lørdag 1. august 2009

Barnerom før og etter...

What a mess!! Sånn såg barnerommet til dei to minste ut i dag, mens vi holdt på å rydde og sjå gjennom leikane deira. Det såg ryddigere ut før vi begynte, men enda ryddigere etterpå ;)
Dette var etter at vi hadde sett gjennom ponnyene, dukkene og bamsene.... og mens eg holdt på å sortere i dukkekle for vasking og kasting. Og i alt dette rotet er det faktisk eit system :)



Barbiedukker og andre dukker på rad og rekke for sortering :) Halvparten er fra mine unge år, mens dei andre er fra nyere tider.

Og sånn er rommet i ryddig tilstand:

Ryddig.... så lenge det varer ;)

Sånn ser altså barnerommet til dei to minste ut. Vi pussa opp og bygde på huset for ca. 4 år sidan, og då fekk ungane dette store, flotte rommet. Den gongen var det jentene som flytta inn, og det bærer rommet preg av med sitt lyserosa tak, rosa tepper, rosa gardiner og "jentete" wallies (sjå bilde lenger nede i innlegget). No har eldstejenta fått sitt eige rom, mens minstemann flytta inn hit til mellomstejenta. Det er ikkje så mykje guttepreg over det enda- men han har no fått ei "ridder"-lampe fra IKEA ved senga si :)

På andre sida av rommet har mellomstejenta senga si. Ho har blomsterlampe, og også ei bordlampe (begge fra IKEA) som står på orgelet. Orgelet er svigers sitt, og har vore vekk-plassert hos andre ei stund. Men så kom det tilbake på gården... og kor i alle dager skulle vi plassere det? Valget fall på barnerommet. Og her står det foreløpig godt. Den første tida våkna vi til orgelmusikk om morningane (rommet vårt ligg ved sidan av) hehe... No er det mest når ungane har besøk at dei speler på det, eller når dei "lager musikk".
Den store Skofus-bamsen vann eldstejenta i ein tegnekonkurranse eit år (tidligare har jentene også vunne kvar sin lille Skofus-bamse).

Mellomstejenta skal begynne på skulen til høsten, så det kjem nok til å forandres litt her inne- for ho må jo få sin eigen pult (sjølv om leksene som oftest blir gjort i stua). Usikker på om pulten blir kjøpt eller om mannen lager ein... uansett så må ho få seg litt hyller også, der ho kan ha små og store duppeditter- og kanskje få ha dei ifred.
Rommet er så stort at det kan deles i to (det er to lamper i rommet nettopp pga at det kunne bli aktuelt ein gong), men det blir kanskje berre satt opp ein skillevegg eller noko no i første omgang.


Utstilling av dei kjæraste kosebamsane hennar.


Resten av rommet på mellomstejentas side, med bokhylle til nokre av bøkene deira. Mellom senga og kottet er det ei lita dør inn til eit kott, som vi kan bruke til oppbevaring og også som eit lite ekstra, hemmelig rom til dei små.


På minstemanns side av rommet står vogner, dukkehus, kurver og også litt av mine ting oppstillt på rad og rekke. Sidan rommet deira er stå stort så har eg måtta låne ein liten del av rommet deira til oppbevaring. Inne i skapa har dei litt av leikane sine.



På veggen har vi blomster- og alvewallies.

" A closer look" på alvane... Synest dei er så fine. Har kjøpt nokre wallies med biler på også, for minstemann sin del. Men nokre ting tar tid her i huset, så dei er ikkje komt på veggen (eller leikekassen eller kommoden) enda.




Innsida av leikeskapet. Ikkje alltid så lett å lage skap der det er skråvegg, men mannen visste råd. Alle tre skapdørene på veggen går inn til det samme skapet...


Minstemann har ein del av leikane sine i stua enn så lenge, mens eg har plassert ein del av jentene sine leiker i bokser på soverommet vårt. Dette for å prøve å holde rommet deira ryddigere... Leiker har jo ein tendens til å bli liggande utover alt, spesielt viss dei har små gjester på besøk. Derfor har eg sagt at dei kan få ta ut boksane når dei treng dei, men helst berre ein om gangen og då må dei sette den på plass igjen etterpå. Dèt er det ikkje alltid like enkelt å hugse på, men dette fungerer iallfall bedre enn om alt hadde stått tilgjengelig på barnerommet.



Inn mot barnerommet har vi ein lang gang, og den eine veggen har vi "dekorert" med lister med klesklyper ;) Her kan ungane henge opp kunstverka sine og andre bilder dei måtte ønske å vise fram (ideen fekk eg i bladet "Mamma" ein gong).
Nokre gonger setter vi opp telta deira på barnerommet:

Og sånn hadde vi det tidligare, med blomsterlamper på begge sider, og bord (innimellom med stoler også) istedenfor orgel :) Her hadde vi også eit svart og kvitt teppe av ull, på golvet. Veva med ull fra jentenes sauer:

3 kommentarer:

  1. kjempekoslig rom da:) stoort å lyst..

    forresten kjempelurt det med å oppbevare noen av lekene på deres rom.. Tror det må bli noe sånn her også.. for de har aaaaltfor mye

    SvarSlett
  2. Nice blog...
    Have a nice day.

    SvarSlett
  3. Oj, her var det mye å kommentere! ;-)

    Først: De før og etter bildene var noen av de bedre jeg har sett! :-D

    Og så vanvittig mye Barbiedukker! Fikk meg til å undres over hvor det er blitt av alle de jeg hadde da jeg var liten! Og om gutta mine hadde likt å leke med de?

    Klesklypelisten likte jeg kjempegodt! Og så var det supersøtt med to rosa telt på rommet - heldige unger som har god plass til det! ;-)

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)