torsdag 30. juni 2011

Barbiekake og forberedelser til bursdag

Denne Barbiekaka/prinsessekaka laga eg til mi 5 årige niese i forrige veke, den blei godt mottatt.

Eg brukte blondeperler i håret. Sjølve kaka (kjolen) er sjokoladekake med litt fyll i, og så har eg pynta den på ein enkel måte med rosa smørkrem.

Jentene mine har bursdagsselskap midt på sommeren, men vi feirer dagane deira før skulen slutter sånn at det skal passe for veninnene å komme i selskapet.

Eldstejenta ville ha muffins med blå melis på.

Mellomstejenta tok seg god tid då ho pynta storesøster sin muffins.


Jentene synest at noko av det kjekkaste med bursdagsforberedelsane er å lage i stand godteposane.

Innholdet i eldstejentas godteposer

"Boks-is" med non stop, sjokoladesaus og oreokjeks var noko av det som stod på menyen.

tirsdag 28. juni 2011

Ting å gjere inne på ein regnværsdag

Spele spel sammen

Man kan jo vere ute sjølv om det regner, men det blir gjerne til at man er litt meir inne enn ute når regnet høljer ned utanfor. Og det er jo mykje man kan finne på inne...

Pusle puslespel

Perle figurer

Perle smykker

Bygge togbane

...eller leike med andre ting

Papirhobby - det fins mange linker til td. origami o.l på nettet. Denne hadde mellomstejenta "oppskrift" på i ei av skulebøkene sine tidligare i vår.

Holde på med aktivitetsbøker, tegning, magnetleiker eller anna kjekt

Hoppe strikk eller liknande

fredag 24. juni 2011

Denne vekas bilder (til 365 prosjektet)

Her på gården har vi begynt å slå denne veka, men minstemann plukke desse blomstrane til mammaen sin før pappaen slo vekk dei og graset.

Eldstejenta har hatt stor glede av å sove ute i telt eit par netter, sjølv om vi voksne kanskje trudde at det kom til å bli kaldt (noko det selvfølgelig, utifra ho, ikkje var).



Babyforberedelsane har begynt, og eg har bla. vaska opp masse kluter...

Eg har vaska opp rosa babykle (og sagt til ungane at vi har blitt fortalt at det kanskje er ei jente i magen, men om det blir gutt så får vi heller vaske opp guttekleda vi har liggande på loftet etter minstemann).

Og eg har vaska nøytrale babykle... Eg kjem nok til å lage ei eiga temaside i enten mitt eller babyens album med babyforberedelser.

Minstemann har leika ein del med mine gamle klinkekuler i det siste. Og dei blir ikkje brukt på samme måte som eg gjorde... for desse blir nemlig brukt i forbindelse med traktorarbeid. Her har han lagt dei så pent og pyntelig på rekke og rad, og han har visstnok "gjødsla".

onsdag 22. juni 2011

Mitt album om meg (alà Project Life)

Sidan eg lager eit album om familien med eit bilde for kvar dag i eitt år, og også skal lage eit til babyen, så fekk eg lyst til å lage eit album om meg sjølv også. Eg tenkte det skulle vere eit daglig bilde fra/om meg også, men fann ut at eg ville gå litt tilbake i tid. Derfor begynner mitt album i begynnelsen av 2010- då får eg bla. med heile graviditeten :) Og istedet for å ha med bilder fra kvar dag, så blir det heller eit album med litt bilder fra kvar måned.

Eg fann mykje inspirasjon til korleis lage albummet bla. fra Becky Higgins og Ali Edwards. Så eg begynte med å kjøpe WeRMemorykeepers-album på nettet. Litt etter at eg hadde sendt inn bestillinga kom eg over eit salg i ein anna nettbutikk, så eg kjøpte litt fleire album enn eg først hadde tenkt. Men då har eg eit album eller to til "mitt eige" album, eitt til babyen og nokre ekstra viss eg vil lage fleire liknande album. (Det er jo fristande å lage til dei andre ungane også, men det må isåfall vente litt- no har eg liksom nok).

Eg bestillte også fotolommer som eg skulle sette inn i albumma. På det øverste bildet kan ein sjå korleis eg har tenkt at albumma skal sjå ut inni. I dei fleste lommane set eg inn bilder, og så set eg inn kort som eg kan skrive tekst på i nokre av lommane.

Ved å lage eigne kort til tekst så får eg brukt nokre av stempla mine, mønsterarka mine og anna pynt. Her er fleire tekstkort som eg har laga:


Ein del av tekst-korta kjem eg til å pynte etterkvart som eg skriv på dei

Desse har eg lasta ned gratis fra Something Scrappy, og printa ut på kvit og rosa kartong.


Og så har eg skjært til nokre kort som eg skal ha inni for pynten sin del. Alle tekst-kort og dekorative kort er i størrelsen 10,2 x 15 cm sånn at dei skal passe inn i fotolommane.
Eg har også framkallt masse bilder fra dette siste året, og alle i 10x15 format.

