søndag 31. oktober 2010

Kaker til barn og voksne

Eit slott-kake til ei lita prinsesse

Marsipankake med kvit marsipan, til ein trekkspill-spelande 50 åring.

Bløtkake med spiselig Ole Brum-bilde.

Enda ei bløtkake med eit litt anna Ole Brum-bilde.

lørdag 30. oktober 2010

Barnekaker og boller

Det er ikkje så ofte eg lager sånne kaker. Men av og til ,når det er spesielle anledninger, er det kjekt å ta seg litt ekstra tid til å pynte kakene.

Denne laga eg til ein barnedåp ein gong.

Fristende skuleboller

Sjokoladekake-sommerfugl

torsdag 28. oktober 2010

Ei kiste med utkledningskle

Vi har ei  rød "kiste" med utkledningskle, eller dvs. vi hadde. Den har etterkvart blitt så full at vi måtte finne ein større boks å ha det i.
Uansett så elsker dei små å kle seg ut, og då er det greit å ha kle og utstyr liggande på ein fast plass sånn at dei er enkle å finne fram (og rydde på plass igjen etterpå).
  • Pandamaska er kjøpt på Nille
  • Den gamle skjorta hadde ein av ungane med seg i barnehagen ein gong, der dei fekk klippe og male på den og bruke når dei hadde sjørøver som tema.
  • "Kina"skjorta har eg frå då eg var lita
  • Prinsessekjolen solgte dei på Lindex ein gong, så då fekk jentene kvar sin til jul.
  • Hundemaska er egentlig ein papptallerken, kjøpt i eit sett med fleire dyr på Rema 1000
  • Ballettdrakta brukte eldstejenta ein gong vi var hos fotografen
  • Marihøne-drakta er arva
  • Morgenkåpa i silkestoff har vi to av, sidan jentene fekk kvar si av ein slektning.
  • Brannhjelmen fekk vi då det var Brannverns-veke
  • Vinger må alle små prinsesser ha
  • Eldstejenta vann den blå Barbie-kjolen i ein tegnekonkurransen (fra filmen Prinsessa og Fattigjenta)
  • Ein svart heksekjole som eg har kjøpt
  • Ein rosa silkekjole som mamma kjøpte til meg eller søstra mi då vi var små
Så ungane har litt å velge mellom når dei kler seg ut (vi har ein del meir enn på bildene), og ekstra kjekt er det for kusiner og veninner å komme på besøk- for då kan dei også få kle seg ut som prinsesser når dei er her.


Har dere utkledningskle til deres små?

tirsdag 26. oktober 2010

Bryllupskort, guttekort og andre kort

Kort med tekststempel


Guttekort med stempel fra Magnolia

Bildet av elgen fann eg på nettet.

Ganske likt det ovanfor, med med litt anna oppsett og pynt.

Eit bryllupskort med stempel fra Pysselpassion. Eg har laga eit liknande kort tidligare, men her har eg brukt andre farger på blomstrane.




mandag 25. oktober 2010

søndag 24. oktober 2010

Fin dag for julekort-fotografering

Når snøen først er her, kvifor ikkje bruke den til noko nyttig? Så i dag tok vi årets julekort-bilder.
Vanligvis tar eg julekort-bilder i slutten av november eller i begynnelsen av desember, enten fordi det er snø då eller fordi det haster med å få dei bestillt (uavhengig om det er snø eller ikkje). Men i dag kom vi på at vi kunne jo ta bilder i dag! Det at det er snø passer jo perfekt for julebildet eg ønsker å ha på årets julekort.

Gjesteblogginnlegg: Gavetips til barnebursdagen

I det nyeste gjestebloggerinnlegget eg har skreve for Foreldremanualen kan du få tips til gaver å gi i barnebursdager. Du kan lese det her: Gavetips til barnebursdagen

torsdag 21. oktober 2010

Fargerike og inspirerande perler

Eg er glad i farger, og smykkene mine har ofte farger i blått, svart, rosa eller lilla. Forrige dagen laga eg og minstemann smykker med desse barneperlene, og før eg kunne lage dei sånn som eg hadde tenkt så måtte eg sjå kva perler eg hadde flest av. Samtidig blei eg også inspirert av alle dei flotte og fargerike perlene :)










tirsdag 19. oktober 2010

Små hobbyprosjekt (innen foto, scrapbooking og kort)

Dette hobbyprosjektet begynte eg på forrige helg. Eg ligg nemlig langt på etterskudd når det gjeld å lime bilder inn i album, og no var tida inne for å prioritere dette. Eg fyllte eit album med bilder og det som gjenstår er å skrive litt tekst på dei siste sidene og pynte litt. Eg har mange fleire bilder som skulle vore innlimte, men eg må ta det litt etter litt.

