søndag 28. februar 2010

Minstemann blei veldig glad for desse nye kleda

Før helga var eg innom Lindex ein tur, og der fann eg pyjamas og boxere som passa perfekt til min traktor-frelste gutt ♥ Då eg kom til kassa sa ho som var der at kleda var heilt nye, at dei var komt ut i butikken dagen før. Sånn flaks at eg var innom akkurat denne dagen! Litt ekstra stas var det jo at traktoren (den røde) hadde samme farge som pappaen sin traktor, og som hans eigen favoritt-leike-traktor ♥

lørdag 27. februar 2010

Skjønne, kalde barnesko i gangen

Utedressen til minstemann har (merkelig nok) blitt litt mindre i det siste, så i dag fekk han bruke storesøsters leggvarmere uttapå skoa sånn at det ikkje skulle komme snø nedi dei.

Eg har to par heimestrikka skisko-gamasjer ein eller anna plass (frå då eg sjølv var lita), men sidan dei sikkert ligg på ein lur plass så fann vi dei ikkje i farten. Men storesøsters leggvarmere fungerte heilt fint til dette formålet, og minstemann var tørr og varm på beina då han kom inn att (mens leggvarmarane var fulle av snø).

Ja, her bur det barn #3 - skisko

Det er godt å ha ein ovn man kan varme skiskoa ved... (sjølv om nokre av skoa er på veg vekk ifrå varmen)

torsdag 25. februar 2010

5 bilder fra ishuset vårt


Nydelig istapp

Dråper i isen


Unike mønster


Artige former

Småkongler i snø

Mange er kanskje lei av vinteren no. Men eg nyter den så lenge den er her. Vi er jammen heldige som har fått ha ein sånn flott vinter i år. Tidligare år så har ein kanskje tenkt at vintrane ikkje lenger er like flotte og lange som då vi var små, men no kan også våre barn ta med seg eit minne om ein nydelig og lang vinter der dei kunne vere mykje ute og leike i snøen 

tirsdag 23. februar 2010

Vi har eit hus av is i skogen ♥

Ein liten gut på veg opp i skogen..

Ungane syntest det var stas å få vise meg is-huset som pappaen hadde vist dei nokre dager før. Vi gjekk oppom grantreet (som er til høgre for all isen)...

... og ovanfor dér hadde pappaen slått hòl i isen. Eldstejenta er på veg inn..

Sjå så koselig det er inni ♥
I morgon, når eg og mannen er på jobb, skal ungane mine og søskenbarna reise opp att saman med bestefaren sin, og då skal dei grille pølser på bål ♥

Inngangen til ishuset

Så nydelig naturen er ♥

mandag 22. februar 2010

Muffins med biler og marengs

Muffinser til minstemanns bursdag



Muffinspynten kjøpte eg på ebay i fjor sommer



Og motivet på muffinsformene var Gråtass. Desse kjøpte eg den gongen eg var Cacas forhandler..

Dei muffinsane som ikkje fekk bil-pynt, fekk marengs på seg (til eldstejentas store glede).

Dette innlegget er med i månedens tema, Barnebursdag, hos Foreldremanualen.

Kakebakst, forsettelsen... (oreokake og geletraktor)

Det er mange som blir glade når eg lager oreokake, og eg må jo innrømme at det er ei av mine favorittkaker også. Nokre liker den, mens andre gjer det ikkje (mannen min synest t.d at den er litt for mektig).

Eg pynta den med blå og grønn kakestrøssel (delfiner) for anledningen.

Og sånn blei gele-gråtassen sjåandes ut. Minstemann var godt fornøgd med den :)

Dette innlegget er med i månedens tema, Barnebursdag, hos Foreldremanualen.

søndag 21. februar 2010

Kakebakst

Eldstejenta og mannen laga muffins.

Vi feira bursdag i helga, så det har ikkje blitt tid til så mykje anna enn forberedelser og selskap. På fredag såg eg for meg at eg kom til å stå på kjøkkenet til langt ut på natt. Men så var eg så heldig å få god bake-hjelp fra mann og barn, og då blei alt gjort på mykje kortare tid.


Oreokake må lages i fleire omganger. No er krem og kjeks på plass...

Minstemann er ikkje så glad i sjokoladekake og ønska seg derfor gele til bursdagen; så gråtass-gele it is. Denne var det eldstejenta som laga (med litt hjelp til å håndtere den på det varmaste).

Men vi andre er glade i sjokoladekake og måtte ha litt av den sorten også. Mellomstejenta og mannen laga denne.

Sidan alle hjalp til var det godt å kunne sette seg ned seinare på kvelden og nyte litt av fredagen.

