onsdag 29. februar 2012

Familiens kvardagsbilder (til Project Life)

Vesla koser seg i leikegrinda. Så mykje mindre då enn no...

Litt kvardagsbilder til vårt Project Life- album (tatt tidligare i år)

Minstejentas favorittleiker. Sånne bilder må eg ta fleire av sidan favorittane ofte endrast.

Synest denne filmen er så fiiin 

Sånn ser grautpakkane til minstejenta ut anno 2012 (men eg veit jo at nokre allerede er komt i nyere emballasje..)

Kjekt med litt snø så det går an å ake!

Tine melk som for tida kjem fra gårder i lokalområdet. Vi er jo også melkebønder.

Dagens bensinpris

Ungenes rollerblades/skøyter som dei fekk til jul. Tripp-trapp-tresko

Fra ein anna vinkel. Ei stund stod desse i stova og blei ofte brukt.

Her er det spor  frå mange av oss...

Eg, mannen og lillebror satt heime og såg på MGP, mens storesøstrene var i salen sammen med bestemor. Eg var heile tida på utkikk etter dei, og vart glad då eg fekk auge dei :)

Årets første skitur


tirsdag 28. februar 2012

Då og no

Ein idè eg fekk då gutten min såg gjennom babybildene sine. Artig med eit bilde som viser han som baby og sånn som han er no :)

mandag 27. februar 2012

Duploballonger og lange strømpebukser

Duploballonger er gode å smake på- spesielt den delen som ballongane holdes i

Og det å dra i sine eigne sokker og strømpebukser er også veldig kjekt

Goodiebag fra barneloppis.no

Barneloppis er ein nytt nettstad for kjøp og salg av brukt og handlaga barneutstyr. Når eg (ein gong) får sett gjennom litt av alt eg har samla på i skap og kott av barnekle og barneutstyr, så kjem eg sikkert til å bruke denne nettstaden.

No har eg fått ein Goodiebag fra barneloppis.no med masse fint innhold:


Her var det bla. barnevitaminer, Gråtass-puslespel, gavekort fra Stena Line, refleks fra Dunderly, vareprøver på diverse kremer, flurotabletter, tannkrem, tannbørste og DVD fra Disney Junior :) Og nettet som det heile kom i kan bla. brukes som handlenett eller til kle som dei små må ha med seg i barnehagen eller på skulen.

Barnevitaminane blei populære i heimen, og gutten min pusla Gråtass og såg på DVD'en fra Disney Junior. Når ungane var på overnatting hos bestemor var det veldig greit å ha med seg sånne små pakker med fluortabletter, og refleks er eit must (!) når dei står og venter på bussen om morningen (iallfall om vinteren). Ei av jentene mine har lenge hatt ein favoritt-tannkrem, men no når vi fekk ei vareprøve på tannkrem så fekk ho seg ein favoritt til :)

Om du har lyst på ein Goodiebag så kan du få det her: Barneloppis' Goodiebag (du treng berre betale portoen).

lørdag 25. februar 2012

Babykort







torsdag 23. februar 2012

Kort til menn/gutter






onsdag 22. februar 2012

Fine hårfrisyrer til jentene

Nytt innlegg fra meg hos Foreldremanualen: Fine hårfrisyrer til jentene

mandag 20. februar 2012

Vår familieregler og andre flotte ord-tavler

Det fins så mange flotte ord-tavler/skilt på internett (mykje på pinterest), så eg blei inspirert til å lage ein liten plakat med våre eigne familieregler (på norsk, så ungane kan skjønne den). Mange av orda som eg såg på tavlene var ord som eg synest er viktige i ein familie. 
Eg har lese den for ungane eit par gonger, og både dei og eg har begynt å minne kvarandre på ein eller fleire av reglane når det behøves.

Her er nokre av dei flotte tavlene/skilta eg har sett på nettet:
Kilde:  The Idea Door


Kilde: simplecrafter.com (free printable)


Kilde: Sweetly Scrapped Freebies (Freebie)









Rules for mothers of sons (Freebie)


Kilde: Technology rocks.seriously (Freebie)




Playroom rules


Classroom rules


fredag 17. februar 2012

6 år i dag + ønskeliste til barn

Så er han blitt 6 år. Rart å tenke på at han snart er skulegutt. Og etter å ha hatt barn i barnehage i 10 år så blir det eit år uten barnehagebarn neste år (før vesla skal begynne når ho blir 2). Men i dag er det gutten min sin dag og i skrivende stund blir den feira i barnehagen.

Søskenkos i senga

Dagen begynte med at vi alle kom inn på rommet hans der han fekk gaven fra søstrene sine: Ein spiderman saccosekk. Den trur eg skal bli godt brukt. For foran tv'en har vi to god-stoler (og ein sofa lenger bak i stova), men ofte har storesøstrene tatt stolane sånn at han må sitte på ein krakk. Men no har han fått sin eigen stol... eller rettare sagt ein sacco sekk. Artig at dei er blitt populære igjen, for eg hugser vi hadde ein sånn då eg var lita.

Av oss voksne fekk han ei Albert Åberg-bok, ei jobbebukse (det trengs til ein liten/stor arbeidskar) og ein frontlastar og vinsj til traktoren.