Eg liker å holde på med hobbyrelaterte ting, bla. scrapbooking, foto, kortlaging og data. Eg får kanskje ikkje gjort fullt så mykje som eg skulle ha ønska, og eg har ikkje alltid tid til å sette igang med dei større prosjekta, men sånn er det jo med andre ting også (td. husarbeid). Men eg liker å få gjort noko (meir eller mindre) nyttig det meste av tida, og når eg sit og ser på tv så synest eg det er greit å få gjort fleire ting samtidig som td. data (fotobok, nettsurfing, bildebehandling, blogging..) eller noko scrapbooking-relatert.

Her har eg stansa ut diecuts-figurer med den elektriske stansemaskina mi (Qk silhouette). Desse er veldig greie å ha med seg når eg sit og ser på tv, for då kan eg trykke dei ut av arka sine mens eg følger med på tv. To fluer i ein smekk ;)
Eg har tenkt å bruke dei som pynt i album, scrappe-prosjekt eller på kort.

Her har eg trykkt ut bokstaver mens eg såg på tv :)

Her har eg stempla "God Jul" tekster og andre motiv, og deretter stansa dei ut med ein punch. Eg stansa også ut rundinger med bølgekanter, for å lage tags av desse to sammen.
Hjertene er stansa ut med ein av mine nyeste puncher. Alt dette for å bruke dei på julekorta eg held på med.

Her er tag'en i bruk

Forrige dagen hadde eg tenkt å sette igang med eit større ryddeprosjekt, sidan ungane ikkje var heime. Men sidan eg ikkje var heilt i form (typisk!), så satt eg heller på hobbyrommet og laga desse tags'a. Først stempla eg noter på eit ark, og så stansa eg dei ut med ein punch etterpå.

Desse trykkte eg ut med punchen først og stempla motivet på etterpå. Desse tenker eg å pynte og bruke på julekort eller som til/fra lapper på julegaver.

Ein gong i framtiden skal eg prøve å  lære meg å hekle og kanskje også å strikke, for det må jo vere fine aktiviteter å holde på med samtidig som ein ser på tv ;)

Kva hobbyer har du? Og når held du på med dei?

søndag 17. oktober 2010

Nydelige Lilje vår

Dette bildet tok eg for ein måneds tid sidan, her sit Lilje i eldstejentas fang. No er Lilje ca 1/2 år, og eg synest ho har vokst seg enda større enn ho var då eg tok dette bildet. Men ho er så skjønn atte, og veldig kosete :)

~Blogcandies ~

Etter ei lita bloggrunde har eg komt over ein del Blogg konkurranser der man bla. kan vinne ting til heimen, scrappeting og adventskalendere! Besøk gjerne desse fine bloggane:

Anetteshus.com har ein stor jubileumsgiveaway på gang!

I bloggen Heges lille boble kan man vinne dette søte bakesettet :)


Hos Det lille ekstra kan man vinne dei nye stempla som ho har laga:

Link til butikken Det lille ekstra

Denne flotte pakken kan man vinne hos Iren's ting og tang


Du kan vinne adventskalender i bloggen Me myself & scrapping


I Ina Emilies verden kan du også vinne ein adventskalender

Denne flotte scrappepakken kan du vinne hos Thats just so cute

HildeM lodder ut denne søte bitering-giraffen fra Ekokul (eg hugser vi hadde ein liknande giraff heime då eg var mindre :) )

Monicas Drøm feirer 1 årsdag med giveaway

Brit's små puslerier lodder også ut ein adventskalender som trekkes i dag!

Hagen i grubba lodder ut eit gavekort :)

 Størstepia har også ein spennande giveaway

I bloggen Huset ved Fjorden kan man vinne flotte premier i dag!


torsdag 14. oktober 2010

Vakre spindelvev

Litt fleire bilder fra helga som var. Det var så fint å sjå  korleis naturen var fyllt av dei flottaste kunstverk. Det var spindelvev overalt og det var mange av dei, i alle tre og alle busker. Eg er vanligvis ikkje så glad i edderkopper og spindelvev, men dette var eit vakkert syn.


Litt nærmare...

Sjå korleis dei duggfyllte spindelveva er overalt i trea