Eg elsker å ta bilder, men kva er vitsen med alle bildene om eg ikkje får vist dei fram til familien? Dei må jo få sjå bildene som eg tar av dei... Eg må skjerpe meg her, og sette meg ned og lage masse fotobøker. Og eg har begynt, såvidt... no held eg på med jula 2007, og det hadde vore så kjekt å komme fram til no ganske nylig for det er jo ofte dei siste bilda som er kjekkast å bruke og vise fram.
Eg har komt fram til at den beste løysinga for meg er å lage fotobøker på nett, og framkalle dei fiks-ferdig i album. Eg vann eit gavekort hos Japan Photo for eit par år sidan, og fekk såvidt laga ei fotobok før gavekortet gjekk ut. Resultatet blei bra, og det er veldig kjekt for minstemann å ta fram dette albumet og vise dei flotte traktorane som eg har tatt bilde av han ved. Og det er ein av dei tinga som er så bra med desse fotobøkene- at ein ikkje treng å vere redd for at dei små skal ødelegge sidene når dei blar i dei, for fotobok-sidene tåler litt meir enn vanlige fotoalbum og er ikkje pynta med alt mulig rart som eg kanskje hadde vore redd for at dei kom til å ødelegge. Det at eg kan velge kor store bilder eg vil ha på kvar side, gjer også at eg liker å lage sånne bøker. Enkelt og lettvint.
Bildene mine fram til i dag
Dei første bildene eg tok etter at eg blei mamma, satte eg inn i album med lommer i. Veldig greit å berre putte dei inn i der etterkvart (dette er jo egentlig den minst tidkrevande måten å gjere det på).
Då eg blei tobarnsmamma valgte eg på eit punkt å gjere litt meir med bildene mine, så eg begynte å lime dei inn i fotoalbum. For eg ønska å skrive meir til bildene, få med meir historie og tanker rundt motiv og situasjon. Og som sagt så gjort... bilda tatt fra 2000-2003 blei limt inn i full fart, uten noko særlig tekst og pynt, for eg tenkte at eg heller kunne gå tilbake å gjere det seinare. Mens eg etterkvart komt fram til at det var lurt å gjere sånt med ein gong, for ein får ikkje alltid tid til å gjere sånne ting som ein har tenkt å gjere seinare (merkelig nok).
Så kom barn nr 3 og eg begynte etterkvart å scrappe...
Det året minstemann kom til verden stoppa alt litt opp. Eg utforska scrappeverdenen litt, og surfa mykje på nett- men rakk ikkje så mykje (fordi eg blei sittandes i timesvis ved ei pumpemaskin- sidan vi ikkje fekk til amminga denne gongen). Eg kom litt på etterskudd.
Etterkvart blei det til at eg tok meir og meir bilder, fekk nye (og fleire fotoapparat) og utforska fotoverdenen litt meir. Plutselig hadde eg mange (kanskje alt for mange) fotoprosjekt på gang; innliming i album, scrappe LO'er og lage fotobøker på nett. I tillegg til babybøkene deira som også burde vore gjort ferdige.
Ståa i bildeverdenen min i dag
Pr dags dato har eg bilder fra april 2007- høsten 2007 som eg vil lime inn i fotoalbum (bildene før den tid er komt i album).
Bildene fra august 2007- desember 2007 har eg laga fotobok av, og eg har komt igang med å lage bok nr 2 fra jula 2007 og utover. Dette skal eg prøve å prioritere framover, sånn at eg snart kan komme fram til dagen i dag.
Eg lager denne typen fotobøker for å bla. få vist fram alle kvardagsbildene eg tar- så ungene får litt glede igjen for alle bilder dei har måtta stille opp på (hehe). Og det er så kjekt å kunne velge sjølv kor store bilder eg vil ha på kvar side. Eg kan ha mange små, eller nokre få store.
I tillegg så framkaller eg dei bildene som betyr mest for meg (dei finaste og dei som har ei spesiell historie eller minner knytt til seg) og scrapper desse. Eg scrapper ikkje i kronologisk rekkefølge. Eg bruker det bildet (eller dei bilda) eg føler for å scrappe der og da, og så har ungene kvar sine album som eg setter LO'ene inn i.
Tekst i fotobøker, album og på LO'er
Då eg fekk førstemann noterte eg meg ned litt småting innimellom, men då eg fekk nr 2 og ville sjå tilbake på kva som hadde skjedd då eg fekk mitt første barn så innsåg eg at eg hadde skreve alt for lite (syntest eg). Og etter det har det blitt til at eg noterer meg meir og meir fra livet vårt. Litt for min eigen del, men også for mine barn sin del- for eg føler meg så gløymsk og eg er redd for å gløyme alle dei små tinga som preger livet vårt no. Det at eg har begynt å scrappe, og plukker opp ein del tips til "journaling" (tekst) gjer til at eg etterkvart har notert meg ganske mykje.
- Eg har ei online dagbok (dinbaby.com) som eg har skreve i sidan eg fekk mellomstejenta. Denne er passordbeskytta og kun eg som kan lese. Her skriv eg om familielivet vårt. Det kan vere ein heilt vanlig dag, eller spesielle anledninger. Litt om utvikling og nye ting dei lærer seg, ord dei seier eller referat fra foreldresamtaler. Ei dagbok som eg skriv ut med jevne mellomrom for å kunne bruke litt av det som tekst til album, fotobøker eller LO'er.
- Eg har filofaxen min, der eg skriv inn små ting som eg vil hugse. Det kan vere ei historie rundt eit bilde eg har tatt (sånn at eg hugser grunnen til at eg tok dette bildet, eller følelsen/reaksjonen eg eller barnet hadde i denne situasjonen). Det kan vere kva vi har gjort denne dagen, med enkle ord (som eg seinare kan føre inn i dinbaby-dagboka) eller andre småting.
- I det siste har eg også begynt med ei ny dagbok, som ligg på pc'en min. Denne er passordbeskytta og kun eg som kan lese. Her skriv eg ned mine eigne følelser og tanker eg føler for å skrive av meg og eg har også lagt inn maler som eg kan bruke for å enkelt "dokumentere" meg sjølv og ungene mine (eg har skreve om det tidligare i denne bloggen). Ein av malene handler om kva favoritter barna mine har, ein av dei handler om korleis barnet mitt er der og da (med tanke på utvikling, interesser, humør, rutiner o.l).
Dette gjer eg for å skrive meir utfyllende historier og tanker om bildenen mine når eg ein gong tar dei fram og får satt dei inn i album (enten i fotobøker, i album eller på LO'er). Eg at tenker det vil vere kjekt for ungene å sjå tilbake på bildene og lese kva vi gjorde, kva vi/dei sa, kva dei likte/ ikkje likte, korleis dei reagerte på ulike ting, kvardagslige ting/vaner og følelser som blir vist på bilda.