mandag 8. juni 2009

Presanger til mine små

Eg elsker å shoppe, og spesielt ting og tang til mine kjære små. For det meste kle, men også småting som eg veit at dei liker. Men på den andre sida så synest eg ikkje noko om at dei skal få ting av meg i tide og utide.
Klesplagg får dei gjerne innimellom, og spesielt minstemann som ikkje merker når han får noko nytt... Men når eg kjøper ekstra fine klesplagg (som dei ikkje treng der og da) eller leiker/ting så sparer eg dei gjerne til bursdager, jul, adventskalender eller til andre anledninger.

Det blir litt nye ting i løpet av eit år, så det er ikkje alt dei får til jul og bursdag heller... om eg synest det blir for mange ting så eg sparer det enda litt lenger ;) Derfor har eg eit kott... eit presang-kott, der eg har esker med smågaver både til mine eigne unger og også gaver til søskenbarn eller venner av mine små. Veldig greit dei gongane vi ikkje rekk å reise på butikk før eit selskap! Eller når vi skal ha med oss gevinster til basarer som vi har her i bygda.

I dag fekk eg fleire pakker i posten *jippiii* Med ting som eg har kjøpt til dei små- men eg må nok holde meg i selen og vente litt med å gi dei det. Eg fekk Hannah Montanacrocs til eldstejenta (dei var kjempestilige!!) og røde crocs (Mary Jane) til mellomstejenta- begge bestillt fra utlandet. Dei har bursdag om ikkje så lenge og skal få skoa då.
Eg fekk også ein bokpakke (fra ein bokklubb); Den store sjørøverboka- så den tenker eg at vi sparer eit år eller to til minstemann begynner å interessere seg for det. Og ein pakke fra ein filmklubb eg er med i. Eg pleier å avbestille dei fleste månedlige filmane som eg får tilbud om å kjøpe, men denne gongen hadde eg bestillt filmer; Gråtassfilm, Byggmester Bob, Grease-boks og Hannah Montana spelekort.
Filmane kan det hende eg tar fram ein gong minstemann vil sjå film (er ikkje så ofte egentlig, sidan det er meir enn nok tv-titting). Men Hannah Montana korta sparer eg nok til adventskalender eller til jul.

1 kommentar:

  1. Det er jo kjempelur. Eg har allerede begynt på adventskalender til gullet! Sjølv om eg sikkert ikkje hadde hatt noko imot å handle dilleting i slutten av november og innpakking før 1.desember, så er det jo greit å kome seg litt på veg. Spesielt når ein veit at eksamener og forberedingar til USA-tur ligger og lurer!;)

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)