Eg har fått eit par awarder


Tusen takk for denne fine awarden, Størstepia . Du fortjener å få den tilbake :)

Denne skjønne awarden har eg fått fra både Fargelykke og Solblomst. Tusen takk! Denne var så søt så den sender eg videre til alle dere som vil ha den. Sammen med den fulgte det med koselig oppgåve som går ut på å skrive 10 ting som gjer meg glad. So here goes:

♥ Ungane og familien min
♥ Jobben min
♥ Gode venner
♥ Fargerike og søte ting
♥ Bruke tid sammen med mine kjære
♥ Sola (som snart kjem tilbake til her vi bur)
♥ Dei små gledene i kvardagen (dei er det mange av)
♥ Shoppe (uten at nokon venter på meg)
♥ Fotografere, scrappe og anna bildebehandlig (på pc eller ikkje)
♥ At det er ryddig rundt meg (det kan vere vanskelig her i huset av og til, derfor blir eg så glad når det ser fint og rent og pent ut).

torsdag 18. februar 2010

Vi lager smykker og maske til karneval

I morgon skal det vere karneval i barnehagen der eg jobber, og vi voksne er blitt bedt om å prøve å vere litt kreative når det gjeld ukledninga vår. Vi har boka om "Jonas i Jungelen" som tema, og eg kom til slutt fram til at eg skal vere løve.
Så etter at eg hadde fulgt jentene til bussen i dag så satte eg og minstemann oss ned med perleboksen. Eg laga eit smykke i "løve- farger"...

... og eit jungel-armbånd. Eg kjem ikkje til å legge så mykje arbeid i sjølve kleda eg skal ha på meg, men skal prøve å finne noko med farger som kan passe til ei løve. Og så må eg lage meg ein hale og nokre oransje fletter av tråd eller band. Eg har langt hår, så eg ser for meg at eg skal gjere det skikkelig bustete (noko som eldstejenta syntest høyrtes kjekt ut og gjerne ville hjelpe til med).


Minstemann ville også perle litt



Og her har han fått låne smykket og maska mi ♥
Eg kan ikkje ta æra for maska, den har ei på jobben laga malen til og så har eg kopiert den. På jobben har vi  maler til dei fleste dyra i boka, og så har barnehageungane fått lage kvar sine masker utifrå desse. Så eg gleder meg til i morgon, til å komme på jobb og sjå dei alle bruke maskene sine og kanskje vere kledde i matchende kle.

tirsdag 16. februar 2010

Ja, her bur det barn #2 - fått hyller frå barnehagen

I fjor flytta barnehagen, der eg jobber, inn i nye lokaler, og dei gamle lokala blei reve ned. Vi som jobber der fekk ta med oss det som var til overs i gamlebygget, så eg fyllte opp bilen med praktiske hyller bla. desse som vi no har hengt opp i kjellaren. Her har vi ein ekstra inngang, ein plass til å henge alt det som det ikkje er plass til i gangen i hovudetasjen. Og no når mannen hang opp desse hyllene så fekk vi mykje meir system og lettare tilgang til kleda vi som vi har her.

mandag 15. februar 2010

Så fin, rosa cuttlebug ♥ og litt om då eg begynte med scrapping


For eit par år sidan hadde eg god greie på kva det "siste nye" i scrappeverdenen var. Men det siste året har det blitt mindre tid til scrappe-surfing på nett og eg er ikkje like oppdatert lenger.
Forsatt dukker det innimellom opp nyhetsbrev fra ulike scrappebutikker i innboksen min, og då eg fekk mail fra Papirgleder i dag så fanga den interessa mi; Det kjem snart ein ny cuttlebug (ei maskin til å stanse ut figurer og alfabet)! Og så er den rosa! ♥♥

Eg har ein grønn cuttlebug, og kjøpte den med ein gong den kom på det norske markedet for nokre år sidan. Men no når denne rosa kjem på markedet så ville eg mykje heller ha hatt ein rosa (nokon som ønsker å kjøpe ein grønn sånn at eg kan kjøpe meg ein rosa?? hehe)

Nei, eg må nok klare meg med den grønne eg har. Og så får eg heller ha eit bilde av denne rosa her i bloggen min så eg kan sjå på den innimellom.

Den gongen eg kjøpte meg cuttlebug var den gongen eg begynte for fullt med scrapping. Eg var overbevist om at scrapping på eigne ark, ikkje var noko for meg (og det var jo så dyrt!). Eg ville heller lime inn bildene i album sånn som eg pleide, og heller pynte litt rundt. Grunnen til at eg kjøpte meg cuttlebug var fordi eg skulle spare litt penger, for då ville eg sleppe å måtte kjøpe så mange bokstavklistermerker (der man kun bruker halve arket fordi man ikkje treng dei andre bokstavane). Eg ville få muligheten til å trykke ut akkurat dei bokstavane eg kom til å trenge.

