torsdag 27. august 2009

Eldstejentas rom ~ før og etter

Heste-wallies på døra

Etter å ha delt rom med lillesøster fekk eldstejenta endelig sitt eige rom i fjor høst. Det var fint at ho då endelig fekk ein plass til kun sine eigne ting, litt store ting og mange små. Og kunne ha det meir tilgjengelig, og meir på utstilling (sånn som jenter gjerne liker å ha det).


Sånn såg utgangspunktet ut. Eit roterom som kun blei brukt til oppbevaring.... Denne etasjen var ikkje så mykje i bruk den gongen, og det var vel ein av grunnane til at det såg sånn ut. No er etasjen og alle romma meir i bruk, og eg merker at oppbevaringsplassen har blitt mykje mindre.

Først måtte alt rotet ut, og så kunne det begynne å jobbes..

Eg ønska å få tatt i bruk litt av tomrommet som var ved sidan av rommet (under skråtaket)- greit med all plassen ein kan få :) Så derfor laga vi eit "ekstra-rom"... ei lita hule... eller eit hemmelig rom.
Ho ønska seg blått tak med stjerner på, så dét måtte ho jo få :)
Og sånn blei resultatet:
Her var det kjekt å flytte inn!
Desse flotte, lystette gardinene fann eg på princess.



Og sånn blei den lille, lune hula i veggen. Først hadde vi tenkt å ha to vindu (som bildet lenger oppe viser)- men vi kom fram til at denne løysinga var bedre.
No har det gått eitt år, vi har satt inn eit par hyller og hula har fått gardiner foran. Eldstejenta har satt sitt eige preg på rommet med ting, pynt og plakater. Bilde av dette kjem kanskje seinere ein gang.

2 kommentarer:

  1. Hei hei!Takk for koselig hilsen!Wow for en forvandling!Veldig fint ble det!Ønsker deg en fin helg!
    Klem fra Lotta:)

    SvarSlett
  2. Så lurt! :)

    Har noe til deg på bloggen min i dag!

    www.interno.no

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)