på nettet (for å forberede ho på det som venter der).. og dagens høgdepunkt var at vi skulle danse etter ein trenings-DVD som eg har:



Ho har lenge sagt at ho liker hip hop (sjølv om ho ikkje har dansa det noko særlig). Så eg tenkte det kunne vere kjekt for ho at vi dansa etter denne sammen. I denne videoen viser dei steg-for-steg ulike dansetrinn i disco, hip hop, pop, latin og house. Eg trur ho syntest det var kjekt, men trinna var nok litt vanskelige og det var kanskje litt vanskelig å følge med etterkvart som ein skulle sette sammen alle desse dansetrinna. Eg synest denne DVD' en er artig, og eg liker å danse (sjølv om eg ikkje er så god på det). Blir iallfall varme av den og får igang kroppen litt.

torsdag 30. april 2009

Dagene flyr avgårde + Tai chi

Sitter her no, og tenkte eg skulle ta meg nokre minutt og nyte roen... heilt til det ropes "MAMMA, kan du hjelpe meg?"...... då eg kom for å hjelpe viste det seg at lillegutt allerede hadde fått på seg cherroxene og var gått ut døra. Han var på veg bort til fjøsen, der bestefaren hans skulle til å sleppe ut nokre lam og sauer. Så då fekk han gå bort dit og få med seg begivneheten, mens eg kunne sette meg ned igjen... og faktisk nyte eit stille øyeblikk, og prøve å gløyme samvittigheten som gnager for alt eg heller burde ha gjort.


Cherroxene burde jo vore pakka vekk for lenge sidan, men så er jo desse og støvlane dei skoa som 3 åringen min lettest klarer å ta på seg sjølv for øyeblikket. Går så mykje fortere for han å komme seg ut da... så då kan dei få stå framme ei stund til ;)


Og mellomste jenta mi, har venta og venta og venta (ja faktisk i over eitt døgn- og det kan vere lenge for ein 5 åring!) på at også hennar sau og lille (nesten nyfødte) lam skal få sleppast ut på graset istedenfor å måtte vere i fjøsen heile tida. For mange av dei andre sauene og lamma er sleppt ut (bla. storesøsters!) og då er det jo kjekt om vi også kan få sjå hennar søte dyr hoppe og sprette bortover graset.


Eit av våre små, søte lam
Eldstejenta sitt lam. Dei fleste lamma er ganske vanlige og kvite. Men jentene våre sine lam skiller seg litt, både når det gjeld rase og farge.

Sauemammaen koser med ungen sin


Søskenkos



No skinner sola i vinduskarmen, og katta maler som aldri før.. her er ein katt som virkelig nyter sola og varmen.




Og her er mellomste-jenta sitt lam. Endelig fekk den også komme ut og leike i graset.




Til no i dag har vi fått i oss frukost, og eg såg gjennom posten vi har fått denne veka mens dei små fekk sjå litt barne-tv. Etterpå leika dei litt, mens eg rydda vekk litt rot og satte på ei vaskemaskin med kle. Så var det treningstid for meg; er sååååå takknemlig for at svigerforeldra mine kan passe mine små littegrann så eg kan få trent litt... for om eg ikkje har faste tider der eg trener på så har det så lett for å skli ut- og då er det så mykje anna eg heller gjer når eg har tid til det (som husabeid, for det er noko som alltid bør gjerast).
Etter treninga var det tid for å lage lunsj og ete sammen med dei små. Dekke på, ete, dekke av og rydde kjøkkendisken (der det har lett for å hope seg opp etter nokre dager). Sette på ei ny maskin med kle... og så er lista lang over fleire ting eg bør gjere i dag... men no valgte eg å sitte her litt. Rekner med at eg skal få gjort litt i huset i løpet av dei neste fridagane ;)
I dag trente eg først styrketrening med strikk (Videovitamin4 med Kari). Og etterpå trente eg litt Tai chi.
Tidligare har eg alltid likt best trening der ein får brukt kroppen og bli skikkelig varm, men no synest eg det er spennande å prøve ut litt andre former for trening også- og gjerne rolige treningsmåter der ein føler ein får strekkt musklane litt og kan få litt ro i kroppen (i tillegg til dei andre, meir aktive måtane å trene på). Så derfor kjøpte eg denne videoen;
An introduction to TAI CHI med bla norsk tale, då den var (og forsatt er) på salg. Og kanskje kjem eg til å kjøpe ein anna Tai Chi- dvd seinare. For dette var ein fin måte å trene på, og passer også på dager då kroppen ikkje føles heilt på topp.
Henta dette fra Wikipedia om Tai Chi:
Tai Chi Chuan eller Taijiquan, også kjent som Tai Chi eller Taiji, er en Indre Kampsport (kampkunst) fra Kina. De to andre indre kampsportene er Baguazhang
og Xingyiquan.Det er mange stilarter innen Tai Chi Chuan,
selv om de fleste er enige om at de er alle basert på systemet lært av Chen familien
til Yang familien i 1820. Det kan være viktig å merke seg at navnet Tai Chi
Chuan er relativt nytt og at de tidligere utøverne av kampsporten ikke lett
ville kjent igjen hverken navn eller form på mye av det som idag går for å være
Tai Chi. De fleste stilartene er oppkalt etter personen som lagde dem. De mest
kjente er: Yang, Chen, Sun, Wu/Hao og Wu. Noen av disse har undergrupperinger
igjen.
Tai Chi er en kampsport hvor bevegelsene ofte blir praktisert som
terapi for å bedre helse og livslengden, noen ganger
i den grad at all tilknytting til kampsport blir ignorert. Tai Chi er ansett som
en myk kampsport, en kampsport der dyp avslapping eller mykhet i musklene
(spesielt i overkroppen) blir brukt i stedet for å anspenne dem. Tai Chi bruker
for det meste musklene i bein, hofter og midje til å generere kraft da disse er mye sterkere enn musklene i armene. Disse anspennes heller ikke, fokus er på vektomplassering og momentet dette fører med seg.
Fokus i kamp ligger i å absorbere/parrere motstanderens angrep
slik at det ikke har noen effekt, for å så benytte seg av den strategisk overlegene posisjon denne taktikken har ført til for å angripe.
Tai Chi trenes veldig sakte til å begynne med.
Dette sørger for at utøveren får med seg en haug med detaljer som man ellers
hadde gått glipp av hadde man gått igjenom øvelsene hurtig. Tai Chi er veldig
krevende og man bruker mye tid bare på å få det grunnleggende inn. Typisk 2 år
eller mer avhengig av individet. Denne strategien
betaler seg i det lange løp da utøveren vil få en god kjennskap til systemet og
ikke minst sin egen kropp.
Hentet fra «http://no.wikipedia.org/wiki/Tai_Chi_Chuan»



Det var nokre ord herifra. No har dei to minste komt i hus, og koser seg med pære (spesielt minstemann er veeeldig glad i frukt, og kunne ha ete dette heile dagen om han fekk lov). No skal eg legge sammen 3-4 "maskiner" med tørka kle, sette på ei ny maskin med kle, rydde litt meir på kjøkkenet, vatne litt blomster (noko eg ikkje er flink til å gjere for ofte! Men prøver å skjerpe meg på det) og så kjem nok skulejenta mi kjem heim fra skulen, og eg begynner å lage middag til familien før mannen kjem heim :)... og kanskje får eg òg telefon fra reisebyrået eg mailer med, for å snakke om den kommende Floridaturen vår.