onsdag 1. juli 2009

Elfquest- eit barndomsminne

(cover to the DC-published Elfquest Archives Volume 1 by Wendy and Richard Pini, cover art by Wendy Pini)

For ei stund sidan dukke det opp eit bilde på netthinna mi, eit minne fra noko eg hadde sett ein gong, fra noko eg hadde minne til å ha lest fleire gonger. Eg fann til slutt ut kor eg hadde dette fra; Elfquest.

Eg hugser ikkje så mykje av kva serien handla om, men eg hugsa nokre av alvene og figurane som var med og at det var noko med hovudpersonen som fengsla meg. Eg trur eg har minnene fra den gongen mamma jobba i matbutikk og eg fekk lese blader og magasin før dei blei satt ut i butikken for salg.

Så for å mimre litt tilbake og sjå kva eg hugser så søkte eg litt på nett- og minnene kom tilbake. Eg har lenge vore fascinert av alver. For nokre år sidan kjøpte eg ein alvekjole til mellomstejenta då eg var i England, og på barnerommet har eg wallies med alver på veggane. Kan interessen for alver vere fra denne gongen, eller er det berre noko som alltid har vore der...?...
















Fra Wikipedia:

Elfquest (Alvefolket på norsk), er ei amerikansk teikneserie som vart påbyrja
i 1978, og opphaveleg
skapt av ekteparet Wendy
Pini
og Richard
Pini
. Serien kan reknast til fantasy-sjangeren. Serien blandar dette med ein
dose Science fiction.

Handlinga i teikneseria går føre seg på ein planet med to månar, der det
først og fremst bur menneske, men attåt mytiske vette som alvar, troll og andre vesen. Alvane er
skilde i ulike stammar, og handlinga i serien følgjer lagnaden til
ulveryttarane, ei serskild grein av alvar, og hovdingen deira, Cutter (Skarpegg
på norsk). Nemninga «quest» viser til den opphavelege soga, som er ei leiting
etter opphavet til alvane på den tomåna planeten, og kvifor dei er der.

Med tida vart Elfquest svært populært, og serien fekk mange avleggarar, og
det vart tilsett nye teiknarar. Serien hadde ein topp om lag midt på 1990-talet. Etter det har
interessa dala noko, men det vart laga teiknefilmar av serien, og
mellom anna vart det freista på ein TV-serie i same ånda. I dag har serien ein
trufast fan-skare.


Elfquest nettside, her fann eg blada og kunne lese i dei online: elfquest.com


(Bilda i innlegget er funne på nettet)

1 kommentar:

  1. Jammen husker eg desse eg og!! Så vidt;) Og alver er jo berre best!:D

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)