Viser innlegg med etiketten * Mimrestund. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten * Mimrestund. Vis alle innlegg

onsdag 18. mai 2011

Papirdukker

Av og til finn jentene fram mine (og mammas) gamle papirdukker og leiker med dei. Her er det mange minner :)


Barbie papirdukker i eiga bok



Det er visst ikkje alle som er klippt ut ein gong



Her er ein nyere versjon papirdukker. Byggmester Bob og Fiffi, som eg fekk sammen med noko som eg bestillte fra Barnegarderoben ein gong.

Kleda til Fiffi og Bob

Eg har tidligare skreve eit innlegg for Foreldremanualen om nokre av våre papirdukker: Gamle og nye papirdukker

Linker til gratis papirdukker som man kan skrive ut:





Ved å søke på "Free paperdolls" på google så dukker det opp mykje fint man kan printe ut sjølv.









torsdag 10. mars 2011

Gøy med puslespill

Det er gøy å pusle, så her om dagen fann eg og minstemann fram litt gamle... og litt nyere puslespill.
Her er det Postmann Pat som pusles.

Ei eske med fleire små-puslespill

Eg har nokre puslespill frå då eg sjølv var lita, så vi pusla desse for å sjå kor mange biter som mangla.

Sortering av biter til dei ulike puslespilla.

Her pusler minstemann eit fint dyrehage-puslespill som eg hadde då eg var lita. Desverre så mangla det både kanter og ein del biter til dette..

mandag 30. august 2010

Ungdommelig lesestoff fra 80- og 90 tallet

Her om dagen rydda eg i lesestoff som eg har frå då eg var litt yngre.
Eg var med i TL klubben, og hugser at eg likte å lese desse bøkene. No har eldstejenta begynt å lese dei :)


Vi hadde ikkje så stort utvalg av tv kanaler, så eg fekk ikkje sett nokre av dei populære ungdomsseriane som blei omtalt i bla. Topp og andre ungdomsblad. Men eg las ein del av bøkene...

Trekløveret- bokserien var også spennande lesing.

Tuppen og Lillemor, Starlet og Girls var også kjekt å lese

Og så likte eg New Kids On The Block, og då bladet deira kom ut så måtte eg jo selvfølgelig ha det :)

Nokre barneblad fra enda lenger tilbake


Dette Starlet'et trur eg at eg har kjøpt på ein brukt-bokhandel, for det kom ut før eg var født :)

Artig å finne fram desse gamle blada og bøkene, dei bringer tilbake mange fine minner. Rart å sjå tilbake og minnes at eg faktisk las ganske mykje den gongen. Etter at ungane mine blei født har eg knapt lese ei heil bok/roman. Spent på om ungane mine kjem til å lese like mykje.... Eldstejenta er godt i gang med å lese både Pennyklubb-bøker og TL-klubb bøker som eg hadde då eg var yngre.

tirsdag 25. mai 2010

Har dere Playmo i hus?

Eg har ein del Playmo frå då eg var lita, og desse leiker ungane mine med innimellom.

Eg synest ikkje det har vore så mykje snakk om Playmo dei siste åra. Det er kanskje ikkje så rart når det er så mykje anna flott å leike med. Men eg liker Playmoene, eg...


Når vi har vore på ferie, og vore innom butikker som sel ein del Playmo (sidan dei ikkje har hatt så mykje sånt heromkring- berre store pakker), så pleier eg å kjøpe med meg nokre småpakker som eg gir vekk til jul og bursdager (kanskje mest til mine eigne barn).

Det siste året har dei fått meir på butikkane her omkring også. Så kanskje har det begynt å bli meir populært igjen?



 No har vi litt nytt og ein del gammelt som dei små leiker med.



Hadde du Playmo då du var liten? Og har du eventuelt desse endå?

Leiker dine barn med Playmo?

mandag 24. mai 2010

På jakt etter gamle minner

I dag blei eg med pappa ein tur ut til bestemors hus. Ho døydde for 6 år sidan, og eg har lenge hatt lyst til å reise ut dit ein tur. For å sjå romma eg har minner fra, huset og uteområdet.

Sjølv om mange av møblane var vekke, og ting stod hutler i bulter, så var det fint å gå gjennom huset rom for rom. Fargane var der forsatt, og luktene... Luktene som minner meg om bestemor og huset hennar.

Nostalgisk å sjå gjennom bøker som kanskje er over 100 år gamle...

Fint å sjå minner som vi sjølve har bidratt med, bla. denne gipsfiguren som eg eller søstra mi har laga.


Dukke som eg pleide å leike med...


Kanskje er eg i slekt med nokre av desse på bildet? Det er mykje man skulle ha spurt om, hadde man berre brukt sjansen den gongen vi hadde den...

Kongehuset spela ei stor rolle i mange menneskers liv den gang da...

Ei nydelige, gammeldags barnevogn

Nydelige møbler som bestefar har laga (han døydde då eg var 1 år).

Det var godt å vere tilbake. Sjå på tinga og romma som eg kun har hatt eit minne om. No har eg tatt bilde av dei sånn at eg alltid kan sjå tilbake på dei når eg føler for det... og minnes.

torsdag 13. mai 2010

Nytt prosjekt: scrapper *A Week In The Life*

Tirsdag 11. mai

Eg har egentlig mange nok prosjekt på gang (både i hus og heim, og når det gjeld foto/scrapping).. men eg fekk likevel lyst til å scrappe ei veke i livet vårt. I familielivet vårt...

Ideen fekk eg fra Ali Edwards sin blogg
Ali Edwards blogg
Oversikt over innlegga hennar om dette emnet
og også Becky Higgins' Project Life

12. mai

Konseptet deira går vel i hovudsak ut på å dokumentere ein liten del av livet sitt (med spesielt foto og tekst), og samtidig gjere det på enklast mulig måte.
Tenk så kjekt det kan vere å sjå tilbake på eit sånt album- der det står veldig detaljert korleis denne veka i livet vårt har vore! Tenk kor annleis liva våres er når ungane blir større, når dagane, prioriteringane og rutinane er heilt annleis... kanskje ein då kan gjere dette prosjektet på nytt.?..

Tenk på alle dei små og store tinga i livet vårt... i kvardagen vår, som betyr litt eller mykje for oss no. Men som vi har gløymt om kort tid?  Eg får jo ein litt nostalgisk følelse av så sjå små ting som var ein del av livet mitt då eg var barn; ein leike, emballasje på mat eg likte, ting rundt meg på 80- og 90 tallet. Kanskje eit sånt prosjekt kjem til å få fram nostalgiske minner hos mine små når dei blir større ? (Og meg også..)

Samtidig som at dette prosjektet skal ta minst mulig tid, så tar det jo også ein del tid denne veka fordi eg tar mange bilder og eg skriv ned ganske mykje. Men det er jo berre denne veka+ den tida eg treng til å lage eit enkelt album om det heile. Eg vil iallfall prøve :)

Bildene ovenfor er nokre få av alle eg har tatt dei siste dagane... og eg har jo massevis av bilder av familiemedlemmer og anna, men dei vil eg ikkje legge ut her på nettet.

tirsdag 23. mars 2010

Ein søt, liten kopp

Fann denne i mammas skap og tok den med meg heim; koppen min ♥