tirsdag 27. oktober 2015

Konfirmasjonsbilder

I år blei eldstejenta konfirmert og vi fekk ein ide om å ta bilder til takkekorta på stølen vår. Pga vær og andre ting tok det nokre måneder før vi fekk anledning til å ta turen dit med bunad, men eg er glad for at vi fekk det til til slutt.

Vi tok ganske mange bilder. Eg er ingen fotograf så vi måtte prøve oss fram med ulike vinkler og bakgrunner. Men vi fekk etterkvart eit knippe aktuelle bilder som vi kunne bruke på takkekorta.

Portrett og nærbilder velger vi å ikkje dele, men desse kunne eg vise fram. Kjekt med bilder som er litt annerledes og som seier litt om kven ho er som person. Ei friluftsjente :)



søndag 18. oktober 2015

Drømmejobb


I tillegg til å jobbe i barnehage så jobber eg med Forever. Der jobber vi team. Man får god opplæring, veiledning og hjelp av sin sponsor og uplines. Eg er så heldig å ha desse fine folka som mine uplines, Bjørn har faktisk jobba med Forever i 15 år og har derfor lang fartstid i denne bransjen. 


Kunne du tenke deg å vite meir om det å jobbe med Forever? Ta kontakt med meg på mail isoegnen@frisurf.no

tirsdag 13. oktober 2015

Eplemuffins ♥

Annakvar veke er vi på barneforening sammen med andre barn og voksne i grenda. Då pleier vi å ha med oss mat som vi setter på eit felles bord, og så har vi eit koselig måltid sammen. Då dei eldste var mindre baka eg mykje, men dei siste åra har det blitt mindre av dette og eg har ofte kjøpt noko på butikken istedet.
Men sidan vi har ein del frukt liggande må jo dette brukast, så derfor laga eg og minstejenta eplemuffins i dag.


Vi mangla nokre ingredienser, men heldigvis fann eg ein Toro-pose i skuffa, så då blei det muffins likevel. Nokre gonger lager vi ting fra grunnen av, mens vi andre gonger ikkje gjer det ;)
Eg var innom denne linken for å få litt tips : Eplemuffins ~ Det søte liv
Minstejenta fekk hjelpe til ho også.

Epler måtte vi ha


Eplemuffins på avkjøling

Vi måtte selvfølgelig smake på dei for å kjenne om dei var gode. Så tar vi med oss resten på barneforening, og lar ein vere igjen her heime som pappaen kan kose seg med når han kjem fra jobb.



lørdag 10. oktober 2015

Skogstur og livsstilsendring

Det er herlig å gå i skogen om høsten. Herlige farger, frisk luft, passe temperatur og høstlige dufter.

For litt over eit år sidan gjekk eg ikkje så mykje i skogen. I helgane prioriterte eg hus og praktiske ting når eg hadde muligheten til det. Mannen min tok gjerne ein tur med dei eldste ungane, mens eg var heime med den minste. Og det syntest eg var heilt greit.... eg var ikkje så kjent i skogen, kondisen var dårlig og kroppen føltes tung.

Men i løpet av det siste året har ting endra seg. Fleire ting gjorde til at eg no fekk muligheten til å prioritere mi eiga helse ved å bla. begynne å trene og eg har klart å endre kostholdet mitt til det bedre.

For eit år sidan var eg usikker på veien til stølen. Men eg begynte å gå meir i skogen, gjekk litt lenger for kvar gong og la merke til kjennetegn i naturen rundt meg så eg ikkje skulle gå feil. Det føltes herlig kvar gong eg kom eit stykke lenger.


Tidligare ønska eg meg flate skogsveier å gå på, mens eg no er glad for dei bratte bakkane som hjelper kondisen min til å bli bedre og gir beina litt meir å jobbe med.


I slutten av november i fjor kom eg meg endelig heilt opp. Det føltes heilt fantastisk å endelig nå målet som eg hadde tenkt på i fleire måneder. Eg hadde tenkt å ta dette bildet då, men blei skuffa då mobilen ikkje likte kulden og slo seg av. Etterpå var det mange måneder med snø i fjellet, men ut på våren kom eg meg opp igjen. Og etter det har det blitt mange turer opp hit. Seinast i dag.

Eg elsker å gå i skogen. Det gir meg så mykje. Eg får sortert tanker og lufta hovudet, i tillegg til at eg får bevegd meg. Og no om høsten er det ekstra fint pga alle dei flotte fargane som er rundt meg.


Eg er så glad for det eg har oppnådd det siste året. Det er lenge sidan kroppen har vore i så god form som den er no. Trening og kosthold har eg tidligare vore flink med i kortere perioder, men så har det sklidd ut og mi eiga helse har blitt nedprioritert. Men ikkje denne gongen. Eg føler at eg endelig har klart det... gjort ei livsstilsendring som er varig. Eg har fortsatt eit stykke å gå før vekta er der eg vil den skal vere. Men det er greit. Eg er på riktig vei.

mandag 5. oktober 2015

Ein fin høstdag

Det er deilig med flotte høstdager som i dag, den måtte nytes utendørs.

Eg og dei yngste reiste i banken for å tømme sparebøssene deira (banken arrangerer ofte opplegg i høstferien), mens den eldste gjerne blei igjen heime og laga horn til oss.

Då vi kom heim kledde vi godt på oss (sidan vi bur på skyggesida der sola ikkje kjem til lenger), og gjekk tur i skogen.

Vi hadde tilbudet om å bli med ein anna gjeng på tur i dag, men sidan eg veit at dei eldste ikkje hadde blitt med dit så tok vi heller ein tur sammen her heime. Det smakte godt med nybakte horn og varm drikke (rett i koppen og solbærtoddy) ute i den kjølige høstlufta.

I ein travel kvardag er det lett å gløyme å bruke tida sånn. Eg hadde mange ting eg burde ha gjort i heimen, men dette er ein mykje meir verdifull opplevelse å ha med seg enn at huset ser tipp-topp ut.

Sammen er ein fin plass å vere ♥