Men det blei istedet starten på ein periode med mykje fokus på denne nye hobbyen; scrapbooking. Eg blei etterkvart hekta på både scrapping og scrappe-shopping.
No har det gått nokre år, og eg har innsett at eg ikkje kan å kjøpe noko særlig meir av scrappeting. Eg må heller prøve å finne meg tid til scrapping og bruke litt av det eg har.


Eg var veldig glad då dei begynte å selge oppbevaring til Cuttlebug-diesene; endelig kunne dei få "sin plass".



Då barneversjonen av Cuttlebug'en kom på markedet, Cuttlekids, fekk jentene denne til jul. Sammen med litt dieser og oppbevarings-mappe. Denne har dei brukt fleire gonger, og spesielt når dei har besøk så har dei hatt det kjekt med å trykke ut ein masse figurer.

søndag 14. februar 2010

Morsdagskort

Dette laga eg til mammaen min i dag

♥ Ballongfest i stua, valentin- og morsdag ♥

I går var vi i "by'n" og ungane fekk så mykje som 3-4 ballonger kvar. Det var hjerteballonger, reklameballonger og prinsesse/pirat-ballonger. Dette var veldig populært blandt dei små, og når eg innimellom måtte bære på desse 10 ballongane samtidig fekk eg følelsen av korleis det kanskje er å vere ballongselger...
Bagasjerommet blei fyllt opp av ballonger, og då dei alle blei satt inn i gangen minnte det meg om sånne ballongdekorasjoner som man ser på film ♥

Vi har hatt ein fin mors-, valentin- og fastelavensdag. Minstemann hadde laga ei søt lita brosje (i tova ull) til meg, jentene laga tegninger, og så fekk eg ein nydelig hjertebukett med kvite roser fra mann og barn. Mammaen min fekk ein søt hjerte-eføy i hjertepotte.

onsdag 10. februar 2010

Små-innkjøp til bursdag, adventskalender, scrappekos og Linus-luer

Då eg forrige sommer (?) høyrte at Linus skulle komme på tv i adventstida gleda eg meg til å sjå dei på skjermen igjen (spesielt glad er eg i Lucia-episoden ♥. Så då eg kom over strikkeoppskrifter på Jul i Svingen-luene, så var planen å be svigermor om litt hjelp til å strikke... Men det blei med tanken, det blei aldri kjøpt inn garn. Men i dag, då eg var på "Coop'en" så kom eg over desse luene, og då var dei satt ned til 49 kr! Det er ikkje dårlig for gode ull-luer. Derfor blei det to stykker til minstemann. Jenteluene var desverre for små til jentene mine.

Og det er ikkje første gongen eg har gjort gode kupp på salg av nrk-effekter etter jul. Eitt år kjøpte eg gode Blåfjell-ullkle i januar. Den gongen passa dei til mellomstejenta, mens dei no passer til minstemann :)



Eg liker å handle inn bursdags-effekter. Det er jo strengt tatt ikkje nødvendig med sånne ting til eit bursdagsselskap, meeeeen eg har no eit lite lager for det om. Når det dukker opp noko nytt og fint (som eg veit eg ganske sikkert kjem til å få bruk for ein gong), så har det lett for å havne oppi handlevogna. Desse fine glitter-prinsesse-lysa har eg kjøpt inn til mellomstejentas bursdagsselskap (til sommaren...)

Og når vi først er inne på bursdagsselskap så var eg innom Nille og kjøpte med meg litt bursdagsgodis til minstemanns bursdag. Det er ganske snart, så desse blir ikkje liggande så lenge.
Eg synest dei har så mykje artig på Nille.. Dropseskene med hest og dinosaurer på har vi ofte pleid å bruke i selskapa våra, og no hadde dei fått inn søte sjokolade(?)-biler også :)
Fruktkarameller med tatoveringer på er også veldig populært.

