fredag 28. august 2009

Søte trolljenter og dragegutt

Eit lite innlegg om nokre skjønne klesplagg som eg kjøpte ein gong. Vi har ein butikk, ikkje så alt for langt vekke, der dei selger desse flotte kleda og andre nydelige klesplagg. Akkurat desse kleda er vel kanskje ikkje i salg lenger (er 3 år sidan eg kjøpte dei)... drage-genseren som gutten min har på seg her er str 86. På desse bilda er han 3 år, så då er det forståelig at den er blitt litt kort i armane :)

Eg klarte heller ikkje å motstå denne skjønne drage-lua som han brukte då han mindre.


Og så var det desse troll-kåpene som eg heller ikkje klarte å gå ifra.. Syntest dei var å skjønne ♥ Og det at det ikkje er så mange andre som har sånne gjer jo at dei blir litt ekstra spesielle. Kåpene har passa i 2-3 år no... så eg er spent på om dei passer i år også. Om den minste ikkje passer til mellomstejenta, så kan ho sikkert bruke eldstejenta si.



Søte trollhaler i hetta

Nettbutikken kan du finne her: http://www.orionimport.no/ - her står det at sida er under oppdatering. Men viss du går til denne linken Blåpelikan (som ligg under orionimport.no), kan du sjå nokre av varene dei har.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)