Alle bilder er framkalla og alle kort til tekst og pynt er ferdige og satt i album, så det gjenstår berre for meg å skrive tekst til bildene :)

I albummet om meg har eg bla. desse bildene:
  • Familie og venner
  • Ein del bilder av meg, bla gravidbilder
  • Favoritter
  • Hobbyer og prosjekt eg held på med
  • Nytt eg kjøper og ting eg har (og er glad i)
  • Naturbilder eg tar
  • Plasser eg har vore
  • Utfordringer og nye ting eg prøver
Og eg har også nokre temasider med desse bildene:
  • Bestemors hus med mange, gode minner
  • Besteforeldra mine då dei var yngre
  • Foreldra mine då dei var yngre
  • Meg som barn
  • Jobben min
  • Hytta vår
  • Ting og tang som har med graviditeten å gjere
  • Nytt til babyen
  • Forberedelser i huset før den lille skal komme
Ein del av bilda som eg har tatt dei siste åra er bilder eg har tatt for min eigen del, som kanskje ikkje alltid kjem i familiealbumma. Derfor er det kjekt å lage eit album for min eigen del. Eit album som eg får stor glede av, men kanskje også familien min fordi dei då kan bli kjent med nye sider av meg.

mandag 20. juni 2011

Vi forbereder oss til familieforøkelse

No har eg hatt permisjon i ei veke. Det har vore ei veke med mange ting på "plakaten", men no kan eg begynne å sjå framover mot det store som skal skje, og forberede hus og ting som må vere klart til då. 

Eg har lenge hatt ein følelse av at det er ei jente eg bærer på, og denne typen følelse har vore riktig ved mine tre tidligare fødsler. Eg har også vore på to ultralyder der det har vore sagt at det kan sjå ut som at eg har rett denne gongen også. Heilt sikker er eg jo ikkje... det kan jo likevel bli ein gutt- og då er han hjertelig velkommen. Men då eg fekk vite på ultralyden at det kanskje var ei jente, så måtte eg jo berre handle litt rosa. (Om det blir ein gutt så får eg heller gi det vekk til nokon andre som treng det)

Dagen i dag har eg bla. brukt til å vaske fleire maskiner med nøytrale og jentete kle, og også ein god del kluter som kan vere gode å ha. Eg har rydda plass i eit skap til kluter og div anna. Og i morgon må eg rydde plass til babyens kle på badet :)



lørdag 18. juni 2011

Minstemanns fotobok: hans "traktorer og andre køyretøy"

Forrige dagen skreiv eg eit blogginnlegg om fotobøkene eg fekk i posten. Her er nokre glimt fra minstemanns fotobok. Den er på 24 sider og er laga hos Fujidirekte.

Dette er ei bok med lite tekst, men med mange bilder av alle køyretøya han har leika med eller sett på i løpet av dei åra han har vore køyretøy-interessert :) (dvs nesten heile sitt korte liv)
Eg har skreve dato på mange av bilda, og på nokre har eg også skreve kor vi var td når vi har vore på ferie eller besøk.








onsdag 15. juni 2011

Vitus apotek sin babypakke

Forrige dagen henta eg Vitus apotek sin babypakke, denne stod ikkje oppført i oversikten eg la ut link til i forrige baby-pakke-innlegg.  Men du kan bestille pakken her: Babybaby

I pakken var det bla. bleier, div vareprøver (og også noko til pappaen!), tørre papirkluter, smokk, cd, bladet Mamma og Sing Sang kort.


søndag 12. juni 2011

Fotobøker i posten *jippi* (og Elkjøp vs Fujidirekte)

Eg er vel ein av mange som har fått verdikupong fra Fujidirekte med tilbud om gratis fotobok. Eg hadde to kuponger og bestillte derfor to bøker til minstegutten. Han har ikkje album fra sine første år, så eg laga ei bok med ein del tekst + bilder fra hans aller første år. Han er også veldig opptatt av traktorer (og andre køyretøy) så eg laga ei bok til han med bilder eg har tatt av han med dette fra 2007-2011. (Det kjem muligens eit eige innlegg om denne boka seinare).

Eg fekk også denne boka, fra ferien vår på Amadores. Sååå deilig å bli ferdig med den! Eg er ikkje så rask til å lage fotobøker for eg har så mange bilder og tekst eg vil ha med, derfor er det ekstra kjekt å endelig få eit ferdig produkt i hendene. Denne bestillte eg fra Elkjøp.

Fint av Fujifilm å tilby gratis fotobøker (sjølv om dei ikkje kan vere på meir enn 24 sider), men eg kjem nok ikkje til å bruke dei seinare pga fotobok-programmet deira.
Man må lage fotoboka online, og laste opp bildene før man set dei inn i boka. Eg følte også at eg ikkje fekk zooma inn sidene nok til å sjå korleis dei ville bli, og satt mykje og "myste" mot skjermen for å prøve å sjå tydeligare. Eg savna også fleire sidemaler og det å kunne lage sine eigne.

Eg liker Elkjøp bedre. Der kan man jobbe med boka på sin eigen pc, og finne bildene man vil ha i fotomappene ein har på pc'en. I dette programmet er det mange oppsett/maler til bildesider, og man kan lage og lagre sine eigne. Eg kan også zoome inn sidene mykje meir og det er fleire muligheter med dette.... Så eg liker nok Elkjøp sitt program best, og kjem til å holde meg til det...
(Elkjøp bruker Cewe's fotobokprogram... som bla. Japan Photo og Postfoto bruker. Eg velger Elkjøp fordi vi har ein butikk i nærheten og får derfor boka fritt tilsendt dit).

Kvaliteten på bøkene virka i første augekast som nokonlunde lik.

torsdag 9. juni 2011

Denne vekas "365-bilder"

På klassefest. Alle elevane fekk snakke om sin bursdagsmåned, men sidan mellomstejenta har bursdag i samme måned som ei anna så måtte dei trekke om kven som fekk snakke om sin bursdagsmåned. Jenta mi fekk snakke om måneden etter...

Eit av minstemanns mange traktorprosjekter- her samles det mose

Eldstejenta har eit godt lag med dyr, og koser gjerne med "villkatten" vår som var innom ein tur. Er ikkje så ofte han er heime for tida, så det blir gjort ekstra stas på han når han er det.

Gøy å spele på ipaden til ei veninne

Vi har rikelig med ved til neste vinter også

Minstemanns nye joggesko