tirsdag 30. juni 2009

Katvig og lillepus

Eg har lenge likt Katvig sine kle, og eplemønsteret.. sjølv om det ikkje er alle plagga eg kunne tenke meg å kjøpe. Men eg elsker desse kjolane og genseren, og det er så kjekt å kunne kle dei små i matchende kle av og til :)


På denne LO'en har eg bla. brukt ein merkelapp fra eit Katvig-plagg.


Minstemann og lillepusen vår. Minstemann var så glad i denne lille pusen... leika bla. med biler ved sidan av den då den var så liten at den berre låg i kassen sin. Lillepusen og mammapusen stakk av ei veke før vi skulle gi fra oss lillepus (i fjor). Vi reiste på ferie rett etterpå, så derfor gløymte minstemann den lille pusen- hadde det ikkje vore for at vi dro på tur så hadde han nok lurt på kor lillepusen blei av. Men sånne små gløymer gjerne fort. Mammapusen høyrte vi at hadde blitt sett i ettertid på nabogårdene, men lillepus såg vi aldri igjen...

Er så glad i dette bildet, for det viser kor glad minstemann var i pusen sin.

2 kommentarer:

  1. Kjempe fin side Linda:) Du e so flink med scrapping.

    June

    SvarSlett
  2. Så flott den med minstemann og pus var! Fint med så mye journaling på. Tøft merke med katten :)

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)