torsdag 20. august 2009

Sommerfuglparken ~ eit lite paradis


Eg har lenge hatt lyst til å besøk ein sommerfuglpark, og blei glad då eg fann ut at dei hadde ein der vi var på ferie i sommer; i Arendal.
Først var vi inne i parken ei lita stund, heile familien, før vi gjekk ut for å ete lunsj. Etterpå måtte eg inn att, for eg hadde ikkje sett meg ferdig- mens familien hadde sett nok. Derfor reiste mann og barn på ein liten køyretur, og leika deretter på leikeplassen. Mens mor fekk nyte sommerfuglparken ei stund til.


Då vi kom inn i huset, der parken befann seg, gjekk vi først gjennom ein gang der dei hadde ulike reptiler.
I løpet av dagen kunne ein vere med å sjå på at dei fekk mat. Då blei nokre av reptilane tekne ut av buret, sånn at dei besøkande kunne sjå litt nærmare på dei, holde dei og mate dei, viss ein ville.


Eg fekk sett denne på nært hald to gonger. Først under matinga, då fleire familier fulgte spent med på det heile. Litt seinare på dagen blei den vist fram til ei mindre gruppe som ønska å sjå nærmare på den- dette var då eg var aleine i parken og resten av familien min var på tur. Eg fekk tilbud om å holde den, og tenkte "kvifor ikkje?"... Så eg fekk den opp på armen min... litt usikker, for tenk om den kom til å bite eller noko!.... Men det gjekk bra, og eg strauk den over ryggen. Eg har aldri holdt sånne før, men det var ikkje så verst faktisk.
Typisk at ikkje mannen var der og kunne ta bilde, når eg no hadde tatt mot til meg og holdt den (det samme skjedde for nokre år sidan då vi var inne hos apene i dyreparken... plutselig hadde eg ein liten ape på skuldra mi- så artig! Øyeblikk eg kunne ha tenkt meg å ha foreviga. Men då stod mannen utanfor sammen med minstemann, mens mellomstejenta blei redd og ville ut derifra fortast mulig)..


Denne var visst gammel og gretten, blei vi fortalt :)



Så entra vi sjølve sommerfuglparken... Og det var ein fin følelse å komme inn der... i varmen.. og sommerfuglane flaug overalt! Eit sommerfuglparadis ♥
Dei flaug over hovuda på oss, og stod på planter, vegger, tak og overalt ♥







Det tok ei stund før eg skjønte at sommerfuglen ovanfor, var den nydelige, blå sommerfuglen som eg leitte etter for å få tatt eit fint bilde av ...

Denne typen sommerfugl pleide mest å ha vingene sammen når den stod i ro, men eg fann til slutt eit par stykker som viste fram sine flotte, blå farger.

Ein gong skal også denne lille karen (?) bli til ein stor, flygende sommerfugl.





Minner meg om karamell...



Sommerfuglparken ligg inne på Hove leirsenter på Tromøy, 11 km utanfor Arendal sentrum.

5 kommentarer:

  1. Så modig du var. Jeg for min del ble nesten flydd ned av en ørn i Odense Zoo, var livredd

    SvarSlett
  2. Wow for noen flotte bilder!!! Du er kjempeflink:)

    SvarSlett
  3. Hei på deg! Så koselig med en hilsen fra deg på bloggen min. For noen nydelige bilder du viser! Ha en god helg. :)

    SvarSlett
  4. Så pene bilete!! Den karamell-sommerfuglen var kjempefin! :) Så kult at du har holdt ein sånn skapning, hehe.... Tøft;)

    SvarSlett
  5. Så mange flotte bilder du har klart å ta. Helt utrolig, og med en mobil??

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)