fredag 30. mars 2012

Fra storebror til lillesøster

Ein dag hadde storebror med seg ein pakke heim fra barnehagen. Den var til lillesøster som han er så glad i.

Han hadde vevd eit lite teppe til ho <3


tirsdag 27. mars 2012

Scrappeboksen hans

Jentene mine har hatt scrappeting ei god stund no; mønsterark, klistermerker, lim og anna pynt. Då dei alle fekk klistermerker i adventskalenderen i desember måtte også gutten min få sin eigen scrappeboks. Ein boks til klistermerkene, dei fargerike pennane han også fekk, litt lim og anna dill. (Vi bruker ein stor matboks).

Det er fint at han no kan holde orden på sine eigne saker, og har ein fast plass til klistermerker og det han treng. Denne har vore mykje i bruk bla. når han lager guttete bursdagskort til kameratane sine, eller klipper ut ting han ønsker seg fra reklameblad.

Innimellom så limer han bildene sine på kartong også. Og då prøver eg å få han til å tegne eller skrive litt bokstaver (sidan det er noko han sjelden ellers har tid til).

Vanligvis er han ein opptatt gutt som har mykje på gang ute (bla. diverse gårdsarbeid sammen med pappaen eller bestefaren), eller han held på med lego og køyretøy inne. Men det er kjekt at han også kan holde på med litt kreative "inneting" innimellom.

onsdag 21. mars 2012

Familiens kvardagsbilder (til Project Life)

Vårfølelse på kjøkkenet

Mens det er litt grått, og av og til litt snø, utendørs.

Togbaneleik med zhu zhu pet- hamsteren

Jentene speler av og til kort om morningen, for å få tida til å gå før dei skal til skulen.

"Møte-veska" mi - fordi den er stor nok til permer og skrivebøker... og med eit nydelig motiv (nesten heilt objektivt sett). Denne veska bestillte eg fra Eurofoto for nokre år tilbake. Minstejenta var ikkje påtenkt den gongen...

Eg elsker å få scrappepakker i posten :)

Innimellom får eg denne undersøkelsen i posten. Dei to midterste barna er med i denne.

På tur langs veien. Ideen til dette bildet fekk eg fra ei liste med forslag til "månedens bilder". Eg trur forslaget var kurver eller noko sånt, og muligens hos Capture your 365.

Kvar måned tar eg litt bilder av minstejenta på datoen "hennar". Då får ho hårband på seg og gjerne ein kjole, og så tar vi litt bilder sammen med ekorn-bamsen. Dette bildet likte eg fordi ho held seg i handa, nesten sånn som ekornet gjer.


fredag 16. mars 2012

6 åringens barneselskap- og diverse bursdagstilbehør til jente og gutt

Då 6 åringen skulle feire bursdagen sin hjalp søstrene til med å lage muffins. Dei brukte muffinsformer med Gråtass-motiv (som eg kjøpte den gongen eg jobba for Cacas) og brukte Cars-pynt på toppen.

Han ønska seg ei kake med rød traktor på, og då måtte han jo få det. Vanligvis lager eg ikkje så mange sånne kaker til barneselskap lenger, for sjølv om ungane liker formen og fargane så blir det ofte berre ete eit par stykker av den. Mykje arbeid for lite... Men sidan dette var guttens første barneselskap så fekk han kaka som han ønska seg (og vi kunne også ha den i familieselskapet dagen etter).
Her kan du sjå innlegget mitt med fleire traktorkaker: Traktorkaker på plate og i form, og her er kategorien Kakene mine.

Godteposer må vi jo ha i barneselskap, og ungane pleier å storkose seg når dei skal fylle godteposane til sin eigen bursdag. Dette var første gongen gutten min hadde barneselskap, og då var det nok ekstra stas.

Desse Mario-figurane kjøpte eg hos Dealextreme.com, og vi brukte dei i godteposane.

Tatoveringer er alltid populært, desse er med motorsykkel-motiv. Kjøpt på ebay for nokre år tilbake.

Godteposens innhold. Det er gjerne litt vanskelig å vite kor mykje man skal ha oppi posane.. blir det for lite... eller for mykje. Alle har nok sine eigne meininger. Dette synest eg er passelig mengde, litt ting og litt snop- og ungane var fornøgde.

Gutten min ønska seg skattejakt (vi har ofte skattejakt eller fisking når det er tid for godteposer). Då laga eg lapper med ledetråder rundt om i huset, og passa på at alle gjestane skulle få finne lappen ein gong kvar. Når dei fann ein ledetråd måtte dei bestemme på forhånd kven som skulle få åpne den neste. I år fekk eg også god hjelp fra storesøstrene. Så den eine fulgte ungane rundt om i huset, passa på at alle fekk åpne ein lapp og las lappane for dei. Mens den andre gøymte skattekista på det rommet der skattejakta begynte :)

Den siste lappen var ekstra spennande, for der hadde eg festa nøklane til kista. Bursdagsbarnet fekk åpne den første og den siste lappen, og for at det ikkje skulle bli krangel så skreiv eg på lappen at bursdagsbarnet skulle få åpne kista. Det var mest rettferdig.

Det var stor stas å finne den spennande kista

Og oppi kista låg alle godteposane (med navn på).

6 åringen min var godt fornøgd med bursdagsselskapet sitt :)

Det blir ein del bursdagsselskap når man har fire barn, og eg bruker ofte engangstallerkner og -glas, og gjerne med barnemotiv på. Derfor kjøpte eg ein del av dette då det var salg hos Helti100.no i høst. Så no har vi litt med hestemotiv på til dei to eldste jentene. Dinosaur, Spiderman og Mario til gutten min. Og litt prinsessegreier til minstejenta.

