mandag 24. august 2009

Vi scrappet på ein kjole

framme
Eldstejenta skulle på karneval, og det blei oppfordra til å vere kreative med tanke på kostyme. Bruke noko ein hadde, istedet for å kjøpe noko nytt. Så det var då eg kom på ideen; at vi kunne pynte ein gammel kjole (fra då eg var lita) med scrappepynt. Og som sagt så gjort.

Framsida pynta vi med glansbilder (blomstrane) og tråder med barneperler i.
Edlstejenta teikna mønster på kjolen med tusj, og stempla på den (hjerter med hest i). Vi laga fleire snorer med barneperler i, og limte blomster og raindrops på den. Nederst på blondekanten festa vi brads (splittbinders) på rekke og rad.
Det samme gjorde vi på baksida av kjolen. Limte på pynt, og eldstejenta teikna og stempla.


Det var morsomt å bruke scrappepynt o.l på ein anna måte. Og gjere noko ut av ein gammel og slitt barnekjole :)

2 kommentarer:

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)