Dere som har fulgt bloggen min litt har kanskje fått med dere at eg har nokre gave-esker ståande på loftet. Med ting og tang som eg tenker å bruke som gaver til mine eigne og andres barn. Spesielt greit er det når ein av ungane kjem heim med invitasjon til eit selskap, og eg ikkje rekk å reise innom butikk før selskapet skal vere. Desse skjønne småponnyane hadde dei på Nille til halv pris... og dei skal spares til jentenes adventskalender i desember :)

Ein liten tur innom Narvesen resulterte i ei ny bok (bok nr 3 om digital fotografering) og 2 scrappeblader ♥ Det var eg som fekk Narvesenbutikken til å begynne å ta inn scrappeblader for eit år eller to sidan, så då må eg jo innom og kjøpe dei av og til :)

mandag 8. februar 2010

Foto: Ja, her bur det barn #1

I mange hus (og blogger) som eg er innom så er det ofte så ryddig og fint... og det vises kanskje knapt at det bur barn i husa. Eg skulle gjerne hatt det sånn her òg.... Ja, vi rydder kvar dag (meir eller mindre) og vi har det også ryddig- og spesielt før store selskap og sånn... Mykje blir rydda samme dag, men mykje kan òg bli liggande ein dag, eller to... eller enda lenger.
Og sjølv om eg ofte kunne tenkt meg at huset rydda seg sjølv, så kan det jo hende eg kjem til å savne dette ein dag. Desse små påminningane om at det faktisk bur barn her i huset.

Derfor lager eg eit nytt Foto-tema her i bloggen min; "Ja, her bur det barn"... og beviser på det. Det kan vere leiker, kle og andre ting- som ligg der dei skal gjere... eller ikkje...Felles for mange er at gir farge i kvardagen og spor fra mine små.

Hverdager er de flotteste. De er fulle av eventyr.


Barskapet har fått ny funksjon

Etter at eg fekk bærbar pc, og då blir sittande i stua når eg sit med pc'en så har det ein tendens til å bli litt fullt rundt meg på bordet og i området rundt pc'en. Når eg rydder så tar det ikkje så lang tid før det er fyllt opp igjen (blader, papirer, eksterne hardisker, notatbøker, fotoapparat og ledninger, penner m.m).

Så då kom eg på ideen å rydde ut av barskapet vårt. Dette er eit gammelt skap som mamma fann på ein antikvitetsbutikk ein gong, og så kom det hitover. Vi har jo hatt litt diverse inni, men det er sjelden vi bruker det. Derfor er no alt innhold satt vekk, mens mine nødvendige kontorsaker har flytta inn.

No når eg ser det på bildet så ser det litt rotete ut, og det kjem antakeligvis av at det er speil i skap-veggen. Så kanskje eg må dekke den til litt, så det ser litt bedre ut :) Men det er iallfall godt å ha fått ein liten plass til tinga mine i stua (mens eg venter på den store reolen som eg ønsker meg, men som eg ikkje veit om dukker opp nokon gong). Og så kan eg berre late igjen døra når det ikkje er i bruk :)

søndag 7. februar 2010

Ungane elsker å raspe gulrøtter

Ungane liker å vere med å lage mat, og det å raspe gulrøtter er intet unntak. For å gjere skrelle-prosessen litt enklare så bruker dei ostehøvelen til dette :) Etterpå får dei raspe så lenge dei vil, og ofte må dei dele på denne oppgåva- for alle vil jo helst vere med.

lørdag 6. februar 2010

LO: Litt knall og fall kan det bli + tanker om scrapping

Ein dobbel-LO (to sider) om då jenta mi måtte sy eit kutt under haka, og premier ho fekk.

Eg har kanskje nevnt det før.. men når eg scrapper så har eg lett for å tenke kva andre ville ha gjort med Lo'en om den var deira. Og eg tenker gjerne for mykje på kva andre, gode scrappere ville tenkt om "det og det"... Og "dette tenker dei kanskje at ser rart ut... Og her ville dei sikkert satt på noko..."
Då er det på tide å skifte fokus. Det viktigaste skal ikkje vere kva andre tenker om LO'en min. Det viktigaste er kva eg ønsker for LO'en min der og då, og kva jenta mi vil like.

Detaljer:
På denne LO'en har eg brukt litt glansbilder (med jordbær Mathilde- motiv). Her er det også ein jordbær-charm. Og då eg ikkje fann brun tråd, så brukte eg istedenfor bandet fra ein gammel og ødelagt kassett. (Du veit... eit sånt band/tape som musikken var på). Dette har eg hatt liggande lenge og tenkt at eg skulle ta det i bruk ein gong.


Her stempla eg ei pil som viste såret hennar før og etter at vi tok ut stinga. Eg måtte tegna strekane litt sterkare med ein tusj etterpå. Og så festa eg eit insekt på hjertebindersen.
Eg har tegna kvite "rammer" på alle bildene.

Stempla tekst-felt (og forsterka litt med tusj). Pynta med klistermerke og blomst.

Rosa og beige blonde-band opp eit rosa filtband. Og ein marihøne-brads.


Pyntenål, blondebånd og roser.

Denne LO'en har blitt liggande på skrivebordet mitt i eit par veker no, og så har eg vore innom hobbyrommet innimellom og putta på litt pynt her og der. Det er ikkje alltid det går så raskt å scrappe....