I går skreiv eg litt om kle og ting som eg kjøper til ungene mine. Eg er veldig glad i handle kle til dei, for det fins så mykje fint og så er det mykje lettare å kjøpe kle til ungene enn det er til meg. Eg storkoser meg når eg kan gå i butikker og sjå om dei har noko som fell i smak hos meg og som eg veit at ungene også ville like. Når Lindex og Kapp Ahl har tilbud og rabatter er eg gjerne innom og handler mykje fint til ein billigere penge, og på H&M er det alltid kjekt å gå.
Ungene mine har stort sett meir enn nok kle, så når eg veit at dei td. har mange nok gensere så kjøper eg heller gensere (og andre kle) som eg ikkje klarer å gå i fra, i den neste størrelsen deira. Mange av desse kleda legg eg i esker (merka med alder) på eit kott og tar fram når ungene blir eit år eldre.
No nærmer det seg tid for å bytte ut kle igjen. Legge vekk det som er blitt for smått, og ta fram og vaske kle i den neste størrelsen deira. Det er koselig å finne fram eskene med kle i neste størrelse, der fins det ei blanding av heilt nye kle og litt arva kle. Det er nok eldstejenta og minstemann som får mest nytt, naturlig nok. Men innimellom er det fint å kunne glede mellomstejenta med noko heilt nytt også.
PT-pakker
for 4 måneder siden
jeg også er sånn.. spes halvpris av rød pris på lindex da går jeg amok i en str større..hehe
SvarSlettEr jo kjempelurt for de vokser jo, så klær må de ha uansett, hvorfor ikke kjøpe på salg:)