lørdag 29. august 2009

Tips til oppbevaring av bæreposer

Det samler seg opp ein del bæreposer i huset, og no har eg søkt på nettet for å få tips til oppbevaring av poser. På kjøkkenet har eg ein "posepose" som eg sydde ein gong, men det frister ikkje noko særlig å sy sjølv (sjølv om dei er enkle å lage). Denne er iallfall veldig god å ha, men ikkje stor nok. Så på vaskerommet har eg hengt opp tre bæreposer, der eg samler resten av posane i. Ein pose til store poser, ein til dei vanlige og ein til dei små. Men eg ønsker noko som tar mindre plass.

Her er nokre av tipsa eg fann på nett:
Denne minnte meg om sånne bokser som eg kjøper til bla. gryn, makaroni o.l. Så det kan ein jo bruke. Les meir om denne boksen og oppbevaringsmulighetene her: http://organizerightnow.wordpress.com/2009/08/12/organizing-green-organizing-idea/

Her er det blitt brukt ei tom brusboks-eske. Les meir her: http://www.inspiremecrafts.com/inspireme_crafts/2008/04/gotta-make-it-1.html

http://www.myrecycledbags.com/2008/06/24/recycle-a-cup-into-a-plastic-bag-keeper/#more-409
Denne virker jo veldig grei å lage (av eit tomt (og stort) drikkebeger) :) Oppskrifta ligg på nettsida.


Andre tips eg fann:
  • Melkekartonger, lages på nesten samme måte som drikkebegeret. Lag eit hòl botnen, der ein kan dra ut posane.
  • Tomme kleenex-bokser (har eit par fine kleenexbokser faktisk- trur eg går for denne ideen! Spørs kor mange eg får plass til i ein boks ;) ). Ein kan også dekorere boksene med eigne papir.
  • Andre tomme bokser (td. dei ein har til baby-vaskeservietter)
  • Link til korleis sy posepose: http://www.marthastewart.com/goodthings/pretty-plastic-bag-organizer
Dette var eit av dagens nett-søk, og eg fann ein oppbevaringsmåte som eg likte :) Den skal testes ut i morgon.

Dette innlegget er med i månedens tema  Ordning og reda, hos Foreldremanualen.

1 kommentar:

  1. Eller den kvite pose-oppbevaringshylla på CASA INTERIØR! Den skal iallfall eg ha;) Men om du leitar etter billige måtar, er jo ikkje det den "luraste" ;P

    SvarSlett

Set stor pris på kommentarer, om du ikkje har konto så merker du innlegget med "anonym" :)