tirsdag 30. juni 2009

Oppbevaring av for små og for store barnekle + svar på kommentarer

I dag fann eg fram nye kle til jentene mine. Dei fyller snart 6 og 9 år, så då fann eg fram sekkane og eskene med kle merka med desse størrelsane. Som eg har skreve om tidligare så er noko av innhaldet heilt nytt (spesielt til 9 åringen) og noko er arvekle (mest til 6 åringen). Eg er veldig glad i å handle barnekle, og når eg handler så kjøper eg ofte i størrelsen dei skal opp i neste gang (sidan dei ofte har nok kle i den størrelsen dei bruker der og då). Derfor er det alltid litt kjekt å åpne desse eskene eller posene og gjennoppdage dei fine, nye kleda eg har kjøpt og også mimre litt når eg finn fram arvekle som 6 åringen har etter 9 åringen.


Når nye ting finnes fram, må gamle ting legges vekk. Eg hadde ei stor opprydding i barneklea for ei lita stund sidan. Då blir dei små kleda lagt i poser/esker merka med riktig størrelse og plassert inne på eit kott. For å klare å holde oversikten over hvilke og kor mange esker eg har der inne så har eg hengt ein lapp på innsida av døra til kottet der dette står. Når eg tar esker/poser ut av kottet så streker eg over dette på lappen, og noterer på nye esker/poser når dette blir satt inn igjen.


Meeeeeen, der er eit men... Innimellom desse storoppryddingene så hender det seg ofte at eit klesplagg eller to er blitt for små. Og eg får jevnlig tilbake barnekle som veninner har lånt av meg. Desse legges ofte i ein pose, der dei oppbevares midlertidig til dess eg tar storopprydding igjen. For det blir ikkje til at eg drar ut poser/esker fra kottet kvar veke liksom... Desse posane blir igjen satt opp på loftet, gjerne på soverommet vårt (der er dei ute av vegen). Men det er ikkje spesielt trivelig å komme inn dit når det står poser på poser med kle (og andre ting som samles her inne).


Så korleis skal eg gjere dette på best mulig måte? Det vil heile tida bli for små klede, men eg orker ikkje å finne fram oppbevaringa fra kottet heile tida...



Eventuelle løysinger:

  • Eg kunne jo hatt eit eige skap eller ein kommode for desse kleda. Eit skap der eg samler for små (og for store) klede- ein midlertidig plass mens dei venter på å bli lagt fra barneskapa til plassen sin i kottet. Dette er den ideen eg liker best, og eg trur eg må prøve å få dette til. Tenk så lettvint å berre åpne ei dør eller ei skuffe (uten å måtte flytte på alt mulig rart) og plassere alle klede som eg vil ha vekk! Men så må eg finne ein plass der eg kan ha dette (for oppbevaringsplass og skap har vi ikkje akkurat for mykje av)...


  • Selge, kaste og gi vekk desse kleda. Men eg klarer ikkje det... Har faktisk nokre sekker med barnekle som eg ikkje treng og som eg har tenkt å gi vekk/selge (desse bruker også stor plass). Men det meste vil eg beholde sjølv, for tenk om eg får fleire ein gang... men berre kanskje... (trur eg).

    Eg trur eg har funne løysinga mi... no må eg berre finne plassen. Eg føler at eg aldri kan få nok oppbevaringsplass, men dette er jo ein del av hus-prosjektet eg har på gang. Rydde vekk og fjerne ting eg ikkje treng og bruker lite. Få system og orden i huset mitt så det blir enklere å holde det ryddig. Tar gjerne imot tips om korleis dere som leser innlegget gjer dette.


Tusen takk til dere som er innom og leser, og spesielt dere som legg igjen kommentarer til meg, det set eg veldig stor pris på. Eg har lurt litt på korleis det er best å svare på kommentarer og spørsmål dere har- eg kan jo enten legge igjen ein kommentar i bloggen deres eller legge inn kommentar i mine eigne innlegg... og har komt fram til at det mest oversiktlige er at eg legg evt svar til kommentarer i innlegga mine (foreløpig iallfall).


Anette: Det blir telt-ferie i Norge tenker eg. Vi har stort sett feriert innenlands i sommerferiene sidan det er enklast og nærmast, og det er så mykje fint å oppleve "her heime". Etterkvart kjem vi nok til å feriere litt andre plasser i Norden også. Eg har nokre aktuelle plasser eg vil reise til i år, men det spørs litt på kor finværet er :)

Neet: Telt er jo ein ting ein ofte kan få bruk for. Vi er så heldige at vi har eit stort telt (hustelt?) som mannen var på ferie i då han var liten (trur eg) i tillegg til eit mindre telt. No når eg har surfa litt på nettet etter tips eg kan få bruk for på telt-ferien vår har det dukka opp ein masse nyere og flottere familietelt *drømme* Så det fins eit stort utvalg, men vi som har telt fra før må jo bruke det vi har- og økonomien har jo også litt å seie i valg av telt.

Vigdis: Takk for tips om telefon. Har tenkt litt på denne nye iphonen, men får se kva det blir til. Er så mange finesser ein kunne tenkt seg, men prisen har jo også litt å sei.

Takk for alle innspill ang fotobøker :)

(alle bilder i innlegget er fra gettyimages.com)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)