søndag 14. juni 2009

Koselig barneselskap (med populære godteposer) og erfaringer fra tidligare selskap.

Jordbær Mathilde lys, bestillt fra ebay.

Jentene mine, som snart fyller 6 og 9 år, feirer bursdagene sine litt på forskudd sidan det er så mange som er på ferie på dei egentlige bursdagane deira. Dette har vi holdt på med sidan eldstejenta begynte å ha barneselskap med vennane sine for fleire år sidan... Eg kunne jo ha feira dagane deira når sommerferien er ferdig, men då er det så mange andre som også skal feire bursdagane sine. Derfor har dette vore ei fin løysing for oss :)

I dag var det mellomstejenta som skulle feire dagen sin, og aldri har ho gleda seg så mykje til feiringa si som i år! I går fekk ho vere med på å lage muffins og sjokoladekake- stor stas. Og ho måtte også vere med å rydde og vaske litt, men det var ikkje like kjekt (merkelig nok).

Vi laga muffins i desse tre formene; Jordbær Mathilde, Blues Clues og Hannah Montana (dei to førstnevnte har eg fra den gongen eg var Cacasforhandler). Vi laga muffins til eldstejentas selskap i samme slengen, ho skal feire dagen sin i morgon.
Blå muffinsformer til guttane.
Og rosa muffinsformer til jentene

Dagen i dag gjekk fort fram til selskapet skulle begynne, vi stod på badet og hadde nettopp fått på oss finekleda då den første gjesten kom. Merkelig det der... eg føler eg har så god kontroll kvelden før og at eg har bra tid dagen etterpå til dei siste forberedelsane- men så går dagen i eitt likevel og eg får knapt tid til å sette meg ned. Men eg lærer litt for kvart år :)
Muffins klare for ovnen.
Korleis det er best å legge opp festen lærer ein også etterkvart som ein har gjort det nokre gonger. I dette selskapet kom det 5 jenter og 4 gutter. Eg har tidligare tenkt at ungane er så opptatt av alle leikane vi har i hus, at vi ikkje treng å tenke på andre aktiviteter- men i fjor då slo det feil. Då måtte eg vri hjernen der og da for å komme på aktiviteter for å hindre bla. ganske høglydte aktiviteter som dei sjølve kom på. Så då las eg eit eventyr som eg tegna til, mens ungane fekk fruktfat der eplene hadde paraplyer på seg. Og vi tegna krone på prinsesse (alà tegne hale på grisen)...

Men i år gjekk dei to timane selskapet varte, veldig fort. Vi begynte med å leike flasketuten peiker på, der den som får flasketuten retta mot seg får gi gaven sin til bursdagsbarnet. Etterpå var det tid for mat. Vi var heldige med vèret og kunne sitte ute på terassen, men pga litt vind så hadde eg ikkje dekka på. Derfor ba eg ungene sette seg, og så dekka eg på etterpå. På menyen var det pølse med brød. Då dei var ferdige sprang dei litt rundt omkring, var litt inne og litt ute, og leika seg fint. Vi hadde allerede avtalt under maten at om nokon skulle hoppe på trampolina så skulle det berre vere to som hoppa om gongen.
Muffins med Mikke- og Minni mus pynt. Pynten var ringer som dei kunne ha på fingrane etterpå... en ring til kvar.

Etter litt leik, fann eg fram desserten som bestod av sjokoladekake og muffins. Muffinsene var populære (kanskje litt pga den fine pynten?), men det blei ikkje ete så mykje sjokoladekake.. Dei vart fort ferdige, og gjekk og leika igjen. Heilt ifrå festen begynte fekk eg spørsmål om kortid vi skulle ha skattejakt og godteposer, og dei fekk det kjedelige svaret at det måtte vi vente med til selskapet nesten var ferdig....


Men no var endelig tida inne. Eg laga til 10-11 lapper, sånn at kvar av dei skulle få åpne ein lapp kvar sin gong. På den første lappen tegna eg kor dei skulle finne den neste lappen, og på den neste lappen var det ei tegning der neste lapp var gøymt osv. til dei fann kista med alle godteposene oppi.
Som eg skreiv om tidligare ein dag, så har eg kjøpt litt "party-favors" på ebay. Og dette fekk ungene i godteposene sine i dag:

*Jentene fekk prinsesse-godteposer (fra Nille) med seigmenn, ein gullmynt, ein "lipstic-snop", to tatoveringer, ein mini-marrakas (fra ebay) og ei notisblokk med stempel (med "Marie" på, kjøpt på Nille).
* Guttane fekk det samme i Cars-godteposene sine, men fekk Ben10-armbånd istadenfor notisblokka. Og av dei guttane som visste kven (eller kva?... eg veit det knapt sjølv *hehe*) Ben10 er, så var det veldig populært.


Ungene fekk tatoveringer med dyr på idag. Dei andre skal vi spare til ein seinare anledning.

Deretter leika dei litt til før det blei henta. Og selskapet gjekk veldig bra :) Det at mellomstejenta mista si andre tann på slutten av dagen, gjorde det heile til ein ekstra spesiell dag for jenta mi.


Gaver ho fekk; Giraffhandkle, perlesett, aktivitetsbøker, fargeblyanter, Diddlina såper, Barbie magnet album, uteleiker m.m. (Endelig fekk ho sitt eige hoppetau og sitt eige hoppestrikk, no slepp ho å bruke storesøster sine).


Her er nokre av godtepose-tinga eg har kjøpt. Eg hadde tenkt at jentene skulle få plast-ringane, men så blei det notisblokk istedet. Og her er bilde av marrakassene og Mikke mus- ringene vi hadde på muffinsene. Tingeling-sjablongene sparer vi til ein anna gong.

Enda litt til som eg har kjøpt, og har tenkt å spare til ein gong seinare ( må jo bestille for nesten 200 kr når ein først handler i utlandet); alt til muffins. Cars, køyretøy og Littlest Pet shop-ringer.

Dette innlegget er med i månedens tema, Bare Barnemat og også Barnebursdag, hos Foreldremanualen.

3 kommentarer:

  1. Høres ut som ein kjempefin bursdag for Vilde!! Og så flink som du har vore til å finne på ting til godisposane og kjempelekre muffins! Tipper det blei en super dag for bursdagsbornet ja, og i tillegg miste si andre tann. Stas!! :D

    SvarSlett
  2. Her var det mange gode tips som jeg tar med meg på veien... ;-)

    SvarSlett
  3. Så flink du har vært!!!


    jeg kjenner jeg sitter her å håper at lara blir 4 og ikke 2år når hun snart har bursdag... For jeg å vil lage til selskap..

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)