Jentene har lenge hatt lyst på pinjataer til bursdagane sine. Det var ikkje så mange å velge i, men eg kjøpte kvar sin med "Happy Birthday" på. Så desse tar vi nok i bruk når dei har bursdag i sommer.

Eg kjøpte ein til gutten min også, som vi kan bruke i eit seinare selskap.
Egentlig veit eg ikkje heilt korleis eg skal gjere det med pinjataene. Då kan dei jo ikkje få godteposer, og så er eg redd for at nokre får mykje snop og andre får lite. Hmmm... Har dere nokre tips eller råd?

Eg kjøpte også desse spiselige sommerfuglane, og ser fram til å pynte kaker eller muffins med dei :)


torsdag 15. mars 2012

Eg har prøvd tjenesten LOVEFILM


Som tidligare nevnt så har eg blitt Buzzador og får då prøve ut nye kampanjer og tjenester mot at eg fortel andre om det.

Den første kampanjen eg blei med i gjekk ut på  å prøve tjenesten LOVEFILM i to måneder.
Hos LOVEFILM kan man leige filmer (på DVD eller Blue-ray) eller tv-spel, og med Flex2 abonnementet kunne eg låne to plater om gongen (enten to filmer, eller ein film og eit spel). Og i tillegg kunne eg også streame filmer på nettet.

Eg hadde lenge lurt på om eg skulle prøve ei sånn tjeneste, så dette passa meg utmerket. På LOVEFILMs nettside laga eg ei liste over kva filmer/spel eg ville leige, og ganske snart så sendte dei meg to av desse filmane.  Etter å ha sett den eine kunne eg sende kun ein tilbake og få ein ny i retur. Dei var raske med å sende ut den neste filmen eg ønska å leige.

Då gutten min var sjuk ein dag fekk vi også prøvd å streame film fra LOVEFILM. Det gjekk veldig bra, gutten min likte filmen. Men eg kunne nok tenkt meg litt fleire filmer å velge mellom.



Eg trur ikkje eg kjem til å fortsette abonnementet. Tjenesten fungerte veldig bra, og eg vil anbefale den til andre som ønsker å benytte seg av sånne tjenester. Men vi ser ikkje så ofte på filmer- vi klarer oss med det vi har i hus og det som er på tv.

Viss du ikkje har prøvd LOVEFILM tidligare kan du få prøve det samme abonnementet som eg har gjort.  Gå inn på nettsida LOVEFILM.no og bruk kampanjekoden "van1201", og så kan du også prøve film og spel heim i postkassa di i to måneder.

............................................................................................

Vil du vite meir om å vere Buzzador så kan du lese mitt tidligare innlegg her: Eg har blitt Buzzador



mandag 12. mars 2012

Minstejentas kvardagsbilder (Project Life)

Denne koseklut-kaninen hadde gode øyre å bite på

Panda oppdager panda

Smaksprøve på middag 

Holde i handa til lille-kusine
-Det første møtet-

Gode Sophie-biteringen

Søte føtter små

Dette bildet blei tatt for ca 4-5 måneder sidan. Den gongen hadde minstejenta masse hår- no er det blitt mykje tynnare... I mange veker og måneder har ho mista litt og litt. Det har vi lagt spesielt merke til i badekaret etter eit bad og også på puta (eller rettare sagt kluten ho ligg på) i senga. I albummet skal eg ha eit bilde med før-og-no bilde :)

søndag 4. mars 2012

Maxie møter Goldie - ei LEGO Friends historie

Det var laurdags morgon, og Olivia og pusen Maxie skulle til trehytta si.

Maxie gjekk opp i kurven sin

Plutseleg kom det ein fugl og begynte å ete på fisken til Maxie. Det likte ikkje Maxie!

Han skulle akkurat til å angripe fuglen, men då kom Olivia.

Olivia gjekk bort til fuglen, klappa den på ryggen og sa: "Han burde vi behalde. Og så kan vi lage eit fuglehus."


"Blei det ikkje fint?" spurte Olivia. Og fuglen Goldie sa "pip pip".

Og etter det blei Maxie og Goldie gode venner, og dei delte på fisken.


Denne historia er skreve av mine to døttre på 8 og 11 år, bildene har eg tatt med hjelp fra dei.

:::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::::

Som eg skreiv i eit tidligare innlegg så er eg Buzzador, og eg og jentene mine har derfor fått prøve Olivias trehytte fra LEGO Friends.
Det å vere Buzzador går ut på at man får prøve nye produkter eller tjenester, og forteller venner og bekjente om dei.
Jenta mi på 8 likte Lego Friends veldig godt, og har leika med det sammen med mange av sine veninner. Gutten min på 6 fulgte også spent med då ho byggde trehytta. 

Her kan du lese om då vi fekk lego-pakken i posten og sjølve bygginga: Vi har fått prøve den nye LEGO Friends
Her kan du lese meir om det å vere Buzzador: Eg har blitt Buzzador


lørdag 3. mars 2012

Kvardagsbilder (til Project Life)

Eit av guttens favoritt-pc-spel for tida

Våren har komt og syklane er tatt fram. Sykkelparken vår.
(Bildet er tatt i fjor, og eg har vist det før. Men det er like aktuelt i dag)

Då ungane fekk nye sykkelhjelmer i fjor, så fekk dei også kvar sin knagg til å ha dei på.

Ei bok vi har lese

Eit spel eg har spelt med gutten min

Guttens frukost

Eldstejenta tegner. Ho pleier å ha håret hengande laust, så derfor synest eg at ho var så fin med håret i flette denne dagen.