lørdag 1. august 2009

Nye og gamle dukker og ponnyer

I neste veke skal vi sende avgårde ein del gamle og lite brukte kle til dei som treng det i Russland. Så i dag såg eg og jentene gjennom nesten alle leikane deira for å sjå om vi kanskje kunne gi vekk noko av det. Vi begynte med små-dukkene og Barbiene, og dei la alle dukkene utover golvet. Og så plukka vi ut dei vi måtte beholde, for så å sjå hvilke av dukkene jentene ikkje leika noko særlig med, og som vi kunne gi vekk. Vi gjorde det samme med ponnyene, bamsane og dei store dukkene. Ein del av leikane deira har dei fra då eg og søstra mi var små, og noko av det kunne vi gi vekk... men ikkje alt. For noko leika jentene mykje med, og noko klarte eg ikkje å gi slipp på enda ;)

Vi fekk lyst til å ta bilder av nokre av dei kjære leikane våre, og også nokre av dei vi skulle gi vekk:

Notidas dukker og ponnyer:
Søt liten ponny

Litt større og fin ponny
Lita dukke med løvekostyme
Mariposa-Barbie
Dukker og ponnyer fra 80-talet:
Skipper (vanskelig å gi fra seg, så den måtte vi beholde)


Sindy (må også beholdes)


Ken (mannen til Barbie)



Dukke fra tv-serien om Punky Brewster (dette var veninna til Punky)


My Little Pony'ene mine. Den lille, søte i midten hadde ein gong ei vogn med parasoll.


Og så hadde eg ein sånn søt fugl


Denne søte dukka tar nok veien til Russland, trur eg. Vanskelig valg, men vi treng ikkje alle dukkene vi har...

Denne reiser nok også avgårde, og eg håper den kan glede ei lita russisk jente.

Litt fleire My Little Pony'er fra "the good old days"

Denne søte alvejenta hadde ein alvebror. Eg var nok allerede då litt fascinert av alver :)
I morgon må eg ta for meg biler, køyretøy og andre leiker som vi ikkje fekk sett gjennom i dag (er heldigvis ikkje så veldig mykje igjen). Det var godt å få eit ryddig barnerom i dag, og få sortert ut det vi ikkje treng. No har eg 3-4 poser med små og store dukke-kle som må vaskes. Eg frykter at pumpa i vaskemaskina er ødelagt, så eg må kanskje vente til over helga med det. Eg har vaska gamle og ubrukte kle fra morgon til kveld i det siste, så det er kanskje ikkje så rart at den er blitt utslitt...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)