onsdag 17. juni 2009

Hannah Montana bursdag

Eldstejenta hadde bursdagsselskap sammen med veninnene sine på mandag, og då var det med Hannah Montana som tema. Ho valgte ikkje tema sjølv, men sidan Hannah Montana er blitt meir og meir populært i heimen siste månedane så tenkte eg at ho ville sette pris på å ha Hannah Montana ting i selskapet sitt. Det begynte med at eg fann fat, glas og servietter på Nille. Og då eg leita på ebay etter småting til å ha i godteposene til dei to selskapa vi skulle ha, så var det jo kjekt å komme over litt dill og dall som passa til dette temaet.


Eg dekka på bordet før jentene kom fra skulen. På menyen var det hamburgere og salat- så før selskapet begynte brukte eg ei stund på å steike opp masse hamburger-karbonader og lage salat. Men koselig å bruke tid på å forberede eldstejentas store dag.



Ei av jentene lurte på om jenta mi var veldig glad i Hannah Montana, og eg sa ja... det var ho og kanskje mammaen hennar også var det :) Eg liker iallfall ting og tang med ulike barnefigurer på, og synest det er kjekt å stelle istand sånne ting.




Lyset vi hadde på sjokoladekaka. Og heller ikkje i dette selskapet blei det ete noko særlig av sjokoladekaka. Men muffinsene derimot blei veldig godt mottatt. Det har jo litt med at dei hadde ete seg gode og mette på hamburgere, og då er det ikkje så mykje plass igjen i små mager.

Mellom middagen og kakene hadde vi ei lita singstar-pause. Egentlig hadde eg tenkt at dei kanskje ville spele vanlige spel eller vere på rommet til eldstejenta - dei var store nok til å organisere sånt sjølv så eg hadde lagt ut nokre spennande spel på eit bord. Men allerede under middagen avtalte jentene seg imellom at dei skulle synge singstar... og då blei det sånn. Nokre hoppa litt på trampolina, og eit par jenter leika med Barbie- men det gjekk mest i ABBA-singstar.


Litt etter kakene var det tid for godteposer, og eldstejenta hadde lyst til å fiske godteposer i år. Derfor stillte mannen seg under verandaen vår for å hekte posene på fiskestanga... og det var ikkje berre godteposer som blei kom på kroken! Innimellom godteposene kom det også ein gammal sko, øydelagte hørselvern, ei vannkanne og eit hjorte-horn- noko som skapte ekstra latter i jentegjengen.

I godteposene hadde vi sommerfugl-tatoveringer, mini-marrakas (bilde i eit tidligare innlegg), fruktkarameller, sure snope-bånd (veit ikkje heilt kva dei heiter), sjokolade-gullmynter og kvar sin Hannah Montana-penn:


Her er litt av Hannah Montana-tinga som eg kjøpte på ebay. Muffins-pynt, lys, muffins-former, blyanter (til ein seinare bursdag), Hannah Montana- smykke (til jenta mi på bursdagen.. kanskje) og Hannah Montana-hoppetau :)

Selskapet varte i litt over 2 timer. I fjor var det meir enn nok tid, men i år hadde det ikkje gjort noko om det hadde holdt på lenger- men sånt veit ein aldri på forhånd.

Dette innlegget er med i månedens tema, Bare Barnemat og også Barnebursdag, hos Foreldremanualen.

8 kommentarer:

  1. Så artig med skikkelig tema på bursdagen da!!

    Er godt å sitte etterpå å vite at det ble en kjempekos opplevelse for hodepersonen.

    klem

    SvarSlett
  2. Kjempe stilig!!! Dette hadde blitt en sukess her i huset også:)

    SvarSlett
  3. Så flott barnebursdag med fargerike muffins og Hanna Montana ting.
    Da jenta vår feiret bursdag i våres så var det Hanna Montana tallerkner osv her også :-)
    Hun og meg var på kino og så Hanna Montana filmen for ikke så lenge siden. Den var bare søt da - og det første Kamilla spurte om da filmen var ferdig var om vi kunne kjøpe filmen når den kommer ut på DVD ;-)
    Klem, Mariann

    SvarSlett
  4. Takk for mange koselige kommentarer :)
    Mariann: Eg og jenta mi var også og såg filmen (har skreve om det tidligare i bloggen)- og då kjøpte eg boka om filmen til ho på forhånd så ho kunne skjønne meir av filmen (sidan eg trudde den ikkje var med norsk tale...)

    SvarSlett
  5. hei.jeg holder på å planlegge Hannah Montana bursdag til datteren min som blir 7 år, og er ute etter gode ideer. Nå har jeg lett etter tallerkner o.l. på Nille og Europris, samt lekebutikk, men alt er utsolgt!!!! Hjelp. Har du en link til der du har shoppet blir jeg glad:-)

    Eirin

    SvarSlett
  6. Eg kjøpte ein del på Nille (fat, glas, duk og servietter), men dei har også hatt ein del på Rema 1000.
    Muffinsformer, pynt og småting har eg kjøpt på ebay.

    SvarSlett
  7. Ja, jeg har vært ikveld på Ebay og shoppet litt "småting". He, he:-)Jeg synes også det er stas med å lage til litt spesielle bursdagskaker og ha bursdagstema.

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)