Han har ønska seg frontlastar og vinsj ei stund. Her blir frontlastaren pakka ut, men sidan mannen ikkje fann vinsj i butikken så laga han ein istedet. Den er allerede komt på plass på traktoren, og så skal dei sette på frontlastaren seinare i kveld.

Bilde fra Lekmer.no

Saccosekken kom eg over då eg handla på salg hos Lekmer.no, og der er den fortsatt: Spiderman saccosekk 

Eg har komt fram til at det kan vere vanskelig å vite kva barn ønsker seg når man ikkje har barn på samme alder. Nokre gonger kan man jo berre spørre kva dei ønsker seg, eller spørre på butikken kva som passer for den aktuelle aldersgruppa. Men det kan jo vere greit å ha litt peiling, så derfor sparer eg på ønskelistene til mine eigne sånn at eg kan sjå tilbake på kva interesser dei hadde i ein bestemt alder. Om dei likte å leike med ting til td rolleleik, dukkeleik, biler, ting/klosser til bygging, lesing ol. Eller om dei likte ting for litt større barn som småting, nips, sminke ol.
Eg pleier også å skrive ned kva vi alle gir og får i gaver- dette for å ha litt kontroll, spesielt sånn at vi ikkje gir samme gave til ein person fleire gonger.

Dette innlegget skreiv eg for Foreldremanualen ein gong: Gavetips til barnebursdagen
Og i kategorien min Heim: Bursdag og gavetips fins det enda fleire tips  


Dette er/var 6 åringens ønsker:
  • Vinsj og Frontlaster til den store traktoren
  • Lastebil med snøskuffe
  • Hexbug
  • Beyblade
  • Keyboard
  • Snowboard
  • Skateboard (men det fekk han av bestemor forrige dagen)
  • Playmobil sjørøverskute
  • Jobbebukse (fra BilTema)

Og ellers så liker han:
  • Lego (Har mange nok "vanlige" biler og traktorer, men kan gjerne få andre køyretøy eller anna lego)
  • Diverse køyretøy (men det treng han egentlig ikkje. For for det første har han masse av det, og for det andre så leiker han mest med eit par traktorer han har)
  • Spill
  • Bøker med Albert Åberg
  • "Gutteting"


torsdag 16. februar 2012

Vi har fått prøve den nye LEGO Friends

Som Buzzador får eg prøve ut nye produkter og tjenester gratis mot at eg forteller andre om det, og gleda vart stor i heimen då eg blei valgt ut til å prøve eit av dei nye setta fra Lego Friends.

Eg har to jenter som er i målgruppa for LEGO Friends- ei på 8 og ei på 11 år. 8 åringen venta spent på at LEGO Friends skulle dukke opp i postkassa….

Og endelig… etter ei lita veke så dukka den spennande pakken opp. Eg kom til å få enten Byparken kafè eller Olivias trehus, og jenta mi ønska seg trehuset. Ho vart derfor glad då det var akkurat dette produktet vi skulle få prøve ut.

Ho var spent då ho åpna pakken...

Allerede før ho åpna emballasjen til Olivias trehus, så visste ho at ho kom til å ønske seg fleire av desse LEGO Friends-produkta. Ho fekk nokre gavekort til jul og kom fram til at ho ville kjøpe fleire LEGO Friends med desse gavekorta.

Då ho åpna pakken sa ho at det såg vanskelig ut å bygge, og at ho sikkert ikkje fekk det til.

Men så begynte ho å bygge og fekk det til heilt på eiga hand! Det ga sikkert stor mestringfølelse sidan ho i begynnelsen ikkje trudde at ho skulle få det til.



Olivia og pusen Maxie venter på at trehytta skal bli klar

Lillebror på snart 6 følger med når storesøster bygger

Samme kveld hadde jenta mi besøk av ei veninne, og då leika dei med Olivias trehus. Veninna fekk prøve å bygge deler at settet og ho likte også LEGO Friends.
8 åringen min sa at ho ville kjøpe LEGO Friends til den klasseveninna som har bursdag neste gong, og det tenker eg at var jo ein god ide. 


11 åringen min er ikkje så begeistra for Lego og leiker ikkje så mykje lenger, derfor var eg veldig spent på kva ho syntest om produktet. Men ho hadde ingen interesse av det og meinte at det virka kjedelig.


Men eg er glad for at vi blei utvalgt til å prøve LEGO Friends, og eg er glad for at 8 åringen min (som eg ikkje har sett leike så mykje i det siste) no har funne glede i denne nye Legoen.

LEGO  Friends er historia om Olivia som flytter til Heartlake City sammen med mor og far. Her blir ho venn med fire andre jenter- Stephanie, Andrea, Emma og Mia. Kvar av dei fem jentene har sin eigen unike personlighet og eigne ferdigheter. Sammen bestemmer dei seg for å danne ein LEGO Friends klubb.

Alle vennane elsker å møtes i Olivias herlige trehus, der dei kan spele spel og overnatte under stjernene. Her kan dei sjå på marihøner, fange sommerfugler og mate katten. Dei kan på på havets bølger eller på stjernene gjennom teleskopet og ønske seg noko. Hemmelige skatter kan gøymast i det skjulte rommet, og fortet kan pyntast med villblomster.

LEGOFriends.no kan du ta del i heile opplevelsen (klikk på jentene eller ein anna stad på bildet)

Om du ønsker å prøve deg som Buzzador kan du lese forrige innlegg der eg skreiv om det å vere Buzzador.